26.07.2013 Views

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

hop med honning hadde dei på bordet. Dei hadde det rett så stormannsleg når dei svelgde dette ned

med det gode blotølet som Fåne hadde brygga.

Det var Ullfrid som først løfta hovudet og lytta. Då høyrte dei to andre det og. Noko var blitt

borte.

- Det er stilt ute. Det er ikkje vind lenger. Vinden har stilna.

Ullfrid spratt opp frå bordet.

- No fer dei frå Borg snart. Eg må opp dit.

- Nåja, roa Koll, - det blir vel gåande veg etter dei som fer. Så for den skyld treng du ikkje uroe

deg. Ta deg no ro med maten.

Ullfrid berre frøste åt han.

- Når eg seier at eg må av garde, så må eg av garde.

Ullfrid tok til å kle på seg. Det same gjorde Bjørnulv.

- Det er visst noko du har glømt, Ullfrid

Bjørnulv sto og trødde borte ved åren.

- Eg veit kva du meiner. Nei, eg har ikkje glømt det. Eg ville berre sjå om du var såpass fast i

hugen at du ikkje hadde glømt det. Sjå her.

Ho tok fram ei lita beinflis og la i handa hans.

- På denne beinflisa er det skore runer, sterke runer. Ta no denne flisa og legg ho i litt mjød, og la

det stå ei fullmånenatt. Dagen etter brenn du flisa og har mjødet i ein skinnpose. Denne skinnposen

skal du bere på barmen minst til over neste fullmåne. Det grannet som då er igjen av mjødet i

skinnposen, skal du ha i ei drikke som Gyda drikk. Skulle det gå så lang tid at skinnposen er tørr,

før du får høve til å gjere dette, må du legge skinnposen i drikken hennar. Når ho så har drukke den

drikken, så kan ingenting skille dykk meir. Og er du ikkje heilt trygg på deg sjøl, så får du drikke

litt av drikken du og.

Bjørnulv takka, tulla beinflisa inn i eit klede og stakk det innafor kufta si.

- Og no, Bjørnulv, før vi går, må eg få takke deg for den tida vi har hatt i koven i jula. Aldri skal du

og eg i koven meir.

Ullfrid luta seg fram og kyssa han.

- Jamen, kva med neste jul, om ikkje Gyda og eg..? spurte Bjørnulv og kjente igjen den fortærande

rødmen i kjakane.

- Eg tar aldri med meg same guten til koven meir enn ei jul. Eg leitar meg alltid ein ny, og finn eg

ingen eg likar, så drikk eg jul toeine med Koll her nede i Fånestova.

- Og ligg med han, hekste Bjørnulv.

- Det blir mi sak.

Oppe på Borg viste det seg at Ullfrid ikkje hadde trengt ha det så travelt. Dei som hadde lengst veg

hadde samsnakka seg til at det var for seint på dagen til å ta på heimvegen. Dei fekk heller vente til

morgonen etter, og ta laus i grålysinga, dersom veret var lagleg til det.

Då dei høyrte det ville Bjørnulv ha Ullfrid med seg nedover til Fånestova om natta, men ho nekta.

- Kor skal du vere i natt, undra Bjørnulv.

- Du vil jo ikkje ligge i kvinnestova og ikkje her i skålen heller.

- Å, eg finn meg vel eit bol, svara ho.

Bjørnulv ville ha ho med seg inn i skålen til det vart leggetid, men ho ville ikkje.

- Du kan då ikkje gå ute, masa han.

- Har du tenkt å gå inn i kvinnestova?

- Eg trur eg har sagt deg før kor lite eg har der å gjere.

- Kor har du tenkt å gjere av deg, då?

- Blir det ikkje anna råd, så er det varmt i fjøset hos dyra og trælane.

- Eg kan følge deg ned til Fånestova og gå opp til Borg igjen. Eg skal ikkje mase meg i koven åt

deg.

- Det ville då heller ikkje ha nytta. Det er ingen som masar seg i koven åt meg. Men har eg ikkje

sagt deg at no er jula omme for meg. No vil eg ikkje sjå deg meir. Ha deg inn i skålen og la meg

vere i fred.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!