11.04.2018 Views

bv1218

• No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

GARDSREPORTASJE

Lagvis: Rune Haugland legg det aller meste

av graset i plansilo. Her demonstrerer han

korleis slåttane ligg lagvis fôrdelt, med

vårkveiten i eitt av sjikta. Haugland har gode

erfaringar med heilsæd i fôret, og vil auka

korndelen om kraftfôrprisane stig.

– Eit enkelt og velfungerande fôrlager

som til saman ikkje kosta meir enn

200.000 kroner, fortel Haugland.

Vårkveite

I 2017 sådde han i 120 dekar med vårkveite.

– Det synte seg å gå svært bra, trass

i mykje regn og krevjande tilhøve. Eg vil

faktisk hevda at kveiten klarte seg betre

enn seksradsbyggen. Me stubba høgt og

fekk dermed lite halm inn i fôret som vart

lagt i plansiloen. Dyrkinga av kveite gir

mykje lys i svoren og passar godt i kombinasjon

med attlegg, held han fram.

Slåttane blir lagt lagvis i plansiloen.

Heilsæden av korn blir dermed eitt av

laga. Han lesser grovfôret frå stuven med

grabb over i fullfôrblandarar. Denne metoden

betyr at fôringa blir lik frå dag til dag.

– Om kraftfôret blir dyrare, tenkjer eg

å kompensera med å auka delen av korn

i grovfôret.

Treng Timotei

– Kva grasblandingar brukar du?

– Det går mykje i Spire Surfôr Pluss

90, men eg likar også blandingar som

inneheld mindre raigras, kor eg kompenserer

med å så i med raigras etter

kvart som enga blir eldre.

Haugland erfarer at Timotei, grunna

smaken, er eitt nøkkelgrasslag i engblandingane.

På garden har han alt frå

moldrik morenejord, til leir- og myrjord.

Omlaupstida på enga varierer.

– Det kan vera frå tre år og utover. Eg

har inga fast oppskrift, men ser enga an.

Å pløya opp er ein betydeleg kostnad.

– Korleis er planen denne våren?

– Nett no ser det bra ut. Me har hatt

ein del frost, medan ørlite snø har tilført

viktig fukt i grasbotn.

Haugland har hatt eit overskot av

grovfôr, og har selt ein del til kollegar

som ikkje har hatt nok også denne vinteren.

Sommaren 2017 var vanskeleg, men

Haugland var heldig.

– Eg er nok litt i farten. Det høvde godt

i fjor. Eg fekk hausta dei fire slåttane i løpet

av dei korte vindauga som var med

opphaldsvêr.

Plansiloar: Dei to plansiloane på garden ligg nær driftsbygningen og målar 12 gonger 60

meter. Dei er enkle, men funksjonelle. Samla byggekostnad var 200.000 kroner.

Må fjerna overflatevatnet

Grøfting og vedlikehald av desse, er viktig

for bonden. Å leia vekk overflatevatnet

for å unngå tilslemming og tetting av

jorda har prioritet.

– Eg lagar fysiske avløp med singel og

opne «grøfter» i problemområde. Kummar

av bildekk over drensrøyra fylt med

singel fungerer fint, desse tåler ein trøkk

med plogen og andre jordarbeidingsreiskap

utan å bli øydelagde. Elles prøver

eg å profilera terrenget med gravemaskinen

for å unngå vassfloar.

Sjølvmelding

– Kva er du mest nøgd med i

fôrdyrkinga?

– Å få høve til å blanda korn inn i

grovfôret gir moglegheiter. Dessutan

er korndyrking svært interessant.

– Kva kan bli betre?

– Å stadig betra dreneringstilstanden

blir viktig. Jorda treng å bli

rusta for å handtera aukande nedbørsmengder.

– Tips og råd til andre?

– Det må vera å utnytta avlingspotensialet

i jorda. Høge avlingar er

nøkkelen for å auka inntektsgrunnlaget.

14 Nr. 12 - 13. april 2018 BONDEVENNEN

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!