29.07.2013 Views

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Frammuseet under lanseringa. Hjalmar var

veldig opptatt av hundane, som han meinte er

like kloke som oss. Han skriv inngåande om

konflikten med Amundsen, men dessverre

slutta han å skrive før polpartiet returnerer til

“Framheim”, så vi veit lite om kva han tenkte

etterpå. I boka er det teke inn to brev som han

skreiv om bord i “FRAM” på veg til Hobart, og

nokre dokument frå heimreisa hans derifrå.

Også Fridtjof Nansens minnetale over sin

gamle kollega og venn er teken med.

Så står Roald Amundsens dagbøker frå denne

første erobringa av Sydpolen att, og sidan

mykje av det som står her er kjent frå før, skal

eg ikkje gå nærare inn på den her. Kjøp alt

saman, og les og sjå.

Kva har så eg lært av å bla i alle desse

“uoppdaga” bøkene? Eg har lært at eg, og

sikkert mange med meg, må revidere

inntrykket mitt av Amundsen. Bilde av han

vert nok gradvis mildare etter kvart som eg les

om “Vår kjekke sjef”.

Vrakbil mottak

www.aasenbil.com

Tlf 700 37 900

post@aasenbil.no

6062 Brandal

Eg har lært at oppgjeret mellom Hjalmar

Johansen og Amundsen ikkje blir lagt stor vekt

på av dei andre og at Hjalmar ikkje vart jaga i

land då dei kom til Hobart. Og eg har lært at

engelske forfattarar og polarhistorikarar bør sjå

med andre auger på forholdet mellom

“FRAM”mannskapet og mannskapet på “Terra

Nova”, og kanskje også på “krigen” mellom

Scott og Amundsen. Og eg har lært eit og anna

om menneskeleg fantasi, uthaldenheit,

vennskap og toleranse, og om lojalitet og vilje

og storsinn.

Eg drog tilbake til Oslo med ferga den kvelden

1000 kroner fattigare (bøkene var på tilbod

første dagen) og med nesten 8 kg bøker i veska.

Nokre tusen sider tekst der det meste har vore

ukjent til no, og nokre tusen bilete der dei fleste

aldri har vore publiserte tidlegare.

Isflaket side | 62

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!