26.07.2013 Views

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

- Du får ønske meg god vakt. No går eg og legg meg til så lenge. Kan vere godt med ein blund før

vakta tar til, veit du. Lettare å halde seg vaken då, veit du.

Det var roleg i skålen. Nokre få låg alt og snorka på pallane, andre sat og småduppa over ølhorna,

atter andre sat og samtalte lågt, men den største gruppa var samla kring Kjartan Arason. Kjartan var

ein kløppar til å minnest og til å seie fram gamle kvad. Særleg var det smedviser både om folk frå

grannelaget og om meir kjente folk som vekte åtgaum. Kjartan var ikkje så reint lite av ein skald

sjøl heller, men det var ikkje så ofte han let seg lokke til å kvede eigne strofer.

Asgaut vinka Bjørnulv bort til seg. Bjørnulv reiv til seg noko mat og tok til å ete.

- Har du ikkje smakt mat før i dag, ville Asgaut vite.

- Det har vorte lite med det, sanna Bjørnulv i.

Asgaut fylte eit horn med øl og stakk borttil Bjørnulv.

- Eg har lagt merke til at du er heller spak til å svinge drikkehornet. Og det er sant som dei gamle

sa at ovdrykk av øl ikkje er godt for mannen. Men det kan vel og hende at det er å vanære gudane,

no når vi drikk jul, om ein ikkje lar strupen leske med den gudegåva som ølet er. Så no synest eg du

skulle tøme eit horn eller to, til ære for blotet og gudane. Du

treng likevel ikkje ære gudane fullt så mykje som vår ven Gaute Frodason. Eg håpar han ikkje

steller seg slik at Odin får eit nytt offer i morgon. Ikkje det at eg ikkje unner Odin offeret, men...

Bjørnulv berre nikka med munnen full av mat.

- Elles kan eg tru at du har æra Frøy og Frøya ganske ihuga på anna vis. Du meiner kanskje at det

får greie seg. Kor har du gjort av tausa no, forresten?

- Ho er vel nede hos Fåne, glapp det ut av Bjørnulv. Han kjente han var fortærande raud i toppen

med det same.

- Så, det er Fåne som held dykk med hus. Er det i Disa-koven de held dykk då?

Bjørnulv greip ølhornet og drakk djupt for å vinne tid, for å komme på noko å svare.

- Enn du då, og blottausene dine? Kor de held dykk?

Asgaut slo opp ein stor latter. Han lo så han heldt på å køyvdest og måtte nedi drikkehornet etter

ein dryg sup for å komme seg.

- Sjå der ja, hiksta han.

- Der ser du. Ein blir meir ordhag når ein får seg ein god sup øl. Jau, ser du, vi held no til i kvar

sin kove, både Bodvar og eg. Og har hendene fulle begge to. Dei er sprelske, desse Ægheimtausene,

når dei først får smaken på det. Du skal vere nøgd du, som berre har ei å stelle med. To

kan bli i meste laget for ein kar.

Dei vart sittande der ei god tid og prate. Og det vart til at Bjørnulv tømte hornet både to og tre

gonger før han kom seg derifrå. Han var ikkje heilt stø på føtene nedover mot Fånestova. Han

prøvde å skylde på mørket og vinden, men kom til at det hadde lite for seg.

Nede i Fånestova pusla Ullfrid med ei gryte over åreelden. Koll sat på hi sida av elden og skar i eit

lite trestykke. Begge såg opp då Bjørnulv kom dumpande inn.

- Her luktar det godt, helsa Bjørnulv.

- Ja, vi har gjort eit aldri så lite innbrot i kjøttynna hans Fåne, lo Ullfrid. Såg du noko til han oppå

Borg?

- Han sat i godt lag der, såg det ut for. Han hadde tatt til å tevle med Kjartan om kven som kunne

flest kvad. Og det verka som også Fåne hadde mange gamle skjemteviser i minnet, tunga hans

hadde sin eigen vilje, så det var ikkje alt som var like lett å forstå. Men kva er det du Koll sit og

spikkar på?

Koll skava ei siste flis av trebiten han heldt på med og stakk den nedi ein liten skinnpung som han

heldt fram mot Bjørnulv.

- Sjå her, denne er til deg, om du ikkje forsmår ei lita gåve frå ein gammal træl. I denne

skinnpungen ligg det ein liten bit kalveskinn med nokre heilage stavar på og den vesle trebiten du

nyss såg. På den har eg rista nokre runer. Eg har lese over dei og, så eg vil meine at om du ber

denne pungen på barmen så er det i alle fall noko vondskap og trollskap som ikkje vil bite på deg.

Du vil gjere meg ei stor ære og ei stor glede om du vil bere denne pungen inn mot barmen din frå

no av. Nei, sei ikkje takk, berre ta han. Om du vil ha han.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!