06.11.2015 Views

Leif O Østerbø

1OsO05z

1OsO05z

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

DOMSTOLER NOREG RUNDT

DENNE GONGEN: HAUGALAND TINGRETT

dommar og skal vere forhandlingsdommar i

noregshistorias mest omfattande bedragerisak

av offentlege midlar: SOS Rasisme-saka.

– For oss blir dette ei langt større straffesak

enn vi er vande med. Det er utfordringar

med mange tiltalte og at den skal gå over så

lang tid. Så langt er åtte personar tiltalt, fleire

av disse ynskjer å ha to advokatar, og saka er

fastsett til to månader. Mykje er enno ikkje

avklart. Framover blir det fleire førebuingar,

og arbeidet blir både utfordrande, spennande

og tidkrevjande. Det er ein annan måte å jobbe

prosess på, det å halde på med ei så stor sak

over lenger tid, framfor å ha mange småsaker,

seier Lundegård.

Tidkrevjande avklaringar

Også sorenskrivar Tine Odland har jobba mykje

med utfordringane det er å skulle avvikle

denne saka. Odland fortel:

– Vi har jobba mykje med avklaringar om

kvar rettsaka skal gå og om den skal vere

fullelektronisk eller ikkje. Dette har med

økonomiske rammer å gjere, og budsjettet

vårt tillèt ikkje at vi kan ta desse investeringane.

Det er utfordrande å finne ein plass som

er stor nok til å avvikle saka. Helst skulle vi

hatt ho her i tinghuset. Økonomiske straffesaker

har også svært mange dokument,

og spesielt i denne saka der vi har så mange

aktørar. Derfor skulle vi gjerne ha brukt ei

elektronisk løysing. Det ville gitt ein stor effektiviseringsgevinst

for oss, og det ville vore

til felles interesse for både oss og politiet. Vi

kjenner ikkje heilt konsekvensane for domstolen

enno, men eitt dommarverk blir borte

i fire-fem månader. Med underbemanning på

saksbehandlingssida og ein dommarfullmektig

mindre enn vi har hatt føregåande år, vil vi

nok merke dette på saksbehandlingstida.

Samarbeidsmøte

– Vi har samarbeidsmøte to gonger i året med

Familievernkontoret. Ein representant for den

lokale advokatforeninga og representantar

frå dei mest brukte sakkyndige i barnesaker

er også med, fortel Odland. – Tanken er at

vi skal bruke familievernkontoret meir til

mekling både mens saka pågår, men også

der sakene blir forlikte. I dei såkalla skjøre

forlika kan den sakkyndige vere med over til

familievernkontoret og gjere greie for problemstillingane

i saka, og familievernkontoret

kan mekle mellom partane slik at samarbeidet

kan fungere godt også framover. Ikkje

alle sakene egnar seg for slik mekling, men vi

sender over ein del saker. Elles har sakstilfanget

har vore jamt det siste året. Vi har også

Morgonmøtet på spiserommet er over og medarbeidarane går kvar til sitt.

Administrasjonssjef Åse Veigner Biering (ståande) har tatt initiativet til ei intranettsamling

for eigen og tre nærliggande domstolar. Redaktør Marian Rød Lien publiserer.

to årlege samarbeidsmøte med politiet.

Vitnestøtte

– Ein gong i året inviterer vi vitnestøttene,

påtaleleiar, ein av dei faste forsvararane og

bistandsadvokatane til lunsj og erfaringsutveksling.

Det handlar om å synleggjere

vitnestøttene, og vi ønskjer å gjere stas på dei.

Det er viktig at vitnestøttene også får treffe

dei profesjonelle aktørane i ein slik samanheng.

Vi har hatt to kurs med opplæring av

vitnestøtter, og har då følgt malen frå DA, som

har vore til god hjelp.

Sosialt i Haugaland

Kvardagen er prega av stor aktivitet, mange

folk med godt humør og god humor.

Kvar dag møtest dei tilsette i 10 minutt for

trening i arbeidstida. Dei følgjer den av kollegaene

som er instruktør, og bøyer og tøyer

etter tydlege instruksar.

– Dette er ei god investering i helsa, seier

Odland. – I tillegg til at vi har hev-/senk-bord

til dei fleste, har vi eiga bedriftshelsetenest

og fokus på HMS-arbeidet. Vi har fire årlege

møte der leiinga, tillitsvalde og verneombod

deltek. Bedriftshelsetenesta og IA-bedrift

frå NAV deltek på to av møta. IA-plass for

arbeidstakar utanfrå er òg ei flott og fleksibel

ordning som vi har hatt god erfaring med,

fortel ho.

