06.11.2015 Views

Leif O Østerbø

1OsO05z

1OsO05z

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Lov å lære

Rundt bordet på Høvringen sit 13 medarbeidarar frå jordskifteretten

på Lillehammer. Ivar Øygard har arbeidd i jordskifteretten i over førti

år under lovene frå 1952 og 1979 og skal no setje seg inn i den tredje

jordskiftelova. Britt Rusten startar opp om ein månad og er ny i dommargjerninga.

Leiing og medarbeidarar ved Vestoppland og Sør-Gudbrandsdal

jordskifterett er klare for ei fagleg økt saman på Høvringen.

Av Åste R. Ruud

Utgangspunktet er at dei skal bli betre kjent

med endringane i ny jordskiftelov. Det er

laga 26 fagartiklar “Lov å lære” for å støtte

jordskifterettane i arbeidet med å ta i bruk

den nye jordskiftelova. Tretten av desse er

gjennomgått i eit tidlegare seminar. No skal

dei siste 13 artiklane gjennomgåast. Det blir

prioritert å gå gjennom endringar i høve til

1979-lova.

Frå “bruk” til “sambruk”

Jordskifterettsleiar Ivar Øygard startar med

fagartikkel 11 om Bruksordning og felles

tiltak. Artikkelen er skreven av Olav Ranum og

fagfellevurdert av Ivar Haugstad.

Reglar om bruksordning er tatt inn i i § 3-8

i den nye lova.

– Vi må merke oss at heimelen vi tidlegare

har hatt til å ordne bruken i personlege

sameige og personlege bruksrettar er fjerna,

seier Øygard og legg til at dei heller vel aldri

har hatt slike saker.

Det blir heimel til både å gi og å endre

eksisterande sambruk. “Endre” er nytt, og

er vel eigentleg ei stadfesting av det mange

av oss har gjort, men som vi har hatt usikker

heimel til.

Jordskifteretten får og ny heimel til å gi

reglar om sambruk av uteareal til eigarseksjonar,

men det er usikkert om jordskifteretten

har heimel til å flytte bruksrettar etter den

nye lova. Så er omgrepet “bruk” i gjeldande

lov endra til “sambruk” i ny lov.

Det er ikkje akkurat det same, blir det

sagt rundt bordet. Etter ein kort diskusjon om

sambruk held Øygard fram om temaet felles

tiltak, før han slepp til neste dommar og neste

artikkel.

Frå arealverdi til verdiauke

Det handlar om fordeling av netto planskapt

verdiauke. Erik Nord har skrive artikkelen

som er fagfellevurdert av Trond Magne Movik.

– Verdiauke har vore eit aktuelt tema

sidan den første plan- og byggingsloven kom,

startar Johan Enger. - Det som i gammal lov

heitte fordeling av arealverdiar.

– Når kommunestyret har bestemt grensene

for regulering og laga reguleringsplan

skal fordeling av den planskapte verdiauken,

utbyggingsverdien, fordelast. Dette har vi

god kunnskap om mellom anna saman med

eigedomsmeklar. Korleis vi skal dele er det

store spørsmålet; i forkant? I etterkant? Vi må

fastsette utbyggingsverdi for heile området,

dernest må vi sjå på kvar enkelt eigedom. Det

er slik det står i lova og eg opplever at det er

rett at vi må tenkje slik. Dei andre deltakarane

er samde.

Enger illustrerer og fortel korleis repartisjon

skjer.

– Forsøk på repartisjon, fordeling av utbyggingsverdiar,

skjedde første gong i Fåberg

Vestfjell, då dei i 1961 såg heile fjellområdet

under eit; uavhengig av eigedomsgrenser og

teigar. No blei ikkje framlegget gjennomført

fullt ut, men i eit avgrensa område i same

fjellet blei det for eit par år sida gjennomført

friviljug repartisjon knytta til ein ny reguleringsplan.

