06.11.2015 Views

Leif O Østerbø

1OsO05z

1OsO05z

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

DOMSTOLAR NOREG RUNDT

DENNE GONGEN: HAUGALAND TINGRETT

Sorenskrivar Tine Odland er godt nøgd med både tinghus og medarbeidarane som jobbar der.

Signe Margrethe Lundegård skal vere

forhandlingsdommar i noregshistorias

mest omfattande bedragerisak av offentlege

midlar: SOS Rasisme-saka.

Samanslått og trivst

Haugaland tingrett er allereie ein samanslått domstol, og trivst godt

med det i ei tid då strukturdebatten igjen er på dagsorden. Om ikkje

lenge skal dei gjennomføre straffesaka i det som er omtala som noregshistorias

mest omfattande bedragerisak.

Av Åste R. Ruud

1. april 2008 såg Haugaland tingrett dagens

lys då Karmsund tingrett og Haugesund tingrett

blei slått saman.

– Vi var overmodne for å slåast saman og

hadde vore det i mange år. Begge domstolane

låg i Haugesund, alle tilsette var positivt innstilte

og samanslåinga gjekk heilt fint. Dette

fortel sorenskrivar Tine Odland, som har vore

leiar i Haugaland tingrett sidan 1. januar 2009.

Nytt tinghus har dei også fått, og dei tilsette

trivst svært godt både på arbeidsplassen

og med kvarandre.

Robust organisasjon med god kompetanse

Odland opplever at dei har mange kompetente

medarbeidarar og at alle jobbar godt saman.

– Eg er opptatt av at vi skal ha ein robust

organisasjon. Minimum tre personar skal

kunne dei forskjellige arbeidsfelta. Derfor har

vi organisert saksbehandlarane i to seksjonar.

– I den eine seksjonen er alle straffesaker

og sivile saker. Alle har begge deler og dei

følgjer sakene frå a til å. Alle dommarane

har saker saman med saksbehandlerane. På

denne måten blir dei godt kjende med kvarandre.I

den andre seksjonen ligg dei resterande

oppgåvene. Her har vi ekspedisjonen, skifte,

konkurs, rekneskap, tvangs- og gjeldssaker,

samt oppgåvene til driftskoordinatorane. Det

er stort sett tre på kvar oppgåve her også. –

Denne organiseringa er god både når det gjeld

det faglege og det sosiale. Vi kjem tettare på

kvarandre, fortel Odland.

– Vi hentar òg inspirasjon og fagleg utbyte

andre stader. Ein dommar har nettopp vore

i Danmark for å sjå på organiseringa i ein

domstol på tilsvarande størrelse som vår. Ein

annan dommar er i Leeds i England for å lære

meir om hurtigdomstol.

Faste morgonmøte

Kvar morgon klokka 08.30 møtest dei av medarbeidarane

som har anledning til ei felles

samling i lunsjrommet.

– Dette har vore ei prøveordning, men

ordninga ser no ut til å ha kome for å bli. Kor

mykje informasjon vi har på møta varierer,

men vi samlast kort og går deretter kvar til

vårt. Dette er ein god start på dagen, seier

Odland.

Stor rettssak i vente

Signe Margrethe Lundegård er førebuande

17 av dei 22 tilsette i Haugaland tingrett

26 27

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!