09.07.2015 Views

studentmagasinet for HF-fakultetet UiB nr. 3 2006 14.årgang - Atrium

studentmagasinet for HF-fakultetet UiB nr. 3 2006 14.årgang - Atrium

studentmagasinet for HF-fakultetet UiB nr. 3 2006 14.årgang - Atrium

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

mjuke mannen. Den mjuke mannen er einstereotyp som stammar frå det politiske landskapetpå seksti- og syttitalet. Dette var eitid då dei tradisjonelle kjønnsrollemønsteravar gjenstand for krass debatt, og mangesleit med å finne seg til rette i ei ny rolle. Detmjuke mannsidealet vaks fram. No skullekarane lære å vise kjensler, vise at dei oghadde ei blaut kjerne. Torsheim skildrar denmjuke mannen med ei blanding av forakt ogsympati. Han er litt saueaktig og tafatt, er blitnesten kjønnslaus i kampen for å bli ein betremann. Likevel står ikkje motpolen fram somnoko betre alternativ.«Han der Michael Jackcon sa nei, forhan forstod ikkje kva nynorsk var. »(Oddvar til Dag og Tid, 30.04.96)Oddvar Torsheim kjenner ingen grenser.Korkje som biletmakar eller musikar let hanseg hefte ved omverda sine meiningar ellerinngrodde konvensjonar for kva som høyrestbra ut, eller ser fint ut. Han gjer stort sett somhan føler for, og dette er ein mann som følermykje rart. Det er ei voldsom kraft i svingnår Torsheimen står på scena. Han tramparrundt i takt og gir alt i songen, nærmast spyttarut låtane setning for setning. Det er stortsett nytolkingar av Beatles og Bob Dylandet går i. Svært frie nytolkingar på nynorsk,akkompagnert av hardingfele, trøorgel ogsopransong med meir. (Sopransongen erdet forresten dottera Jorunn som står for)Stemma til Oddvar manglar, sovidt eg veit,sidestykke i musikkhistoria. Det er ein slagsvrengd tenor vi har med å gjere. Av og til treffhan notane, av og til ikkje, det vil seie, hantreff vanlegvis ein slags note, men det er heiltuvisst kor vidt denne noten finnest på andreskalaer enn den torsheimske. Kritikarane harstrevd med å finne ein fullgod måte å skildredette noko spesielle uttrykket på. Nokre avforsøka har vore svært kreative: Han minnermest om «Pavarotti og ein sau», «ei bortkommenkråke som ristar av seg vinterhammenmens snøkorna drysser», «en sterkt forkjøletJoe Cocker med jet-lag og alvorlege astmaplager».Kor vidt dette er god eller dårlegmusikk er ein lite fruktbar diskusjon, det vii alle fall kan einast om, er at det er ekteføltmusikk, og ljod heilt utanom allfarveg. Sjølvseier Oddvar at han er ein amatør, som nyttarmusikken mest som eigenterapi. Han har gittut to skiver so langt. Den første heitte NynorskensSkog og kom ut i 1992, den andre kom uti 2000 og heitte Tur-Retur Blues. Begge platenehar selt godt. Her er eit av versa frå Torsheimensi nydikting av Beatlessongen Ob-La-Di,Ob-La-Da, nytittulert Larris Tok ein Farris.Larris tok ein farris alt før festen var begynt,Der han stod i døra med nytt slips.Martin-far sa: Forsvinn! Med eit typisk grynt,Han viste alt om Larris og om billeg nips:Martin-far super-star i skjorhagen,hugsar du den gongen då du stalfleske-skinka hans Sterk-Ola Bakken,midt under eit kommunevalNotat ved vegs endeDet er ikkje slutt på forteljinga om den karismatiskesunnfjordingen Oddvar Torsheim,no i desse dagar planlegg det norske samlagetå gje ut ei ny bok om han. Den skal komeut hausten 2008, når hovudpersonen fyller 70år. Vi gler oss. Enn so lenge vil eg råde allenyfikne sjeler til å ta ein nærare kikk på deibøkene som alt er utgivne. I tilleg til Syner iSyttiåra og Svarte Kvitingar har det kome utto bøker om Oddvar Torsheim. Den første erSusanna Frå Sunnfjord, som vart gitt ut i 1991og den siste, som eg har henta mykje skrattog inspirasjon frå til denne artikkelen er TvisyntTvilar, skrive av Katrine Sele, som kom utpå Skald Forlag i 2001.«EG! » (Frå Syner i Syttiåra)33

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!