17.09.2015 Views

Navigare nr 3 - 2015

Utgave nummer 3 - 2015 av Sjøfartsdirektoratets magasin Navigare.

Utgave nummer 3 - 2015 av Sjøfartsdirektoratets magasin Navigare.

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Fotokonkurranse

Fotokonkurransen for fritidsbåtfolket:

Båt + kamera =

glede og idyll

Juryen hadde i år ein vanskeleg jobb føre seg. Bidraga

var mange og gode, og fekk oss til å lengta tilbake til late

sommardagar på sjøen. Dei ti finalistane finn du her.

Kari Stautland

Redaktør Navigare

Sjøfartsdirektoratet

I år fekk me inn totalt 47

bidrag til konkurransen,

og juryen fekk som nemnt

ei tøff oppgåve med å

velja ut finalistar og pallplasseringar.

Sigersbildet

var det likevel ikkje vanskeleg

å bli samde om. Bildet

av 16-år gamle Simen

Haughom som nyt ei stille stund i baugen

på båten, er herleg idyllisk. I tillegg er det

eit teknisk godt, og velkomponert fotografi.

– Fint augneblinksbilde, kjenner roen

ved å sløva i baugen på blikkstille vatn.

Rett fram og harmonisk komposisjon, var

kommentaren frå ein av juryens medlemmer.

Frank Haughom, som er fotografen

bak bildet fortel at det er svært sjeldan ein

opplever vatnet så stilt i Roskreppfjorden,

der bildet blei teke. Fjorden er det øvste

magasinet i Sira Kvinas kraftverk og ligg

900 meter over havet.

BÅDE VILLREIN OG SIGER

– Bildet blei teken ein tidleg morgon i juli.

Me hadde stått opp grytidleg for å sjå om

me kunne fotografera villrein. Då må me

først kryssa vatnet med båt, for så å ta

beina fatt, fortel Haughom, som bur i

Sirdal kommune. Denne morgon var dei

heldige. Villreinen dukka opp der dei

hadde håpa. Førstepremien i årets fotokonkurranse

kom som ein uventa bonus

for fotoentusiasten som også stakk av med

førsteplassen i same konkurransen i 2014.

– Så gøy! Tusen takk, det hadde eg

ikkje trudd, var første kommentaren til

Haughom då han blei informert om sigeren.

Premien er ein iPad Mini og ein

flytevest. Haughom blei særleg glad for

flytevesten.

– Den me vann i fjor var kjempegod,

så det er kjekt om Simen og kan få seg ein

slik, seier Haughom.

ANDREPLASS: Tydelig stolt båtførar med tryggleiken i fokus! Ålfjorden i Sveio kommune.

FOTO: KJETIL SALTVEIT

TRYGGLEIK I FOKUS

Begeistra var også han som stakk av med

andrepremien, beståande av ein flytevest

og ryggsekk. Kjetil Saltveits foto av sonen

Erling (10), som får styra påhengsmoto­

22 | NAVIGARE 3 - 2015

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!