26.07.2013 Views

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Bjørnulv såg ned på sin eigen veslefinger då han høyrte Tore avseie domen. I det same han såg opp

syntes han eit augeblikk at Tore såg nettopp på han, Bjørnulv, og at det låg eit lite smil i blikket.

Gaute var bratt i nakken då Bjørnulv trefte han etterpå. Bjørnulv forsto at noko måtte ha hendt, og

det datt snart ut av Gaute at han var ein av dei som var plukka ut til å stå vakt om natta. Bjørnulv

forsto at Gaute tok det som eit teikn på at han no var godtatt som fullgod huskar på Borg. At

Bjørnulv ikkje hadde fått ei sånn godkjenning enno, gjorde ikkje Gaute si sjølkjensle mindre.

- Du får akte deg så ikkje sovnar, då, datt det ut av Bjørnulv.

Gaute såg eit augeblikk rasande ut. Så lo han.

- Ikkje ver misunneleg no, Bjørnulv. Din tur kjem nok snart. Men no trur eg borda er sette opp, så

no går vi inn og får oss mat og nokre horn med øl. Kom no.

- Gå berre du. Eg har ete og eg er ikkje særleg lysten på øl just no. Drikk ikkje for mykje, Gaute.

Hugs at ein blir trøytt av for mykje øl. Eg vil ikkje gjerne sjå at du skulle bli blota til Odin.

Gaute lo og rista på hovudet.

- Du snakkar som du har vett til, Bjørnulv. Det er vel når ein skal stå vakt at ein treng litt i

kroppen. Dessutan er det lenge til dess.

Bjørnulv vart gåande og drive mellom husa, endå om veret var langtfrå godt. Vestavinden sto inn

frå Vestfjorden og dreiv føre seg ein vegg av regn og sklette. Skulle ein døme etter veret, såg det

ikkje ut til at gudane var særleg nøgde med blotet. Men om det var lågt ver kring midtvinter, så

kunne det likevel bli godt år med gode avlingar og avdrått. Og det var no det som talte for folk

flest.

Som han gjekk der og slong, vandra tankane hans vide, og han kom til å tenke på foreldra sine og

på garden langt der inni fjorden. Det var ikkje lett for han å hugse verken foreldra eller garden.

Han hadde berre så vidt vore der eit par gongar som smågut, når Frode Gautason skulle inn dit for å

hente noko han meinte han hadde krav på. Frode tok gjerne med seg Gaute og trælen hans på slike

turar. Ville prale for dei der inne om kor stor han sjøl hadde vakse seg, og kor uendeleg små dei var

blitt.

Bjørnulv kunne så vidt minnest ein storvaksen mann, grått og fattigsleg kledd, men med ei

haldning og med våpen som sa at han ikkje let seg by kva det skulle vere. Ved sida hans sat det ei

lita, ferm kone som varta opp reinkjøt og tynnøl.

Til og med Bjore træl fekk ete attmed bordet når dei var der. Han hadde aldri heilt forstått korfor.

Kanskje var det fordi Frode ville vise dei som budde der at han ikkje akta dei for meir enn trælar,

dei heller.

Det vart slutt på desse turane for mange år sidan. Frode hadde gått for langt i krava sine mot

bøndene i fjorden. Dei hadde samla seg mann- og våpensterke på tinget og sagt frå om at no meinte

dei at han ikkje hadde meir å kreve hos nokon av dei. Skulle han ha meir, måtte han hente det med

våpenmakt. Og om han brukte våpen mot ein av dei, så måtte han rekne med å sjå dei alle i tunet

hos seg ikkje lenge etter. Og Frode var ikkje den som tok til våpen når han trudde at motstandaren

kunne vere sterkare enn han sjøl.

Han lura litt på kva for gudar far hans blota til no ved midtvintersleite. Men snart sveipa tankane

hans innom Bodvar som no skulle bli måg på Borg og derifrå innom Olav Tryggvason, kongen som

no truga freden i Hålogaland frå sør.

Så kom tankane på Ullfrid og på Gyda. Han kjente enno klårt det søte saknet ved tanken på Gyda,

men Ullfrid sat i kroppen hans. Det var så ulikt, dette med desse to. Den eine ein uoppnåeleg

draum, den andre ein handfast røyndom.

Han fann seg ein stein ved ein vegg i ly for veret. Sette seg med ansiktet i hendene og sukka.

- Nåh, er du lei deg for at eg ikkje har gjeve deg vaktteneste i dette veret?

Han kjente ei hand på aksla og såg opp på Asgaut. Asgaut smilte.

- Eg meinte eg såg deg og den jenta smette ut døra, og tenkte du hadde nok å ta deg til.

- Nei, eg saknar ikkje vaktteneste. Det blir vel tids nok nøgda av det. Elles trudde eg at du sa at du

hadde andre ting å tenke på enn mine kvinnehistorier.

- Eg sa så, og meinte det og. Men det hindrar likevel ikkje at ein kan halde eit lite auge på ein ven.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!