29.07.2013 Views

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

sysselmannen seg eit eige fartøy som fekk det

tidlegare brukte namnet Nordsyssel.

Manns- og kvinnenamn:

Mange ishavsskuter fekk kvinne- eller

mannsnamn: Arild, Thor, Håkon, Asbjørn,

Aslak, Dag, Fridtjof, Harald, Leidolf, Berntine,

Fredrikke, Gjøa, Minna, Malula, Anna, Anni I,

Gunhild, Helga, Marta, Hulda, Johanne

Karoline, Randi, Kari (Veslekari), Mari

(Veslemari).

Malula

Ein del – truleg ganske mange - av desse

skutene fekk namn etter personar i nær familie

med tingarane. Det gjaldt Gjøa, som fekk namn

etter kona til tingaren av skuta. Det gjaldt også

Malula, som fekk namn etter dotter til ein av

tingarane, russaren Mikhail Rostsjakovski.

Rostsjakovski var ein russisk adelsmann og

offiser som flykta frå Russland i samband med

revolusjonen i 1917. Han slo seg ned i Espevær

i Sunnhordland og innleidde samarbeid med

fiske- og fangstreiar Berner Garvik i Espevær.

Ei av skutene deira fekk namnet Malula. Det er

oppkalling etter dotter til Rostsjakovski. Ho

heitte Maria og hadde tilnamnet Malula.

Andre skutenamn hadde svakare tilknyting til

familieforhold – eller kanskje ingen.

Skutenamn som Veslekari og Veslemari (og

Vesleper) kan like gjerne ha blitt inspirert av

namn frå folkeviser.

Religion/mytologi/overtru:

Sjøfolk og ishavsfolk vart ofte rekna som litt

overtruiske. I alle fall var det nokså uvanleg å

segle ut på ein fredag, ein dag som vart rekna

som ulykkesdag. Frå overtru kjenner ein

omgrepet havfrue som eit vesen i det maritime.

Det gav også opphav til skutenamnet Havfruen.

Frå nordisk mytologi har ishavsskuter fått

desse namna: Odin, Sleipner, Gungnir,

Gjallarhorn, Ægir, Aarvak.

Ægir er lett å forstå som skutenamn. I norrøn

mytologi var det namn på havguden. Også

Gungnir let seg forstå som skutenamn. I

mytologien var det Odin sitt magiske spyd –

venteleg også godt brukbart som harpun!

Gungnir.

Det er verre å forstå kvifor hestenamn frå

mytologien vart brukt som skutenamn. Ordet

hest og namn og nemningar i tilknyting til hest

er tradisjonelt tabu på sjøen fordi det tyder

ulykke. Sleipner har vore namn på ei lang

rekkje fartøy, også fleire ishavsskuter. Ei av dei

var eitt av pionerfartøya frå Sunnmøre i 1898,

med Jonas Fuglevik som skipper. I mytologien

var Sleipner (Sleipnir) Odin sin hest med åtte

bein.

Aarvak skal i mytologien ha vore ein hest som

drog sola over himmelkvelvingen. (Ei anna sak

er at i ishavsmiljøet har folkehumoren gjort

skutenamnet Aarvak heller lite mytologisk ved

å lese det baklengs: ‟Kavrå‟).

Vanskelegast å forstå som skutenamn er

kanskje Gjallarhorn. Det var i mytologien

guden Heimdall sin lur. Det var den han skulle

bruke til å varsle ranarok. Ikkje heilt lett å

forstå at nokon ønskte å dra på ishavet med ei

skute med slikt namn. Namnet har også ved ein

del høve vorte feilskrive som Hjallarhorn.

Isflaket side | 15

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!