29.07.2013 Views

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Newfoundlandsfeltet 1949

Av Magnus Sefland

Interessante fotografi frå

newfoundlandsfeltet i 1949:

Redaksjonen i Isflaket fekk for ei tid sidan

oversendt fleire interessante fotografi frå

fangstsesongen ved Newfoundland i 1949.

Utlånar av fotografia var Roy Myrseth i

Vannareid i Karlsøy i Troms. Han har

fotografia etter far sin, som i 1949 var

fangstmann på Quest.

Granne til Roy Myrseth i Vannareid er Kjell-G.

Kjær, driven polarhistorikar og i mange år ein

nær venn av Ishavsmuseet i Brandal. Kjær fekk

hand om bilda i samband med arbeid med

årbok for Karlsøy. Han såg med ein gong –

heilt rett - at dette også hadde interesse for

Isflaket og Ishavsmuseet i Brandal. Han sytte

for at fotografia vart oversendt til Brandal. Stor

takk går til både Roy Myrseth og Kjell-G.

Kjær.

Tre skuter på eitt fotografi: I førre nummer

av Isflaket presenterte redaksjonen eit fotografi

av tre skuter i lag – alle med baugen meir eller

mindre rett mot fotografen. Lesarane vart bedt

om å hjelpe til med å identifisere skutene.

Etter ein del diskusjon i redaksjonen trur vi at

skutene er, frå venstre Veslekari av Vartdal,

Isflora av Brandal og den kanadiske skuta

Illinois av Halifax. Foto frå Roy Myrseth

Veslekari: Skuta vart levert frå

byggjeverkstaden i Asker i 1918, som ei av dei

største og mest sterkbygde skutene fram til då.

I 1949 hadde Veslekari bak seg fangst i

Kvitsjøen og Vestisen, ei rekkje ekspedisjonar

og bergingsaksjonar på 1920- og 1930-talet, og

forsyningsinnsats i andre verdskrig – alt med

dampmaskin som framdrift.

I 1949 hadde Veslekari fått dieselframdrift, ein

Crossley på 600 hk, og kunne for første gong

gjere turen over havet til Newfoundland

(Ottesen 2001).

Skipper på Veslekari i 1949 var Einar Liavåg

frå Brandal. Han hadde ishavsblod i årane.

Faren var Severin Liavåg, som var skipper og

ekspedisjonsleiar på

overvintringsekspedisjonen med Floren til

Nordaust-Grønland i 1908/09. Einar sjølv var

matros på Norvegia ved omseglinga av

Antarktis i 1930/31. Ved overseglinga til

Newfoundland i 1939 var Einar andreskyttar på

Polaris. Ved berginga av folka frå Saltdalingen

var Einar hamlemann i fangstbåten som i

stormveret rodde over til vraket av Saltdalingen

og tok sju mann i to vendingar (Nordanger

1980).

1949 var også

året då

stålskuta

Polarstar av

Brandal var ny

på fangst ved

Newfoundland

. Polarstar var

den gong ei

nyvinning på

fleire måtar:

stålskute med

fryseri i

lasterommet.

Skipper Einar Liavåg

Men skipper Kristoffer Marø og førsteskyttar

Sigmund Bøe var usikre på stabiliteten til

skuta. På tida for utreise var det stormver vest i

havet. Polarstar gjekk til Haugsholmen like

nord for Stadlandet og stoppa der for å vente på

rolegare ver. Men så høyrde dei på radioen at

Veslekari og Einar Liavåg hadde gått ut, trass i

Isflaket side | 23

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!