07.03.2019 Views

Navigare 01-19

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

aktuelt

Helge Ingstad-ulykka:

Svekka tillit til Sjøforsvaret etter

Helge Ingstad-forliset førte til

ein knekk i Sjøforsvaret sitt

omdømme. Det vedgjekk

Kontreadmiral Nils Andreas

Stensønes under Haugesundkonferansen

i februar.

Kari Stautland

Redaktør Navigare, Sjøfartsdirektoratet

– Me har gjort undersøkingar i etterkant

av ulykka, og ser at omdømmet vårt har

fått ein knekk. No må me gjera det me

kan i dei vidare prosessane for å bygga

opp igjen folkets tillit til oss, sa

Kontreadmiral Stensønes. Han entra

podiet på haugesundkonferansen saman

med beredskapsdirektør i Kystverket,

Johan Marius Ly. Begge påpeika kjapt at

dei ikkje ønskte å spekulera i årsakene

bak ulykka før Statens Havarikommisjon

for Transport (SHT) er ferdige med si

gransking. Det dei kunne uttala seg om

var det som hende etter at fregattforliset

var eit faktum.

– Dette er slikt som ikkje skal skje.

Når det likevel går gale skal me ta

lærdom av det. Besetninga har trena og

øvd på havarisituasjonar, og det bidrog

til at ingen mista livet denne gongen, sa

Stensønes, som rosa samarbeidet med

andre involverte instansar, som

helsevesenet, Kystverket og DNV-GL.

MANNSKAPET I FOKUS

Etter forliset forsto Sjøforsvaret raskt at

handteringa av hendinga ville ta tid, og

for å få kontroll på det vidare arbeidet,

oppretta dei fire operasjonslinjer: Ei for

handtering av mannskap og personell, ei

for heving av fregatten, ei for gransking

av heding, og ei som skulle sjå på

korleis ein kunne redusera

miljøkonsekvensane i samband med

forliset.

– Mannskapet på Helge Ingstad har

betydeleg kompetanse og røynsle, og me

la raskt ein plan for korleis me gradvis

kunne få desse tilbake i teneste. Det

handlar om å komma seg opp på hesten

igjen, på ein veldig kontrollert måte, sa

kontreadmiralen. Mannskapet blei samla

og avskjerma frå omverda i ein periode,

der dei fekk debriefing og hjelp frå

fagpersonell. Det trur Stensønes har vore

avgjerande for at alle som var om bord

då ulykka skjedde, seier at dei ønskjer å

halda fram vidare.

– GJORDE INDERLEG VONDT

Under debatten på

Haugesundskonferansen, fekk

20 | Navigare 1 - 2019

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!