26.07.2013 Views

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

ikkje møte meg med sverd for å berge løysingen din?

- Du skal få eit siste høve til å berge deg herifrå i fred, Halvdan.

Stemmen til Tore var kald som eit isflak og kvass som eit nybryna sverd.

- Stikk sverdet ditt i slira og kom deg ut.

Halvdan vart ståande

ei stund med gapande kjeft og heva sverd. Leppene rørte på seg som om han ville seie noko. Så

var det som om stemmen til Tore og vettet til Halvdan brått lurte seg attom ølet og inn i heilen hans.

Han vart med eitt like kvit som Tore. Handa med sverdet sokk ned. Han måtte bruke aka si makt

for å løfte sverdet såpass mykje at han fekk det opp og ned i slira. Han mumla noko uforståande for

seg sjøl og rørte seg, skeivt som ein krabbe, mot døra.

Tore greip han i aksla idet han ver i ferd med å smette seg ut.

- Du går til soveplassen din no, og blir der til i morgon. Ser eg deg meir i dag, er ikkje livet ditt

mykje verd. Seinare viser du deg ikkje på Borg igjen, Halvdan, før du har lært å te deg som folk.

Stemmen til Tore var låg, slik at berre dei som sto nærmast høyrte det.

Tore gjekk bort til Bjørnulv og la armen om akslene hans. Slik førte han Bjørnulv med seg og

sessa han på fotbrettet til høgsetet som han sjøl kleiv opp i. Bjørnulv var glad for at det ikkje var

fleire igjen i skålen. Auga til dei som var der brann som høgsommarsoler på han.

- Så ja, Bjørnulv, no tar vi oss eit horn øl. Det trur eg vi treng no, både du og eg, endå om vi vel

ikkje er dei største hornsvingarane, verken du eller eg.

Bjørnulv såg stort på Tore.

- Eg trudde det var meg det var noko galt med, ettersom eg ikkje får det til å drikke meg drukken

på øl.

- Eg skal tru deg noko, svara Tore lågt, - men la det vere mellom oss. Eg er ikkje særleg huga på

øl, eg heller. Eg synest ikkje det er godt. Men når vi drikk jul, så må eg drikke for ikkje å skjemme

meg ut. Lær deg det du og, at det er mogleg å løfte hornet ofte, utan at det minkar så mykje i det.

Dessutan...

Tore lo stilt, men hjarteleg.

- Dessutan ser mange det som eit manndomsmerke om du sølar ein del når du drikk. Slik kan du

fylle hornet oftare, om nokon i førstninga skulle legge merke til det.

Dei drakk litt og sa ikkje så mykje. Så sette Tore auga i Bjørnulv.

- Eg har sakna deg i skålen dei fleste kveldane.

- Ja, eg...eh...eg, stamma Bjørnulv og visste ikkje kva han skulle finne på å seie.

- Var det så mykje betre å drikke jul nede hos Fåne? Tore var skarp i stemmen.

Bjørnulv vart først raud, så bleik. Han såg ned i bordet og turte ikkje løfte blikket mot Tore. Var

det ei fornærming mot hovgoden og gudane at han ikkje hadde tatt meir del i blotgildet på Borg?

Så høyrte han ein underleg lyd frå Tore, og kunne ikkje la vere å kikke opp. Då såg han at Tore sat

der og bobla av undertrykt latter. Tore såg blikket til Bjørnulv og brast ut i ein brølande latter.

- Nei, ver ikkje redd, hiksta Tore og tørka lattertårene.

- Det verkar som om du har dyrka frævingsgudane godt denne jula. Korleis er det, forresten, har

ho stukke av frå deg no?

Bjørnulv berre nikka.

- Såså, opp med hovudet gut. Det finst fleire tauser i verda. Og du er enno ung. Jaja, Tore nikka

ettertenksamt, - det er vel kan hende då det kjennest sterkast.

Tore tømte hornet og reiste seg.

- Eg har saker eg må ha omsut for. Eg trur du kan gå kor du vil utan å tenke på kva Halvdan

Sigurdsson har for seg.

Han la handa på aksla til Bjørnulv og klemte varleg då han for forbi.

Det gneistra av frost ute. Snøen låg oppunder takufsane. Farvegen der nærgrannane hadde tatt seg

heim, låg som ei djup grøft nedetter bøen. Bjørnulv følgde grøfta eit stykke nedetter og såg for seg

korleis hestane og karane hadde bala seg veg. I djupaste skavlane måtte snøen ha gått mest

oppunder armane i alle fall på dei stuttaste karane.

Han gjekk i sine eigne tankar og hadde gått mange steg forbi før det nådde fram til heilen hans at

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!