07.06.2017 Views

Navigare 2- 2017

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

AKTUELT

På ettermiddagen 9. mai 2016

drog fiskefartøyet Sjøkvisten ut

frå Midsund med ein mann om

bord. Fiskaren skulle til Harøyfjorden

og røkta krepseteinene

han hadde ute i fjorden. Han

datt over bord, og vart funnen

omkomen natta etter. Obduksjon

viste at fiskaren tidligare

hadde hatt ein hjartesjukdom, og

at det var teikn på nytt infarkt

ulykkesdagen og at han drukna

etter dette.

ENKLE TILTAK KAN REDDA LIV

Ulykka vart undersøkt av Statens

havarikommisjon for transport –

Sjøfart (SHT). Det er ikkje gitt

tryggleiksråd i undersøkingsrapporten,

men SHT har omtala

nokre problemstillingar knytt til

aleinefiske som Sjøfartsdirektoratet

ynskjer å bringa vidare.

Om ein dett i sjøen, er redningsvest/flyteplagg

ei rimeleg

forsikring. Eit anna tiltak på

mindre fiskefartøy kan vera

sikringsline som hinder for at

fiskaren ikkje skal detta i sjøen.

GLØYMER Å BYTTA BATTERI

Naudstopputstyr for stopp av

hovudmotor er ikkje del av lov

eller forskrift, men når ein har

slikt utstyr om bord, bør det

fungera som den barrieren det

er meint å vera. Av rapporten frå

SHT kjem det fram at svært

mange gløymer å skifta batteri

på naudstopputstyret.

«Det er solgt 1200–1300 trådløse

nødstoppanordninger på

lands basis, og tall fra leverandøren

tyder på at det kun er foretatt

batteriskift for ca. 100 fjernkontroller»,

skriv SHT. Vidare står det

at «Batteriene i fjernkontrollen skal

skiftes minst hvert andre år».

Sjøfartsdirektoratet meiner at

skifte av batteri og testing av

naudstopputstyret bør vera del

av tryggleiksstyringssystemet om

bord. Faste rutinar for oppfølging

og sjekk av utstyret er viktig

for eigen og andre sin tryggleik

om bord.

FISKARENS HELS E

I rapporten kjem det fram at fiskaren

hadde ei historie med hjartesjukdom.

Alle har eit eige ansvar

for helsa si, slik vil det alltid vera.

Det er ikkje krav til helseundersøking

gjennomført av sjømannslege

for denne gruppa arbeidstakarar.

Samstundes veit me at denne

gruppa med arbeidstakarar på

mindre fiskefartøy toppar lista over

omkomne på sjøen. Det er ikkje

snakk om å nekta folk med dårleg

helse å dra på sjøen, men om ein

ikkje har god helse bør ein ta

omsyn til dette og vurdera tiltak

som sikrar eigen tryggleik.

RS Sjøredningsskolen

inviterer ledere og beslutningstakere innen

offshore- og maritim virksomhet til seminar

”I storm og stille”

- maritimt fokus på sikkerhet, beredskap og ansvar

istormogstille.no

Navigare 2 - 2017 | 25

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!