11.04.2018 Views

bv1218

• No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

AKTUELT I LANDBRUKET

Gourmet av lam: Kursdeltakarane får ei innføring i heile prosessen, frå å blø av dyret, flå og vomme ut, til kjøtet ligg ferdig

i form – med tilbehøyr, klar til å setjast i omnen.

– Eg har tenkt på det ei stund. Mange

bønder spør etter ei godt illustrert bok

som tek føre seg heile slakteprosessen.

Dei ønsker seg også tips til nedskjering

og bruk av dei ulike stykningsdelane.

Mange vil ha tips til steiketemperatur og

servering slik at dei kan lage og servere

gode måltid av lam og sau, seier Espedal.

Målet er at boka skal vere klar før jul.

Vidaresal av heimeslakta skrottar er ikkje lov

Det er berre bønder som sjølv eig dyr som kan avlive og slakte dyr til eige bruk.

Dyr som er slakta heime på garden kan ikkje seljast vidare til andre. Bøndene

kan derimot ta att skrottar av eigne dyr som er slakta på slakteriet og selje heile

eller halve skrottar, eller stykningsdelar av dei ulike dyreslaga. Dette tilbodet

vert stadig meir etterspurt av forbrukarane, gjerne via sosiale media.

Tar vare på råvarene

– Eg vil at barnebarna skal forstå at maten ikkje

kjem frå butikken, seier jeger og bonde Geir Olsen.

Geir Olsen driv med sau og gris på Efteland

i Bjerkreim. Han har jakta hjort

sidan ungdommen og har slakta eigne

dyr på garden sidan han og kona overtok

bruket i 1995.

Siste slaktet dei tok var ein gris som var

skadd i ein klauv.

– Det er bra at fleire vil slakte heime,

ikkje minst med tanke på dyrevelferd.

Skadde dyr må avlivast og me må ta vare

på kjøtet, seier Olsen.

Sjølv vaks han opp på Hana i Sandnes

kommune. Olsen minnast turar til gardane

rundt om kor dei fekk kjøpt egg,

grønsaker og kjøt frå dyr slakta av bonden

sjølv. Dette var på slutten av 60-talet. Etter

kvart vart det strengare krav til det å

slakte heime for vidaresal. For dei fleste

vart det for krevjande å etterleve krava og

tradisjonen forsvann.

Fører kunnskapen vidare

Olsen slaktar ofte i lag med dotter si,

Kine Efteland Vølstad, som driv mjølkeproduksjon

i Gjesdal.

– Eg vil at barnebarna skal forstå at

maten ikkje kjem frå butikken, seier Olsen.

Dei slaktar sau, gris og storfe og lager

fenalår, pinnekjøt, kotelettar og heile nakkar,

ytre- og indrefilet av grisen. Dei prøver

seg med ulike pølser av storfe og svin, og

litt hjort, og saltar og røyker heime.

– Det er gildt å slakte i lag. Me lager det

me har lyst på, litt etter sesong, og prøver

stadig ut nye variantar, seier Olsen.

Bra for dyrevelferd

Olsen meiner at heimeslakting er ein

del av noko større. Folk kjem tettare på

eit landbruk med små einingar som er

Geir Olsen

spreidd over heile landet. Han trur at

kvalitet på råvarene og kjennskap til korleis

dyra har hatt det før slakt har blitt

viktig for mange. Og han er ikkje i tvil.

Kjøt som er laga til heime overgår det ein

klarer å få til i industrien.

– Me klarer på ein betre måte å ta vare

på råvarene, seier Olsen.

Bonden opplever at heile prosessen

rundt heimeslakting gir auka respekt for

dyra, også når dei er i live. Han meiner det

er rett at slakteria har skjerpa inn krava til

dyr som skal transporterast, sjølv om det

for mange inneber fleire dyr som ikkje kan

sendast til slakt.

– Om du avlivar skadde dyr før det vert

alvorleg, har det ingen konsekvensar for

kvaliteten på kjøtet, seier Olsen.

BONDEVENNEN Nr. 12 - 13. april 2018 11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!