26.07.2013 Views

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

liggande karlaus og barnlaus i sovefellane. Kanhende viser det seg at du til og med har to til å avle

gutar. Det er det ikkje alle som har.

Kinnhesten Tore ga ho dreiv ho ut av høgsetet. Han samla ho opp frå golvet, kasta ho over aksla og

kviskra til Asgaut idet han for forbi:

- Få mor mi til sovefellen. Gjer det du må for å få ho dit, men skad ho ikkje.

Det vart seinare kviskra om at den kvelden høyrdest det sår jammer og ynk frå buret der sjølfolket

heldt til. Asta viste seg ikkje for folk fleire dagar etterpå.

Asgaut gjekk og sette seg ved sida av Siv. Han snakka lågt med ho og fekk ho til å drikke djupt og

ofte av ølbollen.

Snart seig ho ned frå benken, og Asgaut bar ho til det buret der ho heldt til. Ei terne sørga for å få

ho under fellen.

Asgaut og Tore råktest ute på tunet. Tore var samanbiten og stram i åsynet, Asgaut berre gliste.

Han dunka Tore i ryggen og lo.

- Jaja, hovding min, kaute kvinner kan titt vere verre enn våpenføre menn. Godt vi kan tukte dei

med muskelkrafta vår, når det er naudsynt. Odin må vite korleis verda elles vil sjå ut. Og hugs no

det, Tore, at du er ikkje den første som har måtta tukte ei tungekåt husfrue. Far din var ein godlynt

mann, men det var ikkje fritt for at Siv fekk smake svolken når kautskapen og tunga bar av med ho.

Då Tore og Asgaut kom inn i hovet igjen var det ingen kvinnehop nede ved døra lenger. Mennene

hadde henta dei. Det klaska og surkla kringom på pallar og golv, der mennene tok ut kåtskapen sin.

Nokre av kvinnene skreik i kåtskap, ein kåtskap som ikkje var mindre enn mennene sin. Andre

skreik i redsle og smerte der mennene for fram. Dei fem blottausene hadde samla seg kring Bodvar

som kvinnelause menn kasta ilskne blikk mot. Men ingen våga nærme seg blottausene som Tore

hadde fredlyst.

Det jamna seg ut med talet på kvinner og menn, ettersom mennene spydde og sovna kringom på

pallane og på golvet.

Bjørnulv hadde fare varsamt over ølbollane, og fått sneiord frå Gaute for det.

- Ein viking og hirdmann lyt drikke så det minkar i ølbollen, om han vil ha vørdnad frå

manneflokken. Du drikk som ei ufest møy.

No låg han under bordet og stinka av sitt eige spy, medan Bjørnulv sat og følgde med i det som

gjekk føre seg i hallen. Han såg at mange av mennene for hardt fram mot kvinnene. Han kjente

lyst til å skrike at slik gjer ein ikkje, men visste at han ikkje var kar om å sette sitt igjennom hos

røynte hærmenn. Visste og at hallen var fredlyst, og at Tore hadde gjeve mennene lov til å ta for seg

av kvinnene som vart bydd på blotkvelden.

Brått sat Bjørnulv der med ei ung jente i fanget sitt. Ho kasta armane kring halsen hans og hulka:

- Berg meg frå han der. Han har alt skamfare to kvinner og no er han etter meg.

Bjørnulv såg ein stor brande av ein mann som kom vaklande mot dei. Han kjente han att som ein

av dei største sverdkjemparane i hirden. Mannen greip jenta i armen og røska ho mot seg. Bjørnulv

heldt att som best han kunne. Dei sleit i kvar sin arm på jenta. Bjørnulv var redd for at dei skulle

slite ho sund. Han prøvde å gjere stemmen sin fast og bestemt då han sa:

- Denne jenta er med meg. Du får finne deg ei anna.

Det var som han hadde venta, håplaust. Mannen remja noko uforståande og sleit hardare i jenta.

Bjørnulv visste ikkje kva han skulle gjere. Hallen var fredlyst, det hadde hovdingen sjøl slått fast

tidlegare på kvelden. Så kom han på at det berre galdt for våpen. Muskelmakt var det ingen som

hadde sagt noko om. Igjen sleit dei begge i jenta, til mannen med blodskotne auga slo etter

Bjørnulv. Då slapp han brått. Skorten på motstand fekk mannen i ubalanse og i kne, men han slapp

ikkje taket i jenta. Sakte sjangla han seg på beina att, med eit fast tak i jenta.

Då langa Bjørnulv ut eit spark. Han sparka så hardt som han makta og råka mannen i skrittet.

Mannen sette i eit gaul, krøkte seg i hop, remja ein gong til, spydde og slokna.

Då kjente Bjørnulv ein mektig neve i nakken som snudde han rundt. Bjørnulv sokk saman i knea,

klar til å møte den nye fienden.

Det var Asgaut som sto der og lo.

- Eg trur ikkje du treng ottast, Bjørnulv, sa han.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!