Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
aktuelt

Haugesundkonferansen:

Snarvegen til austen

byr framleis på

utfordringar

ISETE: Dette bildet ble sendt ut av den russiske gassgiganten Gassprom, for å vise at det er mulig å frakte LNG langs Nordøstpassasjen.

FOTO: AFP/SCANPIX

Russland har store ambisjonar for den nordlege sjøruta mellom Karahavet og Beringsstredet, men

resultata har latt venta på seg, sa Arild Moe, som er seniorforskar ved Fridtjof Nansens Institutt.

Kari Stautland

Redaktør Navigare, Sjøfartsdirektoratet

I august 2017 kom eit tankskip utan isbrytar for første gong

gjennom Nordaustpassasjen, og i haust kom Maud heim til Noreg

via den same reisa. Nordaustpassasjen kortar ned reisetida mellom

Europa og Asia med opp mot 40 prosent, samanlikna med

Suezkanalen.

– Istilhøva har endra seg og seglingstilhøva blitt betre dei siste

åra. Det har ført til at ruta har fått myke større merksemd. Nok

ein faktor har gjort at ruta har fått ny interesse, det er russisk

politikk, fortalte Arild Moe under sitt førdrag på

Haugesundkonferansen.

STORPOLITIKK I RUSSLAND

Russland har laga eit eige regime for skipsfarten i området, som

mellom anna betyr at landet har monopol på isbryting i området.

– Russland har gjort myke for å tiltrekka merksemd om ruta,

og for om lag ti år sidan laga dei meir fleksible tariffar for

isbryting. Resultata har like vel latt venta på seg. Det har skjedd

ein betydelig auke i trafikken, men trafikken er framleis liten i

internasjonal samanheng, heldt Moe fram. Han viste til fleire

utfordringar, som gjer at veksten i ruta ikkje tar av.

LITEN MARKNAD

Sjølv om Nordaustpassasjen byr på kortare seglingstid, er det

fleire aspekt som byr på hindringar for dei som driv innan

containershipping: Det er få og ingen store hamner undervegs og

seglingssesongen er kort, noko som gir behov for doble

logistikkløysingar. Når det gjeld tørrlast, er ikkje tidsaspekta så

kritisk, men her er problemet at det ikkje er så mykje tørrlast som

går mellom Asia og Europa.

– Det som har gått fort, er utskipinga av LNG til Asia. Det

blei bestilt 15 spesialbygde isbrytande tankarar, men det er

framleis for lite i forhold til behovet. Derfor er det oppretta

omlastnings-terminalar, mellom anna utanfor Honningsvåg, sa

Navigare 1 - 2019 | 19