18.09.2013 Views

1999 2515 Møte torsdag den 25. mars kl. 10 President: Hans J ...

1999 2515 Møte torsdag den 25. mars kl. 10 President: Hans J ...

1999 2515 Møte torsdag den 25. mars kl. 10 President: Hans J ...

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

2562

om å vurdera ytterlegare tiltak for å styrkja aktiviteten

ved verfta våre. Fornyinga i fiskeflåten og ferjeflåten er

positive tiltak og ein fornuftig motkonjunkturpolitikk

innanfor eit avgrensa område. Og ein bør vel òg ta opp til

vurdering om eventuell norsk kontraheringsstøtte til fiskebåtar

skal vera uavhengig av kvar båten vert bygd.

Noreg har no same støttesats som det verfta etter regelen

skal kunna få i EU/EØS-området. Men verda er i

røynda noko annleis enn verda er det på papiret. Det er ei

kjent sak at mange smottvegar vert brukte for t.d. å gje

FoU-støtte til verft i fleire EU-land. Det vert også påstått

at næringsstøtta til verftsindustrien i Spania skal vera på

over 20 pst., medan ein får 13 pst. til fiskebåtar i Portugal.

Dei norske verfta som hevdar seg i ein så ulik konkurransesituasjon,

har grunn til å vera stolte. Noreg er

ikkje på nokon måte med i eit subsidiekapplaup sjølv om

vi hevar satsane til det normative i EU. Eg er svært glad

for at Regjeringa får oppslutning om sitt forslag.

Jørgen Holte (Sp): I finansinnstillinga for 1999 fremma

fleirtalet i finanskomiteen, alle utanom medlemene

frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, forslag

om å be Regjeringa legge fram ei vurdering av situasjonen

i verftsindustrien.

I St.prp. nr. 35 har Regjeringa alt den 5. februar oversendt

Stortinget ei slik vurdering og fremma forslag om å

auke satsane for byggetilskot til skipsbyggingsindustrien.

Ordretilgangen til verfta har variert mykje det siste tiåret

– frå 2,3 milliardar kr i 1992 til 20 milliardar kr i

1997. Den store inngangen av kontraktar mot slutten av

1997 hadde kan hende si årsak i budsjettforslaget frå

både regjeringa Jagland og seinare sentrumsregjeringa

om å redusere tilskotsprosenten til 7 og 3,5 pst. frå 1. januar

1998.

Mykje tyder på at aktiviteten ved verfta blir mindre i

1999. Det vil difor vere rett av fleire omsyn å auke tilskotsprosenten

slik Regjeringa gjer framlegg om, slik at

norske verft no vil ha dei same vilkår som verft i andre

land.

Verftsindustrien er ein del av eit maritimt miljø. Det

har gitt grunnlag for sysselsetting og økonomisk verdiskaping,

spesielt i kystnære område. Det maritime miljøet

er tufta på næringsutvikling med basis i frakt og sjøtransport,

leiting og utvinning av olje og gass, og ikkje

minst gjennom fiske og fangst.

Det er etablert gode utdanningsmiljø både på vidaregåande

og høgare nivå, i tillegg til forsking og utviklingsarbeid

både regionalt og ved universiteta og dei

statlege høgskulane. Det maritime miljøet har på fleire

område hatt ei positiv og god utvikling, og det har vore

eit monaleg kunnskaps- og kompetanselyft i desse næringane.

Utviklinga av nye og avanserte produkt på fleire område

har opna for nye marknader både nasjonalt og internasjonalt.

Bak bedriftene i desse næringane står det mange

idérike personar og aktive eigarar. Sett frå Senterpartiet

si side er det viktig å legge til rette for fleire slike i eit

framtidig næringsliv. Vil ein det, må ein føre ein politikk

som støttar opp om ein slik bedriftskultur.

Em. 25. mars – Støtta til skipsbyggingsindustrien 1999

Eg er svært glad for at Arbeidarpartiet etter kvart har

fått eit meir positivt syn på verftsstøtta. For oss som har

vore opptekne av gode rammevilkår for dei maritime næringane

generelt, må eg innrømme at det ikkje alltid har

vore like lett å få den same forståing hjå Arbeidarpartiet i

regjeringsposisjon.

Når det gjeld verftsstøtta, har det tydeleg skjedd ei

endring til det meir positive dei siste åra. Den maritime

sektor utgjer eit mangfald av verksemder og fleire aktive

eigarar. Skal desse spele den rolla vi forventar, då kan

ein ikkje årvisst, som einskilde parti gjer, fremme forslag

om endring av delingsmodellen til det verre for desse bedriftene,

heller ikkje stadig framstille desse bedriftene sin

arbeidande kapital i bygg og produksjonsutstyr som objekt

for uavgrensa skatteevne.

Sentrumspartia har i Stortinget gjennom to budsjettrundar

arbeidd for stabile vilkår for bedrifter med aktive

eigarar, og hindra forslag som totalt sett ville forverra

rammevilkåra hjå slike bedrifter.

Dei maritime næringane har såleis alltid frå vår side

vore prioriterte, difor har vi sett mykje inn på å føre vidare

t.d. refusjonsordninga for sjøfolk, kontraheringstilskot

til fiskeflåten og den spesielle regelen i skattelova

når det gjeld rederinæringa. Slik ynskjer vi å sjå ting i

samanheng. Difor er eg godt nøgd med den innstillinga

som er avgitt i denne saka som vi drøftar i dag, som støttar

opp om næringsministeren sitt forslag om auka verftsstøtte,

og om Regjeringa sin samla næringspolitikk.

Inge Myrvoll (SV): Jeg skal være rimelig kort. Som

Arbeiderpartiet peker på i sin merknad i innstillinga, gikk

vi sammen med dem i budsjettinnstillinga for å opprettholde

verftsstøtten. Man bør ha et blikk på rammebetingelsene

hos konkurrentene. Ellers viser jeg til Rita Tveitens

innlegg. Jeg tror at jeg kan være enig i det aller meste,

og derfor akter jeg ikke å gjenta argumentene.

Jeg vil bare gå løs på et område hvor jeg syns komiteflertallet

er litt svakt. Komiteflertallet ber Regjeringa om

å vurdere mulighetene av en forsert fornyelse av fergeflåten,

da den har en høy gjennomsnittsalder. Grunnen til

at jeg syns flertallet er svakt, er at denne saken har en fortid.

Både i budsjettinnstillinga og i innstillinga til Norsk

veg og vegtrafikkplan sier samferdselskomiteens flertall

– opposisjonen i forrige periode innbefattet sentrumspartiene

– at de ikke er fornøyd med tempoet i fornyelsen av

fergeflåten, og man kritiserer arbeiderpartiregjeringa. Vi

var også med på det. Flertallet ber om en plan for forsering

av fornyelsen av fergeflåten våren for to år sia, dette

ut fra fergeflåtens tilstand. Like etter fikk sentrumspartiene

regjeringsmakta.

Nå er ordrebøkene for verftene tomme, og vi kan slå

to fluer i ett smekk: få den nødvendige fornyelsen av fergeflåten

samtidig som vi gir oppdrag til verftsindustrien.

Det er derfor for svakt når komiteen ber om en vurdering.

Samferdselsdepartementet har hatt to år på å lage en forsert

fornyelsesplan, og næringsministeren bør gå til sin

kollega i Samferdselsdepartementet og be om at planen

realiseres – for man må nesten forutsette at den begynner

å bli ferdig nå, etter to år med en sentrumsregjering.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!