29.07.2013 Views

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Namn har hytta fått etter at ein stor ulveflokk

herja i dette området i 1929. Hytta var i bruk

heilt til 1979, men sto heilt til nedfalls då

NANOK (Nordøstgrønlandsk Kompani) i 1991

tok fatt på restaureringa av dei gamle

fangsthyttene. (Ivar Ytreland var ein aktiv

person her også, og deltok i fleire av desse

reparasjons- ekspedisjonane på Nordaust

Grønland). I dag er hytta i ypperleg stand,

utvendig heilt kledd med tjukk, svart tjørepapp.

Varghytta innvendig. Ikkje store plassen.

Hytta er ei typisk fangsthytte for maks to

mann: eit lite bislag på knapt 1,5 m x 1.5 m og

eit hovudrom på 2.5 m x1.95 m med to

sengebriskar. Vi let opp døra og tok skoddene

frå det einaste vindauget for å få inn litt lys, og

der inne var alt i skjønneste orden. Alt var klart

for å ta imot ein frosen fangstmann som hadde

vore ute og sett etter revefellene eller etter

isbjørn: Omnen var rein for oske og

opptenningsved og fyrstikker låg framme.

Ryddig og reint. Ein fantastisk plass på jorda

og eit utruleg fint ver. 14-15 varmegrader og

skarp sol. Folk gjekk berre i t-skjorter. Og vi

gjekk oss ein fottur langt innover øya, opp til

Noasjøen, ein innsjø som faktisk er lilla.

Frodig vegetasjon, ein drivkvit grønlandshare

hoppa rundt og eit par moskus rusla opp i lia

innafor kamerahald for eit lita telelinse. Eg

plukka med meg litt moskusull undervegs. Dei

røyter, desse sauedyra, og Gerd Ytreland hadde

love å strikke meg eit kvart om eg fann nok ull.

Det heldt til ei mjuk og varm lue.

På vegen vidare ut Kong Oscar Fjorden

passerer vi Ella Ø, oppkalla etter A,G.Nathorst

si kone i 1899. Siriuspatruljen har ein stasjon

her, “Ørneredet”. Vi ser inn dit. På vestsida av

den tronge leia på innsida av øya går fjella rett

til himmels, Bastionen er 1367 m rett opp frå

havet, og fjorden er omtrent like djup.

Fredag 3.september er vi inne Alpefjorden.

Sefstrømbreen, eigentleg er det to breear som

møtes og går ut i fjorden, gjekk i 1966 heilt

over til andre sida av fjorden. No er der ein

opning på om lag 400 meter og ein brefront på

13 km. Isfjella er enorme og har dei mest

kunstnarlege fasongar. Det ser ut som om her

har vore ei eller anna form for

arkitektkonkurranse. Utbyggarane i Bjørvika

har kanskje henta sine idear herifrå. –Her er lite

fugleliv og lite dyreliv, men der ligg då ein

storkobbe på eit isflak, og han poserer villig for

oss på få meters avstand.

Vi går i land i Holm Bugt på Trailløya.

Hytteboka fortel at ei gruppe franskmenn som

forskar på lemmen forlet hytta for berre seks

dagar sidan. I mellomtida har isbjørnen vore

Holm utanfor hytta i Holm Bugt etter at

ryddejobben er avslutta

Isflaket side | 55

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!