11.04.2018 Views

bv1218

• No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Førde

Sogndal

GARDSREPORTASJE

Gisle Fjæreide (35) og Lene Langhelle

Fjæreide (31) driv sauegard på Litlesotra i

Fjell kommune, Hordaland. Saman har dei

ei dotter, Malene (10 månadar) . Dei er

begge i arbeid utanom garden. Lene er

frisør og Gisle er tilsett i Sartor Maskin.

Garden er 97 mål stor. Om lag 20 mål er

dyrka mark. I tillegg har dei leigejord og

–beite, om lag 50 mål dyrka mark.

Dei har om lag 50 vinterfôra sau, og ventar

kring 100 lam.

Stavanger

Bergen

Fjell

Valle

Skien

Tønsberg

Arendal

Eivind Fjæreide, far til Gisle, er god hjelp i

den daglege drifta.

Frå beite til by: Gisle Fjæreide driv gard tett på folk. Her står han øvst på beitet på garden. Sotrabrua i bakgrunnen.

Bonden i byggefeltet

Trass i at leigeareal går tapt og at nye byggefelt kjem stadig nærare gardstunet,

jobbar Gisle Fjæreide kvar einaste dag for å vere den beste bonden han kan.

Jane Brit Sande

Gisle Fjæreide driv sauegard saman med

kona Lene Langhelle Fjæreide på Litlesotra

i Fjell kommune, Hordaland. Frå

Sotrabrua går ferda gjennom gater og

byggefelt fram mot høgda på Breivik, der

garden deira ligg.

Mister areal

Gisle og Lene driv gard tett på folk. Byggefelta

veks stadig nærare garden. Det er

søkt om løyve til å bygga 170 bueiningar

rett nedi dalen frå der dei bur. I denne omgang

går det hardast utover leigeareala.

– Samfunnet treng vegar og bustadar.

Men no mister eg leigejord til ein golfbane.

Det kjennest ikkje riktig, seier Gisle.

Han viser til utbygginga av Sotrasambandet.

Den nye brua gjer at ein lokal

golfbane mister to av ni hol, og desse to

hola blir no flytt til der Gisle leiger areal.

Både beite, innmark og dyrka mark går

tapt i samband med vegutbygginga.

Drøymer om større gard

Gisle har drive garden lenge, men den

formelle overtakinga er ikkje gjort.

– Me har gjort det slik, fordi eg lenge

har sett etter ein gard å kjøpa. Draumen

er ein gard me kan leve av, seier han.

Gisle og Lene har vore på visning på

fleire gardar. Det har vore nedslåande.

Skal dei kjøpe gard det er mogleg å leve

av, er prisen høg.

– Me ynskjer ikkje å leve med den

gjelda det vil gi oss. I tillegg ligg det gjerne

i korta at investeringar vil vere naudsynt

innan få år etter overtaking, noko

som gir meir gjeld, seier Gisle.

22 Nr. 12 - 13. april 2018 BONDEVENNEN

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!