29.07.2013 Views

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Isbjørnen er verdens farlegaste

rovdyr

og verdens største land-rovdyr, om vi no kan

seie at Ursus maritimus er eit landdyr. Tyngre

enn tre løver, uredd og uberekneleg, alt som

rører seg er kanskje mat. Konge av Arktis og

på toppen av næringskjeda. Livsfarleg, men

likevel totalfreda. Berre den såkalla

urbefolkninga har ein viss rett til kvoteavgrensa

tradisjonell jakt på isbjørn og på Svalbard finst

det inga urbefolkning.

Berre dersom du er i verkeleg livsfare har du

lov til å skyte for å drepe ein isbjørn. Og du er

ikkje i livsfare om du står inne i hytta og ser

bjørnen ramponere snøskuteren din eller om du

ser at han går inn i nabohytta og øydelegg alt

som er der. Først når du eller venene dine er

truga og det ikkje nyttar å skreme den vekk

med rop og steinkasting eller skramling med

grytelok og heller ikkje med signalpistol, først

når du er i verkjeleg livsfare, når du veit at han

vil angripe, har du lov til å skyte og då for å

drepe. Og etterpå skal du så snart som råd er

varsle Sysselmannen, og du må rekne med at

drapet vert etterforska.

HH 22.8.11

Om det er menneskeskapt eller ikkje får bli ein

annan diskusjon, men det vert varmare i nord.

Frå 1912 til 2008 auka middeltemperaturen i

Longyearbyen med 4 grader frå minus 8 til

minus 4. Ein auke på 0,23 grader per år.

Gjennomsnittet for vinteren steig frå minus 16

til minus 12 og for sommaren frå pluss 4 til

pluss 5,5 grader.

(: Polarklubben) HH 22.8.11

xXx

Sjølv om isbjørnen og brunbjørnen er svært så

ulike, så er det likevel brunbjørnen om er

isbjørnen si stammor. Isbjørnen en mykje

større, har kvit pels og mørk hud, er ein dyktig

symjar og ekspert på å overleve i Arktis, medan

brunbjørnen for det meste held seg i dei store

skogane, klatrar i tre og fangar laks i grunne

elvar, men likevel altså. Og ikkje nok med det,

det er brunbjørnen frå Irland som er isbjørnen

sin stamfar og stammor, seier forskarar frå

Penn State University i Pennsylvania, USA.

(:Weekendavisen 8. juli 2011) HH 22.8.11

Isflaket side | 51

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!