29.07.2013 Views

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Flott modell av

polarskuta Fram

til Ishavsmuseet.

Samtale med Bjarne

Brandal

Av Finn Sindre

Eliassen

Modellen er laga i målestokken 1:50 etter

teikningar kjøpt frå Norsk Sjøfartsmuseum.

Teikningane er basert på fotografi, modellen av

Fram i Norsk Sjøfartsmuseum og oppmåling på

Fram utført av Egil Kalland. Teikningane viser

skipet slik det var under den andre Fram-ferda

1898-1902, der Otto N. Sverdrup var leiar.

Bjarne Brandal ved modellen han har laga av

Fram. Foto: Ishavsmuseet.

Det er Bjarne Tor Arnt Brandal som har laga

modellen og gitt han til Ishavsmuseet. Han er

fødd i Brandal i 1936, men dei «bløde»

konsonantane røpar at vi har med ein

sørlending å gjere. Forklaringa er at han i lag

med familien flytte til Kristiansand like etter

krigen i 1945. Og der har han budd sidan.

Bjarne har laga modellen i to omgangar. Sjølve

skroget laga han for femti år år sidan.

Men arbeidet stoppa opp i mange år. Bjarne

stifta familie og det blei ikkje tid til modellen

før han pensjonerte seg frå arbeidet som

elektrikar for om lag fem år sidan. Då tok han

opp att arbeidet med modellen i hobbyromet i

kjellaren. Han laga malar og hjelpeverktøy.

Bjarne Brandal kom den lange vegen frå

Kristiansand i sommar i campingbilen sin med

modellen av Fram forsvarleg pakka i ei

spesialbygd kasse. Vi spør han om kvifor han

bygde akkurat Fram og ikkje ei anna skute. -At

det vart Fram var tilfeldig, bror min Per kjøpte

teikningar frå bladet Ship O'Hoi og skulle

bygge modellen, men han kom seg ikkje i

gong, difor lånte eg dei og laga skroget, eg

leverte teikningane tilbake og kjøpte seinare

teikningar sjølv frå Sjøfartsmuseet når eg

fullførde arbeidet med

modellen, seier Bjarne

Brandal over ein kaffikopp i

Ishavsmuseet i Brandal.

Vi spør Bjarne om han har

vore spesielt oppteken av

polarhistoria og dei store

heltane Amundsen og

Nansen? - Nei, ikkje spesielt,

men eg har vore oppteken av

forholda dei levde under,

utfordringane dei møtte,

korleis dei gjekk fram for å nå

måla sine, det har fascinert

meg; i dei mange timane i

verkstaden, har eg ofte tenkt

på dei folka som var om bord

i den originale Fram.

Det var altså tilfeldig at det vart modell av

Fram Bjarne bygde, men det var ikkje heilt

tilfeldig at han tok til med å bygge modellar: -

Det ligg i slekta å arbeide med hendene; når vi

først er i gong med eit prosjekt, finst det ikkje

problem, berre utfordringar, smiler Bjarne. Eg

minnest at far min ein gong bygde ein

båtmodell – av ein båt som heitte Rio, mor mi

hekla knøttsmå gardiner og modellen gjekk til

utlodning til eit godt formål; far min laga også

ein modell av ein lystyacht som i mange år stod

framme i stova i ein eigen monter, fortel han.

Isflaket side | 33

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!