30.08.2013 Views

Norske klonarkiv i frukt - Skog og landskap

Norske klonarkiv i frukt - Skog og landskap

Norske klonarkiv i frukt - Skog og landskap

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Generell vurdering av arkivet og forslag til tiltak

Plantinga på Hjeltnes har godt stell, men på grunn av at det er grunt og rekkjene i

Kalvagjerdet går aust-vest, har ein del trea lagt seg. Trea står på rekkjer, og sidan trea er

merka med namn er det greitt å finna ut av plantekartet. Det er god vekst i feltet, og ikkje

store sjukdomsproblem. Gartnarskulen har dei beste føresetnader for å fylgja opp feltet, så

lenge det er ressursar i frukthagen til å kunna prioritera dette. Dei har også høve til å kunna

nytta seg av elevane til ein del arbeidsoppgåver.

Det er fleire arrangement i Ulvik og områda rundt der samlinga og frukta frå den kunne vore

utnytta. Dette gjeld m.a. poesifestivalen. Olav H. Hauge og diktinga hans er grunnlaget for

denne festivalen, og han har skrive eit dikt om Flaske-eple. Gryvlehaugen, som ligg like over

plantingane, er av dei stadene i Ulvik der ein best ser heimen til Olav H. Hauge. Den ligg i

same høgde, rett over fjorden. Eitt tre av Flaske-eple, saman med diktet, kunne vore ei god

markering i samband med ei markering av gartnaren Olav H. Hauge. Dette vart drøfta på møte

med dei ansvarlege for klonarkivet i september 2007.

Eit anna arrangement som kunne hatt medverknad frå Hjeltnes er smalahovesleppet på Voss i

slutten av oktober. Dette kulturarrangementet samlar også svært mykje folk, og det er

mogeleg å profilera frukt.

Det har gått ut nokre tre og planta inn nye i felta på Hjeltnes, og listene bør dobbeltsjekkast

for at dei ein har er gjeldande. Dette er eit generelt problem i alle klonarkiv. Ein bør også

rydda sortar som ein ser ikkje har nokon verdi, når ein heller ikkje veit kva sortar det er.

Samlinga på Hjeltnes er stor og kunne vore betre marknadsført på internett. I og med at ein

har fine bilete av mange sortar, og tilbyr tre av sortane, burde det vore laga ei web-løsing som

var lett å finna der interesserte kunne tinga tre.

Norsk fruktmuseum

Adresse: Njøsavegen 5, 6863 Leikanger

Telefon/telefax: 57 65 60 63/ 57 65 60 85

Web-adresse: www.norskfruktmuseum.no

Geografisk koordinat: 61° 10,787 N : 6° 51,710 A

Ansvarleg institusjon Norsk fruktmuseum. org.nr. 977 146 925

Fagleg ansvar Stein Harald Hjeltnes

Rapporteringsansvar: Stein Harald Hjeltnes

e-postadresse stein.harald.hjeltnes@graminor.no

29

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!