26.07.2013 Views

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

- I kveld har eg valt deg.

- Og eg veit ikkje eingong kva du heiter.

- Veit eg kva du heiter? I skålen i kveld vart du kalla Bjore Løysing, Bjørnulv Løysing, Bjørnulv

Steinbjørnsson. Kva skal eg kalle deg?

- Sjøl kallar eg meg Bjørnulv Steinbjørnsson. Du må finne ut kva du vil kalle meg.

Ho lo og klappa han på kinnet. I hardaste laget til at det kunne kallast kjærleg.

- I morgon tidleg veit eg meir om kva eg vil kalle deg.

- Kan du ikkje fortelle meg korfor Fåne ikkje brukar den oppreidde ektekoven?

- Fordi han framleis ventar på Disa.

- Og kven er Disa?

- Ho var frå Ullstad, som eg. Eg heiter forresten Ullfrid Hauksdotter, berre så du veit det. Disa og

Fåne, dei var kjære i kvarandre. Ein vinterdag for omlag førti vintrar sidan, gjekk ho frå Ullstad for

å vitje Fåne. Det var ein strålande vakker dag, men ein av dei vinterdagane som ikkje er til å lite på.

Dei såg ho gjekk forbi Mærvold. Like etter tok det til å blåse opp. Det var det siste nokon såg til

ho. Men dei fann ikkje restar etter ho. Ikkje eit bein, ikkje eit hårstrå.

- Korleis kunne det ha seg? Leita dei skikkeleg?

- Dei leita så godt det gjekk an. Det vart snakka om at ho måtte vere haugtatt. Derfor ventar Fåne

framleis på ho med ferdig oppreidd sovekove med mjuke fellar og dundyner og linlaken i. Den

dagen ho kjem skal han ikkje trenge skjemmast over gamle og brukte og lusete fellar i koven.

- Er det til den koven du har tenkt å ta meg?

- Nei, den skal stå ubrukt for Disa. Men som skikken er, så finst det også her i huset ein kove på

andre langsida, ein kove for ungfolket eller gamlefolket, alt etter korleis det høver seg. Dit har eg

tenkt å ta deg.

- Men enn om Koll vaknar og ser oss. Kva gjer han då?

- Du

ottast for mykje, Bjørnulv. Sei meg, veit du ingenting om blotskikkane her i landet?

- Det spørst kva kant du ser det frå. Det eg veit om blotskikkane er trælen sin angst for å bli kalla

inn i blotskålen for å vere eit av offerdyra ved blotet. Du veit vel at eg er vaksen opp som træl?

- Nei, men etter som du vart kalla løysing, så... Men kom no.

Fort var ho borte ved åren og tente ei spik som ho brukte til å tenne ei lampe inne i koven. Spika

for som ei lyspil tilbake i åren der ho flamma brått opp og var kol. Eit lite augeblikk vart han

nesten blenda av ein kvit serk då stakken vart borte. Så var serken og borte, og ho var berre eit

mørkt omriss mot det veike lysskinet frå koven.

Sjøl kom han seg ikkje til med noko anna enn berre å bli ståande der, med armane hengande rett

ned langs sida. Så merka han at ho kom mot han. Omrisset vaks. Det vart hår og lukter og hender

som plukka av han plagg for plagg. Til slutt sto han der med sko og hoser og ei brok i tull kring

beina og kunne ikkje ta eit steg.

- Stø deg på meg og løft det venstre beinet, kviskra ho.

Han høyrte det var latter i stemmen. Han ville tenke på Gyda. Tenke på at Ullfrid hadde sagt at ho

ville hjelpe han til å få Gyda. Men kom seg ikkje til med anna enn å gjere som ho sa. Veiva berre

utan mål og meining borti håret hennar mens ho fekk det siste beinet hans fri frå kleda.

Så drog ho han inn i koven og lærte han og lærte han og lærte han. Lærte han kor mjuke kvinner

kan vere, kor glatte dei kan vere og kor krevande og sterke dei kan vere, og kor uendeleg tålmodige

dei kan vere mot den som dei trur vil dei vel.

Med det same Bjørnulv vakna forsto han først ingenting. Her var fellar så mjuke som Frøyas hår.

Her var puter fylte med dun, her var teppe av dun. Var han fallen og kommen til Sessrymme, til

Frøyas eigen sal? Men han hadde då ikkje vore i nokon strid?

Så høyrte han ein latter, såg eit mørkhåra hovud med dansande mørke auga kikke på seg, og hugsa

og smilte.

- Eg trudde ikkje det var vanleg oppå Borg at huskarane låg og drog seg til langt på dagen. Kom

deg no opp, så skal du få ein sup øl.

Han greip etter ho. Fekk tak om den smale midja og drog ho inn og ned til seg.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!