26.07.2013 Views

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

ikkje at dei ikkje fraus i hel om vintrane. Det han dreiv med der, det var stort sett berre å riste runer

og noko dei kallar stavar. Eg har tent mang ein slant på runekunna hans Koll.

- Ikkje så få heller, om sanninga skal fram.

- Tei no du still, Koll.

Fåne sukka og vart fjern i blikket.

- Og etterkvart så... Når vi går her toeine... Eg likar best å vere ven med folk, så no er det blitt slik

det er. Eg veit at mange synest at eg skulle ha hatt meir age på trælen min. Det får dei berre meine.

Men mange av dei som meiner at eg skulle ha dengt han meir, dei er takksame for kunstane hans.

- Stavar, kva er det?

Bjørnulv var nesten berre auga av undring.

- Vis han, Koll, sukka Fåne.

Koll reiste seg og gjekk bort til eit rikt utskore skåp. Han opna ei av dørene og tok ut noko som var

pakka inn i fint linklede.

- Dette, sa Koll med djup vørdnad i stemmen, - er ei bok. Desse teikna er stavar. Og fordi dei er i

ei bok, blir dei ofte kalla bokstavar. Denne boka er skreve på eit språk som heiter latin. Og den

fortel om Den Einaste Sanne Gud, han som heiter Jesus Kristus, eller Kvitekrist, som han ofte blir

kalla her i Norderlanda.

Då sette Bjørnulv i eig gapskratt.

- Du er ein god rakkarfant, du Koll, som vil prøve å innbille oss at den skinnbunten der kan fortelle

oss noko. Men det måtte vel i så falle vere noko så urimeleg som at det finst berre ein gud.

Til si store forundring merka Bjørnulv at verken Ullfrid eller Fåne lo med han. Latteren køyvdest i

strupen hans og han vart berre sittande å gape.

Koll smilte.

- Dersom du går ut og ser deg om, så vil du vel få ei meining om kva slags ver det kjem til å bli?

- Ja, sjølsagt.

- Dersom du ser på mosen på trea, så veit du kva som er sør og kva som er nord, ikkje sant?

- Jau.

- Alt dette som du ser er teikn som fortel noko til deg, er det ikkje?

- Jau, men...

- Sjå på dette, på desse boksidene, dette som du sikkert vil kalle krusedullar, eller noko slikt. Det

er og teikn, teikn som fortel noko til meg. Det er slikt munkane i Irelandet stellar med. Dei brukar

slike teikn til å skrive ned det som andre fortel, eller noko som dei sjøl har opplevd. Andre kan då

tyde desse teikna på same viset som om han høyrde nokon fortelle historia. Dei lydane vi brukar

når vi snakkar, det er og teikn. Og teikna er annleis her enn i Irelandet, der eg kjem frå, som igjen

er annleis i Frankarlandet, som igjen er annleis enn i Serkland og så vidare. Du må kjenne teikna

om dei skal fortelle deg noko. Men om du kjenner dei, så fortel dei.

- Men dette med den einaste gud, kva meiner du med det?

- Sjå det er ei anna sak. Vi som har møtt Kristus, vi veit at han er Den Einaste Sanne, og at dei

gudar som blir dyrka her i Norderlanda berre er Djevelens blendverk. Men eg var ikkje skapt til å

bli misjonær blant frie norske menn. Eg har ein liten kyrkjelyd blant trælane. Det får halde. La oss

ikkje snakke meir om det.

- Desse teikna, desse stavane, desse bok-stavane, er det noko alle kan lære?

- Har du lyst til å lære dei, Bjørnulv?

- Det veit eg ikkje så visst. Det er så mykje eg må lære, eg som berre har vore træl. Men eg har

lyst til å lære det meste, om det ikkje er seidkunstar.

- Eg skulle så gjerne ha lært deg, Bjørnulv, men då må du først lære deg latin, og det er ikkje gjort i

ei snarvending.

- Går det ikkje an å bruke desse bok-stavane til å fortelle på norrønt mål?

Koll såg forundra ut og vart sittande i tankar ei tid. Så kika han bortpå Bjørnulv.

- Det var ein tanke. Det var sanneleg ein tanke. Det må vel kunne vere mogleg? Ja, det må vel

det?

Koll fall igjen i tankar.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!