27.07.2013 Views

Det Store Spelet. Report om eksempelgårdene i ... - Levende læring

Det Store Spelet. Report om eksempelgårdene i ... - Levende læring

Det Store Spelet. Report om eksempelgårdene i ... - Levende læring

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

las det opp til storm. Til alt hell vurderte læraren

sjøen så voldsam då dei skulle heim, at ho sette

elevane i land og sendte dei heim til fots medan

ho og ein assistent tok båten tilbake til naustet.

Det blas for mykje til å få opp garn og teine så dei

drog rett heim etter at assistenten hadde fått seg

ein badetur i forsøket på å fortøya båten. Eg vil tru

at elevane lærte noko om kor små me menneske

kan vera i forhold til naturkreftene denne dagen.

Det er vår. 1.klasse frå Sveio skule er på

Straumøy for siste gong dette skuleåret. Alle ungane

skal i båt, og dei blir frakta i puljar over til

halvøya Nappeid. Her er ein fin stad å vera når

det er mange elevar: ein ganske stor grasbakke

ved ei vik mot vest. Me har bål og grillar, og elevane

ser etter liv i fjæra. Me har sett ut garn like

utafor vika, og nokre av elevane vert med ut og

dreg garnet. Etter ei stund høyrer me ville jubelrop,

og til lands kjem dei med fleire fiskeslag i nevane.

Elevane stråler; det har tydeleg vore spennande å

dra opp garnet sjølv om det berre var småfisk i

fangsten.

Før elevane går ut i båt, får dei nøye instruks om

korleis dei skal oppføra seg i båten. Redningseller

flytevest må dei ha på seg, og dei får klar

melding om at ingen står eller samlar seg i ei side

av båten. Dette siste påbodet er vanskeleg å retta

seg etter når me trekker garn eller teine. Det er så

spennande når reiskapen bryt vass-skorpa at alle

reglar lett blir gløymde. Difor viktig å ta små grupper

ut i båten så han held seg stødig.

Hagebruk

»Eg var på hagebruksgruppa. Det var gøy. Først

gjekk me ner til gulerotåkeren og tok opp masse

gulerøter. Og dei gulerøtene me ikkje skulle ha til

mat gjidde me til hesten. Og når me var fardi med

det grov me og nokre poteter i potetåkeren. Så tok

me ein pause ved huset til Anne. Og ite på gjekk

me bort til garden for å henta såjord som var

sauaskit. Me fekk også smaka på så mange urter

som me ville. Mange av dei smakte godt. Også

planta vi nokre trer i hage. Det trur eg var alt me

gjorde den dagen.»

Torgeir, 6. klasse

I byrjinga fekk elevane velja kva område dei ville

jobba med. Det viste seg snart at sjøbruk, skog-

bruk og husdyr blei oppfatta som mykje meir spennande

enn hagebruk, og me måtte bruka alle våre

overtydingskunster for å få nok elevar med i

hagen. Dette var heller ikkje uventa, då plantene

ikkje kan gi uttrykk for takksemd slik som dyra gjer

når me steller godt med dei, eller har noko spenning

i seg samanlikna med fiske. For å fanga interessa

deira, måtte me laga til varierte oppgåver.

Likevel skulle dei gjera seg ferdige med det dei

hadde begynt på før dei fekk noko ny oppgåve.

Åkrane dei blei sette til å så og planta i, måtte vera

overkommelege i elevane sine auge, og ikkje minst:

dei måtte få vera fleire i lag på dei ulike oppgåvene.

I starten var det ein vaksen på kvar gruppe, inntil

elevane vart fortrulege med arbeidsoppgåvene.

Mellomtrinnet frå Førde skule var her første gong

om hausten, midt i innhaustinga. Dei var med på å

ta opp gulrøter, kålrot

og poteter. Elevane

delte seg inn i to grupper

i gulrotåkeren. Den

eine gruppa fekk gulrøtene

opp på låven i

ein fei. Den andre

gruppa brukte mykje

lengre tid på oppgåva

då dei aldri blei einige

om korleis dei skulle

frakta gulrøtene opp

på låven. Desse to

gruppene fekk verkeleg

sjå kva godt samarbeid

har å sei når

ein skal få utført ein

jobb. Dei hausta òg

urter til tørking, dei

prøvde seg på ulike

35

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!