26.07.2013 Views

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

enn gods, kan den dagen komme at haulden på Fjell sit der han retteleg skal sitte, mellom dei

fremste håløygane.

Frode gøymde ein smil i skjegget der han sessa seg i høgsetet. Faren hadde synt seg sannspådd.

Gaute førte med seg til Borg ein træl som bar namnet Bjore. Trælen var fødd i same natt som

Gaute, og gjeve han i namnegåve. Men Bjore var ikkje fødd til træl. Eldste sonen til Steinbjørn

Bjørnulvsson i Kjos, hadde han, Frode, tatt som træl for skyld Steinbjørn ikkje såg seg i stand til å

betale.

Ølet som ternene bar til gardsfolket, var ikkje av det likaste slaget. Det var kome meingjær i ei av

øltynnene ved siste brygging. Ølet var både beiskt og surt, men det var ikkje i Fjell-bonden sitt to å

tømme ut øl i tynnevis. Gardsfolket fekk drikke det. Og at det verka som anna øl, det hadde vist

seg tidlegare. Så då fekk det vere godt nok.

Kring høgsetet hadde dei drikke av likare slag. Først nokre horn med mjød for å mjuke opp ganen

og halsen. Så kom bollane med godøl på bordet. Gardsfolket supa surøl og kasta beiske blikk opp

mot bollane som skumma ved høgseteenden. Men Frode visste at han trong ikkje ottast. Han hadde

både tukt og age på gardsfolket sitt. Dei fekk vere godt nøgde med at dei fekk metten sin frå

samme kjøttgryta som sjølfolket og sendelaget.

Gardsfolket kasta seg glupske over maten. Ein to-fors okse var ikkje nettopp kvardagskost der i

garden. Saltsild og makketen boknafisk hadde dei lært å ta til takke med.

Husfrua, Astrid Olvesdotter, ei inntørka flis av eit kvinnfolk, vart fælen då ho såg kor folket reiv i

seg frå mattraua. Skulle ho få den skamma at gjestane måtte gå umette frå bordet fordi gardsfolket

så glupsk reiv i seg maten? Halvt venta ho at mannen hennar skulle sette auga sine i folket og

stoppe matlysten deira eit grann, men han hadde berre auga for gjestane og sonen som sat benka tett

innved høgsetet.

Ho kasta engstelege blikk etter matselja si, der ho myndig dreiv tausene ut med tome og inn med

fulle fat. Men matselja læst ikkje ottast for matmangel etter det ein kunne sjå på ho. Retteleg

fælsken vart ho då ho såg smila som tok til å breie seg over ølbollane nedetter bordet, og forsto at

det ikkje lenger var surøl som vanka for gardsfolket heller.

Astrid vinka matselja bort til seg og utba seg med låg, men hard stemme ei forklaring på det som

skjedde.

- Surøltynna er tom, kviskra matselja tilbake.

- Og eg trudde ikkje eg kunne bere surmjølk på bordet i dag.

Astrid syntest ho måtte gje ho rett i det.

- Og kjøttgryta, tømmest ho?

- Eg trur vi har nok til alle, meinte matselja.

Det tok til å roe seg kring bordet. Gode rap steig frå folket, og fortalde at dei tok til å få metten sin.

Mennene saug på munnskjegget for å få med seg kvar ein drope av godølet, som så undersamt var

kome i bollane deira.

Då tok Frode ordet der oppe frå høgsetet.

- Som alle veit, så er det Gaute, sonen min, vi drikk av landet i dag. Det er med ære og som vaksen

kar han no fer heimanfrå. Eg er viss på at han ikkje vil minke æra verken for seg eller ætta her på

Fjell, når han no fer til Borg. Men skal han verge ære, må han ha manns verje. Derfor gjev eg deg

no dette, sonen min.

Frå attom høgsetet drog han fram eit sverd og spente det om livet til Gaute. Blodet steig Gaute til

hovudet då han såg sverdet. Det var ikkje eit sverd av mange, men sjølvaste Gorrbit som hang der.

Med det sverdet hadde farfars far til Gaute eingong hogd ein mann tvert av på midten, etter det soga

visste å fortelle. Etter det hadde sverdet hatt namnet Gorrbit.

Endå raudare i hovudet vart han då faren drog fram eit av dei beste spyda sine og flidde han.

Etterpå kom det fram ein framifrå boge og eit vakkert pilekogger fullt av piler.

- Du er vaksen mann no, Gaute, sonen min. Akt vel på at desse våpna blir deg til ære og gagn og

ikkje til mein. Øv deg vel i våpenleik. Gode våpen er bra, men gjer lite gagn om ikkje mannen som

fører dei meistrar kunsten.

Blodet rann bort frå hovudet til Gaute igjen. Dei kunne sjå at han vart bleikare enn han pla vere.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!