26.07.2013 Views

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

ukte denne Krist-guden mot meg.

Bjørnulv såg storøygd på ho. Tankane var eit einaste rot. Ullfrid. Ranveig. Ullfrid-Ranveig.

Ranveig-Ullfrid. Den freistande frilla. Mormor til Gyda. Han klynka som eit lite barn og greidde

berre å presse fram:

- Ranveig. Du. Hamløype.

Ho drog Ullfrid-kleda tettare om seg. Aka seg fram mot kovekanten og klappa med handa nedpå

pallen.

- Set deg her, Bjørnulv.

Han berre sto.

- Ja, kanskje du skulle finne ei kanne øl til oss, først. Du veit kor du finn det. Vil du?

Føtene gjekk mot det vesle romet på langveggen. Hendene fann ei ølkanne og tappa i. Det var

kanna, og ikkje hovudet hans som styrte skritta tilbake til pallen der Ranveig hadde klappa.

Ranveig drakk ein djup sup av kanna. Hosta litt. Ho drog kleda enno tettare om seg, som om ho

fraus. Men det vart ikkje nok. Ho famla bak seg i koven. Drog ei dyne over seg så berre det grå,

skrukkete ansiktet stakk fram. Ho drakk ein sup til av kanna, sukka og ga kanna til Bjørnulv.

- Så, drikk no.

Han berre såg på ho.

- Eg veit du er ikkje så smausen på øl, men drikk deg ein sup lell. Ein god sup. Drikk no.

Han drakk.

- Hamløype, sa du. Ja. Tja. Og nei. Eg er ikkje noko vanleg hamløype. Eg kan ikkje endre

skapnad slik eg vil. Eg kan ikkje vere ulv eller bjørn. Eg kan ikkje vere ørn eller ramn. Kanhende

rår eg ikkje over sterke nok seidkrefter. Eg kan berre vere Ullfrid. Og berre under

midtvintersblotet. Meir enn det, eg må vere Ullfrid under midtvintersblotet, enten eg vil eller ikkje.

Før ville eg det, og var glad for det. No veit eg ikkje lenger. Hamskiftet slit. Ei jul døyr eg vel av

det.

- Men, Ranveig...

- Nei, du skal teie. Eg veit ikkje om slutten kjem den neste jula eller den deretter eller den etter der

igjen. Og du skal vite, Bjørnulv, at Ranveig er ikkje Ullfrid, og Ullfrid er ikkje Ranveig. Ranveig

minnast berre uklårt kva Ullfrid gjer, og Ullfrid hugsar mest ikkje at det finst ei som heiter Ranveig.

- Men høyr no...

- Vent. Eg trur eg veit kva du tenker. Du er fælsken over at du har hatt mormor til Gyda som frille i

jula. Det har du ikkje. Du har hatt Ullfrid som frille i jula. Eg trur ho har lært deg noko som Gyda

hadde villa takke deg for, eingong. Om ho hadde visst det.

- Men korleis kan eg treffe Gyda , etter dette? Korleis kan eg treffe deg?

- Det kan eg ikkje svare deg på. Du skulle

ikkje ha visst. Eg gjorde alt eg kunne for å halde deg herifrå. Men du berre kom. Det er første

gongen at ein eg ikkje ville ha hit, har kome. Du har krefter i deg, Bjørnulv, krefter eg ikkje rår

med. Kanhende er det denne Krist-guden, kor du no enn har han ifrå, som gjev deg desse kreftene.

Du må fortelle meg om han ein gong, om du vil.

- Men du sat då og høyrde på, i jula. Nede hos Fåne... Mens Koll...

- No forstår eg. Men du gløymer kva eg seier. Det var ikkje eg som høyrde på. Det var Ullfrid.

Ranveig kan hugse at du og Ullfrid delte kove. Stort meir kan Ranveig ikkje hugse. Ranveig kan

hugse at du ga Ullfrid stor glede og at Gyda vil få stor glede av deg når den tida kjem. Men no må

du gå. Eg må sove. Kom igjen i morgon. Eller ein annan dag. Om du vil. Og eg både håpar og

trur at du vil. Du er ein underleg kar, du Bjørnulv. Eg vil så ugjerne miste deg.

Hovudet sokk tilbake på puta. Bjørnulv stiltra seg ut.

Bjørnulv hadde vondt for å få sove i nettene som følgde. Ikkje før var han sova så kom det til han

i draumen ei gammal, skrukket kjerring som ville opp på sovepallen til han. Når han ville skubbe

ho unna, vart ho ung og vakker heilt til ho var under fellen hos han. Då vart ho med eitt gammal og

skrukket igjen.

Han kava og kava for å komme unna, heilt til han vakna med sveitten silande over heile kroppen.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!