29.07.2013 Views

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Plukkfangst:

I nyare tid er fem menneske drepne av

isbjørn på Svalbard. I november 1971 vart

Bjørn Tessem frå Tromsø angripen og drepen

på Bjørnøya. Til vanleg er der lite bjørn på

Bjørnøya, men den gongen var der altså ein.

Kan hende hadde han stranda på øya vinteren

før og var utsvolten. Og Tessem vart teken på

hyttatrappa. Hyttedøra var låst!

I juli 1977 låg ei østerriks familiegruppe i telt

oppe i Magdalenefjorde. Menn, kvinner og

barn. Isbjørnen gjekk til angrep og drap ein 33

år gammel mann framfor augene til dei andre.

Bjørnen drog kroppen med seg ut på eit isflak,

og ingen ting vart funne att av mannen.

Jokkskadde rømde dei andre opp på ein isbre i

nærleiken. Der skreiv dei SOS med steiner på

isen og venta på hjelp. Og hjelpa kom etter eit

døgns tid, eller var det to, då Sysselmannen på

ein inspeksjonstur i helikopter tilfeldigvis flaug

over dei.

I mars 1995 var to venninner på fottur på

fjellplatået som ligg rett oppfor kyrkja i

Logyearbyen, Platåberget. Ein heilt vanleg tur

å gå for folk i longyearbyen. Ein fin liten

søndagstur. Det var aldri bjørn der, oppe på

fjellet, så ingen bar med seg våpen. Heller ikkje

desse to venninne. Men denne dagen var der

ein liten bjørn, berre 88 kg, men det var 88 kg

med musklar og tenner og knivskarpe klør. 22

år gamle Nina Olaussen frå Oslo vart drepen.

Venninna kasta seg utfor den stupbratte

fjellkanten og berga livet.

Helmer Kristian Kristiansen var ein erfaren

ishavsmann og islos og var med eit turistskip

som kjentmann på austkysten av Svalbard

hausten 1995. Dei gjekk i land på ei øy sør i

Hinlopenstretet, og der angreip isbjørnen. Det

hjelp ikkje med signalpistol og det er

uforståeleg at Helmer berre hadde med ein 22

kaliber pistol. Han var ein god skyttar, for då

folk frå sysselmannskontoret etter ei tid avliva

isbjørnen, som ikkje ville forlate den døde

kroppen til Helmer, og då dei flådde bjørnen,

sto fleire av kulene faste i pannebrasken på

bjørnen. Og Helmer Kristiansen var død.

Og så skjedde det igjen i sommar. 17 år gamle

Horatio Chappel som deltok i British Schools

Exploring Society sin leir lengs inne i

Sassenfjorden vart første veka i august drepen

av ein gammal ihelsvolten isbjørn med utsltne

tenner. I årevis har BSES hatt slike

sommarleirar på Svalbard, folk med stor

erfaring og utan store uhell, men denne gongen

gjekk det gale. Ikkje virka varslingsanlegget og

rifla klikka fire gonger før det femte skotet

drap bjørnen. Diverre for seint for unge

Horatio.

(:Svalbardposten og eigne notat) HH 22.8.11

xXx

Innlandsisen på Grønland har det tøft for

tida, fortel det danske tidsskriftet Polarfronten.

Observasjonar viser at året 2010 har vore det

verste for innlandsisen si ”helse” hittil. Ein

mindre kald og turr vinter følgd av ein uvanleg

varm og turr sommar, førde til større

avsmelting enn nokon gong tidlegare og det var

rekord i kalving frå dei store breane som

munner ut i fjordbotnane.

(:Polarfronten nr.1/2011) HH 22.8.11

xXx

China som polarnasjon? Ja visst, sidan 1984

har verdas mest folkerike stat organisert 26

ekspedisjonar og etablert 3 forskingsbasar i

Antarktis. I det same tidsromet har

Folkerepublikken også sendt ei rekkje

ekspedisjonar nordover og i juli 1984 opna

China sitt første forskingssenter i Arktis, i Ny

Ålesund. Ikkje berre China, men også verdas

nest folkerike stat, India, og 10 andre nasjonar,

i tillegg til Norge, er no til stades i gamle

Brandal City, i alle fall om sommaren.

(:Polarfronten nr.1/2011 og eigne notat) HH

22.8.11

Isflaket side | 58

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!