29.07.2013 Views

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

ISFLAKET - Ishavsmuseet Aarvak

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

her og herja fælt både ute og inne. Medan alle

dei andre tek seg ein lang tundratur i det fine

veret, vert eg att ved hytta og ryddar opp etter

bamsen så godt som eg kan. Eg ryddar både ute

og inne og spikrar igjen vindauget som bjørnen

har knust. Spikar finn eg i alt rotet, men ingen

hammar. Ein høveleg stein gjer nytten. Bjørnen

har ikkje kome seg heilt inn gjennom det vesle

vindauget, så omnen og kjøkenutstyret er

intakt. I alt rotet finn eg franskmennene si

hyttebok og ei dagbok der Ole Chr. Røren har

skrive ei helsing frå gjengen om bord i

“Minna” i 2006. Eg skreiv sjølsagt også mi

helsing til dei som kjem etter, og då eg kom

heim sende eg melding både til NANOK og til

leiaren for den franske ekspedisjonen som hytta

sin tilstand. –Isbjørnen såg eg ingenting til,

men like vest for hytta finn eg modne blåbær. –

Hytta vart reist av Ingstad og andre i 1932 og

restaurert av NANOK i 2001. Eg vonar mine

provisoriske reparasjonar gjorde at hytta ikkje

vart fullpakka av snø sist vinter.

Helsinga frå Ishavsmuseet og Ole Chr. Røren i

Holm Bugt-hytta. Foto: Holm

Seint på ettermiddagen stimer vi vidare ut

Kong Oscar Fjord og i skyminga passerer vi

både Kap Petersén (Møreekspedisjonen med

bl.a. Peder Sulebak 1930), Mesters Vig

(Gruvebyen

-bly og sink- og flyplass som vart offisielt

stengt i 1985, og som i dag har ei bemanning

på to mann for å halde alt vedlike) og historiske

Antarktikhavn, ein av dei viktigaste norske

fangsstasjonane på Nordaust Grønland, den og.

Bygd opp av den same Møreekspedisjonen,

leie av Jonas Karlsbak, i 1930, saman med Odd

Åmbak. Her heldt også Hermann Andresen og

Helge Ingstad hus. Ingstad var utnemnd til

Sysselmann over Nordaust Grønland, og det

var i denne hytta han sat, saman med Hermann

Andresen og telegrafisten Bjørn Western, då

dei ut på vinteren 1933 fekk melding om at

Norge hadde tapt i Haag. Eirik Raudes Land

var brått “en saga blott” og Ingstad drog same

hausten til Svalbard som Sysselmann.

Eg brukte kikkerten flittig, og ut på natta stima

vi ut i Grønlandshavet igjen.

Scoresbysund er verdas største fjordsystem,

310 km langt, og dei neste to døgna skal vi

cruise her. I Heckla Hamn på Danmark Ø dreg

vi i land. Ein vakker stad, ei godt skjerma

hamn og ein utruleg frodig tundra. Eg fekk i

det heile mange positive overraskingar når det

gjaldt plantelivet og veksttilhøve på denne

kysten. Litt oppe frå sjøen ligg ei stor hytte, eit

hus med mange rom, som tydeleg vert brukt av

folk frå byen Scoresbysund når dei er her og

fiskar og jaktar. Her er vi utanfor Nord Øst

Grønland Nasjonalpark og i eit av dei to

områda på Aust Grønland der det er ei fast

busetting. Nede i fjøre ligg det fleire fiskegarn,

og medan vi nyt landlivet og solskinet, kjem

det ein “Viknes 770” med tre menn og to

kvinner inn på hamna. Lokale folk som nok har

tenkt å vere her i helga, det er laurdag i dag, 4.

september. Og vi dreg vår veg.

Søndags morgon er vi på veg inn

Nordvestfjorden, ei av fleire sidearmar i dette

fjordsystemet. Det seiest at dette er verdas

djupaste fjord. Den er målt ned til 1500 meter.

Innlandsisen rekk ut i fjorden her også og slepp

frå seg enorme brekalvar. Kapteinen målte eit

av dei til 1,4km langt og 57 meter høgt. Kor

djupt stikk så eit slikt isberg då, skal tru? 500

meter? Eit stykke frå fjordbotnen må vi snu.

Fjorden er ikkje kartlagd lenger inn.

Vi kryssar ut att mellom uteljande kunstferdig

utforma isfjell og ankrar opp og går i land i

Martin Karlsen Bugt. Den vesle bukta heiter

faktisk det. Det står på draftet vårt: Martin

Karlsen Bugt. Igjen er eg “bøyevakt” medan

dei andre fer til fjells, med rifle, radio og

fløyte, for dette er isbjørnterreng. I fjøra finn eg

Isflaket side | 56

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!