Eksempelet Enger bruker er eit område

der to av jordskifteretten sine medarbeidarar

har hytte og eigedom. Enger teiknar veg, hytter

og vatn, og foredraget vekkjer munterhet

rundt bordet.

Ivar Øygard og dei tre jordskiftedommarane

Johan Enger, Odd Einar Larsen, og Turid

Gai går gjennom resten av artiklane. Kvar fagartikkel

avsluttar med spørsmål til refleksjon,

og alle bidrar med kommentarar, spørsmål

og innspel.

Etter avslutta økt med fagartiklar, blir det

Ivar Øygard (blå jakke midt i biletet) med medarbeidarar på toppen av Vardhøe, 1116 moh.

Turid Gai, Ivar Øygard, Johan Enger og Odd Einar Larsen er godt nøgde

med arbeidsøkta på Høvringen.

jordskiftefaglege bytta ut med eit foredrag om

intranett som kommunikasjonskanal, korleis

domstolar byggjer lokalt innhald og nokre tips

og triks.

Ivar Øygard går gjennom fagartikkel 11 - Bruksordning og felles tiltak.

Tid for tur

Øygard og medarbeidarane hans drar ikkje

på samling utan å legge inn tid til ein langtur.

Denne samlinga er lagt opp med ein lang fagdag

og ein turdag. Fagdagen blir utnytta fullt

ut; men deltakarane rekk ein rask luftetur

på Vardhøe før middagen blir servert utpå

kvelden.

Seminar på Høvringen

Vestoppland og Sør-Gudbrandsdal jordskifterett

legg ofte fagseminar utanfor kontoret.

Ivar Øygard fortel:

– Jordskiftearbeidet er eit lagarbeid der

gode resultat og effektivt arbeid er heilt

avhengig av godt samarbeid mellom alle

medarbeidarane. Vi legg bevisst opp til å arrangere

seminar utanfor kontoret, og vi legg

gjerne inn ein skidag eller ein fjelltur i løpet av

arbeidsåret der alle medarbeidarane deltek,

nettopp for å byggje arbeidsmiljø og fellesskapskjensle,

og for å bli godt kjende med

kvarandre også utanom arbeid. Eg er trygg på

at vi totalt sett har gevinst av slike tiltak. Og

det bidrar til at vi trivst utruleg godt saman.

Det er eit poeng i seg sjølv, seir han.

– Ny jordskiftelov må alle medarbeidarane

ha ein viss minste kjennskap til, og det får dei

ved at dei deltar aktivt i gjennomgangen av

desse fagartiklane. For oss er det også meir

effektivt å gjennomgå dette i to seminar enn å

spreie det ut over heile året.

Strukturert og ryddig lov

– Det er i realiteten små endringar i høve til

gjeldande lov, seier Øygard. – Jordskiftelova

av 1979 har gjennomgått svært mange

endringar etterpå. Dette har gjort det unødvendig

med store endringar no, men det har

også medført at lovteksten i gjeldande lov er

blitt uoversiktleg og vanskeleg tilgjengeleg.

Det var vel og hovudårsaka til revisjonen.

Den nye lova er godt strukturert og ryddig.

På den andre sida er vi kanskje ikkje heilt

nøgde med alt; eit par av dei viktige heimlane

vi har hatt hittil har falle ut av lovteksten, og

det kan reisast tvil om vi til dømes etter 2016

har heimel til å fordele tilleggsjord.

Eg, og mange med meg, er og usikre på

verknaden av at fremmevedtaket fell bort,

fortel Øygard.

Om spesielle utfordringar framover

– For jordskifterettane blir det først og fremst

ei utfordring å praktisere to jordskiftelover

og to saksbehandlingssystem samtidig over

tid. For oss som har mange store og arbeidskrevjande

saker under arbeid, vil slik overlapping

høgst sannsynleg vere nødvendig heilt

fram mot 2020, avluttar Ivar Øygard.

Johan Enger forklarar mellom anna korleis eigedomar og verdi heng saman.

Alle rundt bordet bidrar med kommentarar, spørsmål og innspel.

20 21

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!