Sosialt med mykje lått og løye

Miljøgruppa består av to dommarar, to saks-

Marian Rød Lien (til venstre) og Janne

Bjerkreim trivst svært godt med å ta

imot dei besøkjande i første etasje.

Kvar dag tar dei tilsette ei lita økt med trening i arbeidstida.

behandlarar og ein dommarfullmektig.

Saksbehandlar Hilde Risanger Vandaskog

og dommar Arne Vikse, to av dei fem, fortel:

- Mandatet vårt er å ta hand om dei sosiale

aktivitetane. Julebord og sommarfest har

vi fast. Elles legg vi opp til aktivitetar som

appellerer til dei fleste. Bowling var populært

i fjor og står på planen igjen no i haust. Elles

har vi vore på teater, vi tar eit lønningstreff,

og for ikkje lenge sidan hadde vi ein flott tur

opp til byfjellet vårt, Steinsfjellet. Vi prøver å

legge opp til ei hending i månaden, ofte berre

på eit par timar, så alle kan vere med ein gong

i blant.

– Vi har mykje lott og løye når vi er saman,

og vi gir ros til leiinga, som alltid er villig til å

stille opp slik at desse sosiale arrangementa

Det blir sosialt rundt bordet når dommarfullmektig

Bernt Kallevik Dahlsveen har

sin siste arbeidsdag.

skal vere moglege, avsluttar Vandaskog og

Vikse.

Siste dag for dommarfullmektig

Sosialt blir det òg rundt bordet når dommarfullmektig

Bernt Kallevik Dahlsveen har sin

siste arbeidsdag. Odland takkar for dei to åra

han har vore der, for hans faglege dyktigheit,

for humoren og dei gode replikkane hans.

– Jobben som dommarfullmektig her i

Haugaland har vore ei veldig fin oppleving. Eg

har hatt varierte arbeidsoppgåver som eg trur

eg vil få god nytte av når eg no skal tilbake til

påtalemyndigheita. Som dommarfullmektig

har eg òg hatt høve til å observere dei andre

aktørane i retten. Det er òg noko å ha med

seg når eg no skal sitte på den andre sida av

bordet. Dahlsveen er no på veg tilbake til

Hordaland politidistrikt.

Nøgde med nytt tinghus

4. april 2008 flytta Haugaland tingrett inn i

nytt tinghus.

– Vi er veldig nøgde med tinghuset. Det er

lyst og luftig, vi har flott utsmykking, og rettssalane

fungerer også veldig godt. Ekspedisjonen

ligg i første etasje, dei åtte rettssalane i

første og andre etasje og kontora ligg i tredje.

Gulating lagmannsrett har ein sal vi også kan

bruke, fortel Odland. Ho er derimot ikkje fullt

så nøgd med at to av medarbeidarane, dei

som sit i resepsjonen, er så langt unna i det

daglege. Ho skulle gjerne hatt dei nærare dei

andre kollegaene.

- Når det er sagt trivst dei to svært godt i

første etasje, og dei gjer ein god jobb med å ta

imot alle som har eit ærend i tingretten.

God kontakt med aktørane

Dei to servicemedarbeidarane i resepsjonen

bekreftar at dei meir enn trivst.

– Det som er mest gjevande er at vi treff

alle som er innom domstolen, seier Marian

Rød Lien og Janne Bjerkreim. - Vi får også

veldig god kontakt med aktørane som kjem.

– Vi jobbar med tvangssal, notarial, vigslar

og kundeservice. Telefonsentralen er her,

og vi gjer mange forfallande oppgåver. Vi tar

også tar vare på dei som brukar bygget, noko

vi synest er svært viktig. Rød Lien kom frå

Haugesund tingrett og Bjerkreim frå Karmsund

tingrett. – No har vi jobba her i åtte år

og må berre seie at vi er svineheldige som får

jobbe saman.

Vi kjenner oss heldige alle som jobbar her,

og no er vi førebudde på travle, men også spesielt

interessante, dagar framover, avsluttar

sorenskrivar Tine Odland.

FAKTA

• 22 tilsette: Sorenskrivar Tine

Margrethe Odland, Administrasjonssjef,

6 tingrettsdommarar, 2 dommarfullmektigar,

2 seksjonsleiarar/

rådgjevarar, 10 saksbehandlerar.

• Kommunar i rettskretsen: Haugesund,

Karmøy, Tysvær, Vindafjord, Etne,

Sauda, Suldal, Bokn og Utsira.

• Tingrettane Karmsund og Haugesund

blei slått saman til Haugaland tingrett

i 2008.

28 29

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!