07.06.2017 Views

Navigare 2- 2017

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

AKTUELT

NÆRINGA ER KLAR

FOR HYDROGENUTFORDRING

Både reiarlag og utstyrsprodusentar stilte interesserte opp då Statens vegvesen inviterte til

dialogkonferanse om utviklingskontrakten for ei ferje med hydrogen-elektrisk drift. Men dei stilte spørsmål

rundt tidsramma, som seier at ferja skal vera i drift allereie i 2021.

TEKST/FOTO:

KARI STAUTLAND

Redaktør Navigare, Sjøfartsdirektoratet

– Me skal ha ei ferje som seglar med hydrogen

på eit av våre samband frå 2021. Det

betyr også at den skal vera godkjent av

klasseselskap, og den skal halda rutetidene,

sa vegdirektør Terje Moe Gustavsen, som

opna dialogkonferansen i Stavanger 29.

mars i år. Der presenterte Vegvesenet det

som så langt er klart om utviklingskontrakten,

som altså skal føra til bygging av ei ny,

hydrogen-elektrisk ferje som også skal

kunna driftast heilelektrisk.

Ferja skal ha plass til 80 personbileiningar,

og skal etter planen trafikkera

sambandet Hjelmeland- Nesvik på riksveg

13 i Ryfylke i Rogaland, saman med ei

heilelektrisk ferje av same storleik.

– Me ønskjer no å utforska hydrogen

nærare, og når teknologien er utvikla og

testa i Ryfylke, kan den vidareutviklast til

andre og meir krevjande samband, seier

Moe Gustavsen. På sikt er målet at hydrogen

skal bidra til å gjera nullutsleppsteknologi

muleg på ferjestrekningar som er for

lange til at dei kan driftast på batteri aleine.

VIKTIG STEG MOT NULLUTSLEPP

Bakgrunnen er kravet om låg- og nullutsleppsteknologi

på kommande ferjeanbod.

Utrekningar viser at utsleppa frå

ferjedrifta i Noreg i 2030 tilsvarer 200 000

bilar – eller like mange som i Telemark og

Troms til saman. Målet at alle ferjestrekningar

skal ha krav til lågutslepps-

PANEL: Randi Harnes (SVV), Anders Sæternes (SVV), Harald Bergsbak (DNV GL) og Camilla Røhme (SVV) Fekk mange spørsmål å svara på då dei opna for

tilbakemeldingar på prosjektet.

10 | Navigare 2 - 2017

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!