29.07.2013 Views

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

ein underleg flat stein med to heilt ulike sider

som eg tek med heim som eit minne frå denne

“Brandalsbukta”. Kan hende er eg den einaste

nesten-brandalingen som har vore der.

Ut på ettermiddagen går vi i land igjen, denne

gongen på Sydkap, på neset mellom

Nordvestfjorden og sjølve Scorsbysund. Her

står det 6 små hytter med mykje fiskeutstyr og

mykje rot rundt veggane. Moskusskallar over

alt og fiskegarn som ligg til tørk utover

lyngmarkane. Ute i sjøen ligg fleire

fortøyingsbøyer. Så dette er tydeleg eit mykje

brukt terreng både for jakt og fiske.

Vi er i land på Sydkap i fleire timar og eg har

aldri sett tundra med slike haustfargar, og eg

har sett mykje tundra i mitt liv. Gul polarvier,

grøn og knall raud polarbjørk, nokre så høge at

vi neste snubla i dei og djup raud blåbærlyng.

Lyng, mose og lav i alle fargar. Dette er

uverkeleg vakkert. Folk ligg langflate og

fotograferer. Eg og.

Det bles opp til ein liten vind og vi får eit lett

regnver, men likevel avsluttar vi endå ein topp

dag med BBQ på akterdekk.

Frå Ittoqqortoormiit/Scoresbysund

Ittoqqortoormiit/Scoresbysund er den siste

hamna vår på Grønland denne gongen. Den

nordlegaste inuittbusettinga på Nordaust

Grønland. Ikkje store plassen, med eit par små

utbygder og ein flyplass. Her lever folk ennå

delvis på gamlemåten. Dagen før vi kom inn

hadde lokale jegerar drepe to minkekvalar.

Kadavera og alle innvolane låg ennå i fjøra litt

innfor busettinga for å lokke til seg isbjørn, og

mens vi var der var folk ute og jakta på ein

bamse som var sett i nærleiken.

Eg er eigentleg på jobb, og får alt for liten tid

til å utforske byen, men eg rekk å få med meg

det vesle museet, butikken, kyrkja, der ei

myndig dame forbyr oss å fotografere inne

(men det var fyrst etter at eg alt hadde teke eit

bilde), og turistkontoret, og det er der eg får

meg ei skikkeleg overrasking: “Kan du ta med

deg ein liten presang heim til Ivar Ytreland?”

spør den unge og vakre danske kvinna bak

disken, Karina, som den naturlegaste ting i

verda. “Ja, visst” svarar eg. “Sjølsagt.” – Ein

liten presang?! Fram frå sideromet kjem ho

med ein diger moskus-bog, 15 kg! (Eg fekk no

med heile bogen heim, og eit par dagar etter

heimkomsten vart det moskuskarbonader med

mykje godt tilbehør heime hos Gerd og Ivar

oppe på Skorkeberget.)

Ittoqqortoormiit var siste stoppestaden vår på

Grønland. Dagen etter, tirsdag 7. september,

var vi ute i Stretet igjen, i regn og tåke og

dønning. Om kvelden var det Captain‟s

Farewell Dinner og ikkje før hadde vi gått til

køys før ekspedisjonsleiaren vekkjer oss alle

over høgtalaranlegget: “Nordlys! Kom på

dekk!!” – Så fekk dei oppleve det også, ekte

Aurora Borealis. Den siste natta om bord.

–Og i morgon tidleg er vi i Reykjavik. Og eit

eventyr er over.

Drøbak 30.08.2011

Hallvard Holm

( Eg har hatt god hjelp av Peter Schmidt

Mikkelsens bok “Nordøstgrønland 1908-1960.

Fangstmannsperioden” då eg skreiv dette, og

Ivar Ytreland har lese korrektur. HH)

Isflaket side | 57

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!