26.07.2013 Views

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

no, at hadde dei andre hovdingane i Hålogaland vist like mykje mot og vilje som forfaren din, så

hadde kan hende Hålogaland i dag vore like fritt som Island er. Elles kan eg ikkje klage på

fridomen vi har hatt mens Håkon Sigurdsson Jarl har sete på Lade og demt opp for auka kongemakt

sørfrå. Ladejarlane er då også av håløygætt, så det er ikkje urimeleg.

- Likevel ser du, hovding, ikkje glad ut, våga Bjørnulv seg til å smette inn.

- Nei, Bjørnulv, det kan du ha rett i. Det går rykte om at ein ny konge av Luva-ætta, ein stor og

mektig viking, etlar seg til å gjere arvekrav på Norge. Og Håkon Jarl har ikkje styrt godt dei siste

åra. Det er mange som ikkje likar han. Det kan lett opne for ei ny kongemakt. Og eg trur neppe

denne Luva-ættlingen er mindre maktsjuk enn ættefaren hans var. Men eg har tenkt å møte Olav

Tryggvason på same viset som forfaren din møtte Harald Luva. Og eg trur at fleire tenker som eg,

denne gongen. Og på eit vis blir det visst verre no, enn då Harald Luva kom, om vi fell til fote.

Etter kva eg høyrer har denne Tryggvasonen tatt til å blote til Kvitekrist, ein maktsjuk, framand gud

som ikkje toler andre gudar ved sida si. Derfor samlar eg gode menn og mannsemne rundt meg no.

Vi må bu oss til den striden som skal komme, vi hovdingane her nord. Så du får vere gild, Bjørnulv,

å ta våpenøvingane framover alvorleg.

Bjørnulv såg storøygd på Tore mens han snakka. Han kjente at noko vaks inni seg. Har sat han,

trælen Bjore, løysingen, og vart tilsnakka av sjølvaste Tore Hjort mest som ein likemann. Fekk

høyre av Tore no ville handle som forfaren til Bjørnulv eingong hadde gjort. Fekk høyre at det var

den gamle Bjørnulv som hadde handla rett, den gongen for lenge sidan, og tapt på det, fordi dei

andre ikkje hadde hatt syn og mot til å gå same vegen, vegen rakt imot kongen som ville ta

fridomen frå håløygane. Han smilte bleikt opp til Tore, og nikka fleire gonger kraftig på hovudet.

- Når Tryggvasonen kjem, håpar eg at eg kan vere med deg og bere våpen mot han.

Han ville ha sagt det med djup og mandig stemme, men høyrde sjøl at det mest let som kvekking

frå ein krimsjuk frosk.

Bjørnulv låg etter dei andre gutane på våpentreninga. Anna var ikkje å vente, sa Asgaut. Dei andre

gutane hadde hatt våpen av ulike slag i hende mest sidan dei var fødde. Trælen Bjore hadde aldri

fått lov til å ta i eit våpen.

Det var særleg sverdet han hadde vanskar med. Kvar gong han tok i sverdet kjente han svien frå

den einaste gongen i gutedagane han hadde tatt i eit sverd.

Han og Gaute kunne vel vore fem vintrar den gongen, og Gaute hadde fått eit nytt sverd til

åremålsdagen. Han hadde funne seg ein gammal bjørkestubbe uti bumarka som han sto og hogg på.

Etter å ha hogge ei stund trøytna han, og spurde om ikkje Bjørnulv hadde lyst til å prøve nysverdet

litt.

Det var sjølsagt ikkje nei i Bjørnulv sin munn. Han gjekk laus på bjørkestubben med aka den

villskap som ein femvintrars gut kan makte.

Brått greip ei grov hand i nakken på han. Ei anna, like grov hand, vreid sverdet ut av neven hans.

Guten vart kasta bortover marka, mens Frode brukte det vesle sverdet til å kutte seg eit høveleg

bjørkeskot som vaks like ved den gamle stubben. Han rafsa lauvet av skotet og gjekk laus på

Bjørnulv.

Det var ikkje første gongen trælen Bjore fekk smake riset, men aldri før slik som denne gongen.

Etter dei første innleiande rappa, sleit Frode kleda av han, og gjekk for alvor laus på den nakne,

vesle gutekroppen.

Gaute forsøkte å gå mellom.

- Far, ikkje slå han så fælt, det var eg som baud han å låne sverdet. Det var eg som fekk han til det.

Men faren berre føysa Gaute unna.

- Du skulle kan hende hatt juling, du også. Men denne trælen skal i alle fall få lære seg at ein træl

ikkje tar i fri manns våpen.

Slaga fortsette å hagle heilt til han svimte av. Det gjekk fleire dagar før han kunne røre seg utan å

kjenne smertane.

Nei, han fekk det ikkje til med sverdet. Og Kalv Kvite, som var den eine av dei to som skulle lære

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!