18.09.2013 Views

1999 2515 Møte torsdag den 25. mars kl. 10 President: Hans J ...

1999 2515 Møte torsdag den 25. mars kl. 10 President: Hans J ...

1999 2515 Møte torsdag den 25. mars kl. 10 President: Hans J ...

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

1999

Forhandlinger i Stortinget nr. 170

25. mars – Debatt om statsministerens redegjørelse om spørsmål i tilknytn. til NATOs toppmøte i Washington mv. 2541

(Dale)

såleis peika på at i ein situasjon der det kan verta aktuelt

å gå utanom Tryggingsrådet, må det verta vurdert om det

likevel kan liggja føre eit folkerettsleg grunnlag for bruk

av makt. I tilfellet Kosovo har Regjeringa kome til at

svaret er ja, og det synet har solid forankring i Stortinget

sine organ.

Likevel: Like lite som me ser utgangen på dei militære

operasjonane som er sette i verk, like lite veit me kva

fylgjer det får for internasjonal rettstenking for vidare utvikling

av folkerett om handteringa av Kosovo-konflikten

skaper presedens. At FN risikerer å hamna på sidelina,

er opplagt. At det skjer åtak på ein suveren stat, ein

medlemsstat i FN, vil òg setja sine spor. Og det folkerettslege

grunnlaget det vert vist til i tilfellet Kosovo, må

oppfattast som NATOs eiga forståing av situasjonen,

som stadig manglar eit universelt stempel.

Her bør det leggjast til ei realpolitisk vurdering. USA

som er den store drivkrafta i NATO, hyser ikkje varme

kjensler for FN-systemet, det kjem m.a. til uttrykk i den

uviljen USA viser i spørsmålet om å finansiera sin del av

FN-budsjettet. I teorien høyrest det greitt ut at NATO

som regional organisasjon skal stå til FNs disposisjon,

men realpolitikken er ein annan, nettopp fordi det suverent

største medlemslandet har store globale interesser på

sin agenda.

Framfor toppmøtet i NATO treng ein ei grundig vurdering

av dei prinsipielle sidene ved dette, for når

NATOs nye oppgåver skal diskuterast, er og vert tilhøvet

til FN eit kjernepunkt.

Ingvald Godal (H): Spørsmålet om mandat frå FN

når det gjeld militære operasjonar, er eit sentralt spørsmål,

og det er klart at hovudregelen bør vera at ein må ha

det. Om me skal greie å koma vidare på vegen i retning

av å utvikle eit internasjonalt rettssamfunn der lovs rett

erstattar den sterkastes rett, er det vegen me må gå. Samtidig

er det klart at FN i dag langt frå er tilstrekkeleg utvikla

til at me kan gjera dette til noko absolutt. Me må ha ein

tryggingsventil når FN sviktar. Me har eit veldig godt

eksempel på det med det som no skjedde i Makedonia.

Der har me hatt den mest effektive, nyttige og vellukka

fredsoperasjonen i FNs historie, der oppgåva var å hindre

at konflikten i Bosnia osv. spreidde seg nedover. Det har

ein greidd. Og så ser me at Kina legg ned veto, av heilt

irrelevante grunnar, mot at det mandatet skal forlengast.

Det viser at me er nøydde til å ha ein slik tryggingsventil.

Når det gjeld utviklinga i Europa, har debatten innanfor

Europa i Vestunionen heilt fram til i fjor haust vore

prega av at utviklinga av ein europeisk forsvarskapasitet

skulle skje innanfor ramma av alliansen, og ein skulle

unngå dublering. Dette har vore hovudlina. Så snudde

britane 180 grader i fjor haust, og på eit møte i førre veke,

som eg var på, der parlamentarikarane i Vestunionen,

dvs. representantar for dei nasjonale parlamenta i

Europa, gjorde ferdig si innstilling til NATOs toppmøte,

går dei bevisst inn for dublering. Det me no ser, er at det

blir utvikla ein separat europeisk kapasitet, og så har me

den amerikanske kapasiteten, og her fell me utanfor. Det

blir ei veldig stor utfordring for oss, som andre talarar

har vore inne på, at me får fullt gjennomslag i dette, og

at me ikkje kjem på møtet i NATO, der Europa har bestemt

seg på kammerset for kva dei vil, amerikanarane

har bestemt seg på kammerset, og såleis har veldig liten

innverknad. Det som no er i ferd med å skje, er at dei

tryggingspolitiske argumenta for EU-medlemskap, som

var sterkt framme i 1994, er i ferd med å slå gjennom for

full kraft.

Når det gjeld utvidinga av NATO, synest eg at det må

vera ei klar og viktig oppgåve for oss i Noreg å medverke

til at me kan få eit stabilt Nord-Europa ved at alle små

land her blir trekte inn i ein tryggingspolitisk struktur og

ikkje blir liggande som bufferstatar og grå soner som kan

plukkast ein for ein dersom me skulle få folk i nabolaget

som får makt og som kan finne på slike ting. Me kan berre

få eit stabilt Nord-Europa ved at alle små land går med

i ein slik struktur, og eg er i den samanhengen fullt ut einig

med det presidenten i Den nordatlantiske forsamling,

senator Roth, har sagt, at når det gjeld utviding, må me

ha tempo, ikkje pause.

Når det gjeld statsministerens forslag om eit hurtigarbeidande

utval for gjennomgang av forsvarspolitikken,

er eg redd det fyrst og fremst kan laga forvirring og forseinking.

Me har i dag eit system med langtidsmeldingar, der

me no kvart fjerde år, tidlegare kvart femte år, går gjennom

den tryggingspolitiske situasjonen og så vurderer

kva forsvar den tilseier at me skal ha. Me hadde Willochkommisjonen

tidleg på 1990-talet, me hadde ei langtidsmelding

i 1993, me hadde ei i fjor og me skal ha den neste

i år 2001 til handsaming her i huset – det er det berre to

år til. Me bør fylgja dette systemet, det er berre tida og

vegen att no. Det einaste ryddige er at Regjeringa, som

står fritt til å trekke inn kven dei vil og alle moglege slags

idear og greier i prosessen fram til neste langtidsmelding,

bør kanalisere det inn i den normale prosessen og ikkje

no etablere eit utval på utsida av det arbeidet som alt pågår

i Forsvarets forskningsinstitutt, FO osv., og som så

skal innom Stortinget i løpet av denne perioden. Det blir

berre rot, og det kjem truleg til å føre til at ein berre brukar

det som påskudd til å utsetta avgjerder og skuve alt

framom seg.

NATOs toppmøte i april vil berre slå fast at artikkel 5

ligg fast. Det som har med det å gjera, blir det inga endring

på. Det det kjem til å bli ei endring på, har med internasjonale

operasjonar å gjera. Og i og med at me skal

ha ei stortingsmelding her i huset i mai om internasjonale

operasjonar, er det då me må diskutere det. Ei eventuell

konkret oppfylging kan så koma i neste langtidsmelding.

Så eg ville synast det var ein enorm fordel om denne regjeringa

no kunna halde seg til dei faste prosedyrane og

unngå å skapa forvirring med å køyre inn nye utval osv.

på løpande band.

Hans J. Røsjorde (Frp): Statsministerens redegjørelse

inneholder på mange måter ikke så mye nytt. Det var

vel heller ikke forventet, og hvis jeg forsøker å karakterisere

redegjørelsen, er den omtrent midtstrøms, som norsk

politikk på dette området som regel pleier å være. Det

S 170

1998-99

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!