07.03.2019 Views

Navigare 01-19

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Vikingtokt til Danmark

Sjøfartsdirektoratet jobbar i desse dagar med å utforma eit nytt regelverk for opne treskip.

Eit besøk hos Vikingskipsmuseet i Roskilde baud på nytting informasjon for arbeidet vidare.

Dag Inge Aarhus

kommunikasjonsdirektør, Sjøfartsdirektoratet

– Dette var eit av to viktige møter for å diskutera og få meir

kunnskap om korleis ein kan utforma eit regelverk som tek omsyn

til både tryggleik og desse spesielle skipa, seier Jan Reinert

Vestvik, som er senioringeniør i passasjerskipsavdelinga i

Sjøfartsdirektoratet. Saman med to kollegaer besøkte han

Vikingskipsmuseet i Roskilde i februar. Ved museet har dei

erfaring med både bygging, rekonstruksjon og drift av vikingskip,

og fagfolka ved museet kunne bidra med nyttige innspel til det

pågåande regelverksarbeidet.

HENTAR INN INFORMASJON

Hausten 2017 gav Nærings- og fiskeridepartementet direktoratet

oppdraget med å utarbeida eit nytt regelverk i samband med saka

rundt vikingskipet Saga Oseberg. I mars 2018 sende

Sjøfartsdirektoratet det første forslaget til nytt regelverk for opne

trefartøy som fører fleire enn 12 passasjerar, ut på høyring.

Høyringa avdekte fleire område som burde greiast ut nærare,

noko også departementet var samde i. Mellom anna vart det peika

på at ein i større grad burde innhenta informasjon og erfaringar

frå ulike fagmiljø, mellom anna Universitetet i Sørøst-Norge.

MØTE MED NORSKE AKTØRAR

– Danmark har eit eige regelverk for denne type skip, og det var

mellom anna årsaka til ein valde å vitja eit fagmiljø der, i tillegg til

at me har hatt møte med fleire norske aktørar. Dei norske

aktørane vil sjølvsagt også kunne gje sine tilbakemeldingar i den

neste høyringsrunden, som kjem ein gong på vårparten, påpeiker

Vestvik.

Det opphavelege oppdraget frå Nærings- og fiskeridepartementet

er å få på plass eit regelverk som både tar vare på eigenart ved

drift og bygging av skipa, samstundes som det vert tatt omsyn til

tryggleiken ein må forventa for passasjerar og mannskap.

Navigare 1 - 2019 | 49

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!