26.07.2013 Views

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

etre med sverdet enn du er. Eg har brukt det i fleire år enn du har levd. Det er heller ikkje noko

skam å ta til tårane når ein har vore skikkeleg rasande. Eg synest i alle fall ikkje at det er det når eg

gjer det. Elles så ville eg ha sagt at det sinnet du viste meg i dag, det skal du ta godt vare på. Det

kan komme godt med ein gong du har bruk for å gå på ein mann. Og kan du i eit slikt sinne bruke

sverdet med noko større dugleik, kan det komme til å gå gjetord om deg.

Bjørnulv sat framleis og såg i ei anna lei.

- Og du skal vite at det Gaute fortalde meg, det kjem ikkje vidare frå meg. Eg er nokså sikker på at

det heller ikkje kjem vidare frå han. Eg trur ikkje Gaute ville like å ha meg til uven.

Det tok til å riste litt i akslene til Bjørnulv igjen.

- Jaja, heldt Asgaut fram. Det var no det. Men så var det ei anna sak. Det kjem ein til gards -

truleg i morgon, ein du aldri har møtt. Bodvar heiter han. Han har vore i Trøndelagen i sommar.

Kva han har gjort der, er eg ikkje heilt viss på, men eg trur det har noko med Tryggvasonen å gjere.

Bjørnulv kunne ikkje halde seg lenger.

- Korfor tar du meg hit for å snakke om han? Kva har han med meg å gjere?

- Han har vel ikkje nettopp noko med deg å gjere, enno. Men eg tenkte at du kunne ha godt av å

vite at han er ein av dei som står Hjorten nærast. Eg tenkte heller ikkje det gjorde noko om du fekk

vite at soga om Bodvar Bjarmlending ikkje er så heilt ulik soga om Bjørnulv Steinbjørnsson.

Bjørnulv såg storøygd på Asgaut.

- Meiner du at...

Asgaut lo litt.

- Ja, eg meiner det.

- Og du sa at han er ein av dei som står Hjorten nærast, stotra Bjørnulv.

Asgaut såg fast på Bjørnulv.

- Eg sa det, ja. Forresten har eg ikkje merka at Tore har gjeve deg nokon grunn til å meine at han

ser ned på deg heller.

Bjørnulv kjente at han raudna litt der han sat, og tenkte på det Tore hadde sagt til han med det

første han var komen til Borg.

- Det er ei anna sak, og. Det har vore låkt med øving i bogeskyting. Men etter det vesle eg har sett,

trur eg ikkje at du skulle bli blant dei kleinaste

der. Og eg kjenner meg viss på at når Bodvar kjem, så blir det mykje trening med bogen. Det er få

i Hålogaland som kan måle seg med Bodvar når det gjeld bogeskyting.

Bodvar var Kalv Kvite si rake motsetning på alle vis. Mørk var han, både i hår og hamlet, og dryg

i måla, både ein og hin vegen. Og han var ikkje lenge heime på Borg før Bjørnulv forsto at han

heller ikkje trong truge seg på kvinnfolka. Det kunne nesten verke som det snarare var motsett.

Likevel såg det ikkje ut til at eit einaste kvinnfolk vart fornærma over ikkje å nå fram til han.

Bodvar sin måte var slik at ingen kjente seg krenka.

For Bjørnulv var det ein nesten umogleg tanke at denne mannen eingong hadde vore træl.

- Så trygg på meg sjøl blir aldri eg, tenkte han meir enn ein gong.

Nokre dagar etter at Asgaut hadde snakka med Bjørnulv, var det ikkje Kalv Kvite, men Bodvar som

møtte dei på treningsvollen.

Bodvar sto breibeint og augefor gutane etter kvart som dei kom. Blikket hans var så svart og

kvasst at alle retta ryggen når han såg på dei.

Alle gutane stilla berre med sverd, slik dei var vane med.

- Jaha, så de er sverdmenn alle saman, ser eg.

Det låg ein liten spott i stemmen til Bodvar.

- Sjøl er eg ikkje nokon stor sverdsvingar, så ettersom Hjorten har sett meg til å øve med dykk i

dag, så får de svinte dykk til å hente boge og pil.

Bjørnulv hadde høyrt eit nyss om at Det kanskje skulle bli ei omlegginga av treninga denne dagen,

og hadde tatt med seg bogen og pilene sine. Men for ikkje å dumme seg ut om han hadde mistydd,

hadde han lagt bogen og pilene sine bak ein einer like ved treningsvollen: Han var derfor den første

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!