11.04.2018 Views

bv1218

• No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

MOLDROK OM MOLD, MAT OG LANDBRUK

Foto: Annlaug Fludal

brake og småskog held på å overta. Nybrende

område trekk til seg dyra og det

er derfor ein måte å styra beitemønsteret

på. Det har vore praktisert brenning

mange plassar på Haugalandet det siste

20 åra. Tveit vidaregåande skule hadde

lyngbrenning som øving for elevane i

mange år. Landbruksrådgivinga sitt kontor

i Haugesund administrerte i over ti år

utlån av felles utstyr for lyngbrenning;

gasstennarar og vifter til sløkking gjekk

på runde. Sesongen for lyngbrenning er

normalt kort og hektisk. Tørt vær er minimumsfaktor

om vinteren, når dette må

gjerast. Og tida frå «for vått» til «for tørt»

er kort. Det er ikkje hyggeleg når sløkkearbeidet

blir overtatt av brannvesenet.

Dei siste åra har lyngbrenninga på Haugalandet

blitt løfta til eit nytt nivå. Det

har vore stor aktivitet med møter og seminar.

Høgskulen på Vestlandet har vore

ein aktiv samarbeidspartner i tillegg til

lokale brannvesen. Det har blitt bygd opp

eit nettverk av aktive brennarar gjennom

Haugaland lyngbrannreserve. Erfaringar

blir delte på ei eiga facebook-side.

Det blir stadig drive produktutprøving av

meir effektivt sløkkeutstyr. Skogbrannsmekkene

har blitt danka ut av motoriserte

lauvblåsarar. Dei lokale brannvesena

er svært positive til oppbygging av

eit nettverk av folk som har kompetanse

til å sløkka naturbrannar.

Initiativet til Haugaland lyngbrannreserve

er tatt av Ove Stumo. Mange har

deltatt, men han har vore den ivrigaste til

å dra saman miljøet på ytre Haugalandet

og gjort at området har hatt ein unik aktivitet

i vinter. Stumo har brukt mange dagar

på møte, utdeling av utstyr og under

praktisk brenning. For det store engasjementet

har fylkesmannen i Rogaland

innstilt Ove som deira kandidat til den

nasjonale Kulturlandskapsprisen. (Dette

får han no vita om her i Bondevennen.)

Den viktigaste jobben med å ta vare på

kulturlandskap blir gjort av dei praktiske

utøvarane i næringa. Kystlyngheia har

fått gode økonomiske rammer i Rogaland

både frå landbruk og miljø. Eg er ein

del av støtteapparatet for bønder som tar

vare på kystlynghei. Det har gitt glede og

kjennest meiningsfullt.

MOLDROK:

drev av tørr mold

grunna vind,

jord arbeid – eller

friskt ordskifte.

BONDEVENNEN Nr. 12 - 13. april 2018 25

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!