29.07.2013 Views

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Til Aust-Grønland med “Polar

Star”

Av Hallvard Holm

Klokka er tre om morgonen onsdag 1.

september 2010 og vi ligg til ankers inne i

fjorden nord for Clavringsøya på 74 grader 18

minutt N, på Nordaust Grønland. Det meste av

maskineriet er stengt av. Det er vindstille, klar

og mørkeblå himmel med ein halv måne og

nysnø på fjelltoppane, og heilt blankt hav. I

vest over fjella og breane ser vi restane av

solnedgangen frå i går. I aust er det mørkt ennå,

mørk himmel og mørkt hav. Og like inn for oss

på land, lysa frå Siriuspatruljen sitt

hovudkvarter, Daneborg.

Det var i dette strøket dei heldt seg dei “gamle”

fangstfolka. På kartet har eg sett at eit stykke

nord for oss ligg Germaniahamn, der

“Floren”-mannskapet under leiing av Severin

Gåsnes Liavåg overvintra, som dei aller første

på Nordaust Grønland, vinteren 1908-1909.

Severin Liavåg og 17 år gamle Johan Hareide,

eit av mor sine søskenbarn, omkom der den

våren. (Alt dette er vel dokumentert i Adolf

Brandal si dagbok.)

Ikkje langt derifrå ligg Liavåghuset frå Arktisk

Næringsdrift og Hallvard Devold sin

ekspedisjon med “Veslekari” i 1929. Og ute i

fjordmunningen, på nordsida, ligg Kap

Herschell-hytta, reist i 1927 av “Hird”ekspedisjonen

og Hermann Andresen, “Greven

av Herschell”, og fangstlaget hans hausten

1927. 20 år unge Ivar Ytreland og Odd

Lindhjem hadde to overvintringar der 1946-

1948. “7de juni”-ekspedisjonen og Vebjørn

Landmark si hytte på Kap Mary frå 1909 ligg

heller ikkje så langt unna. Her er det kjende

namn og kjentfolk over alt.

Og lenger inne i Tyrolerfjorden, under

Zackenberg (Dei taggete fjella) ligg NANOK

sin fangsstasjon frå 1930. I dagslys kan eg sjå

husa i kikerten. Der fanga Ivar og faren hans

laks i elva fleire somrar for om lag 50 år sidan.

No er det ein dansk forskingsstasjon der.

Dette er eventyrlandet. Eg står åleine på

fordekket og eg kjenner at

eg er på heilag grunn. Og eg

er 57 år tilbake i tid. Til ei

natt omtrent på same tid av

året. “Polarsel” ligg til

ankers inne i Umivik. Eg er

på babordsvakta og står ute

på dekk og ser på dei svarte

fjella rundt oss og på

stormskyene på himmelen.

Det er uver ute i Stretet.

Men her er det stille, og det

var inne i denne fjorden

Nansen og Sverdrup og dei

fire andre gjekk i land

sommaren 1888, for å

krysse Grønlands innlandsis

som dei aller første.

Polar Star for ankers utanfor Daneborg.

Sandoddenhytta i framgrunnen. Foto: Holm

Det var min aller første tur på sjøen, “i Ishavet”

som det heitte. Like ung som Johan Hareide

var då han drukna. –Kan hende var det på

denne turen i Stretet med “Polarsel” og med

“Tin”-Ottar Brandal som skipper at

polarbasillen sette seg i blodet for alvor, Ein

basill som det ikkje finst medisin mot, og ein

tur som det kunne ha vore skrive bok om.

Men no er det altså “Polar Star” og vi ligg

ankra i ein fjord på Nordaust Grønland.

Isflaket side | 52

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!