26.07.2013 Views

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Då sa ikkje Bjørnulv meir. Drakk berre djupt av hornet og stirra inn i elden.

Handa til Ranveig strauk vart over håret hans.

- Stakkars deg, Bjørnulv, eg tøyer tålmodet ditt. Det var ikkje for dette du kom, men for Gyda. Vit

då, Bjørnulv, at nornene spinn så mang ein vev som vi menneske ikkje kan løyse. Men ikkje trur eg

at nornene har spunne det slik at Kalv Kvite skal kome Gyda usømeleg nær. Og det kan eg love at

eg skal gjere det som står i mi makt for at så ikkje skal hende.

Dei seks figurane framme på pallen var svarte av mange blot og mykje blotblod. Kring halsen på

den eine glimta det i ein gullring. Det var Frøya, vanedisa, urdisa.

Bjørnulv skolv. Endeleg skulle han få ta del i det som alle frie menn og kvinner, unge som gamle,

fekk ta del i.

- Dette er eit omframt blot, kviskra Gaute.

- Det er ikkje vanleg med seks gudar på pallen til eit midtvintersblot. Særleg er det uvanleg at

sjølve Odin blir påkalla. Det spørst om det blir menneskeofring i dag.

Det gjekk kaldt gjennom Bjørnulv. No sat dei der blant krøttera, trælane, og venta. Men sjøl var

han ikkje lenger trælen Bjore som sat forskremt og høyrde dei gamle fortelle om korleis trælar vart

ofra om hovdingen syntes gudane hadde vist han lite godvilje sidan siste blot. Og korleis kunne ein

træl vite kva hovdingen tenkte om gudane sin godvilje? Berre sitte der og vente på at kanskje kom

dei snart og henta han som offer til gudane. Det var helst ein velskapt ungtræl av mannkjønn som

vart ofra om hovdingen meinte at gudane kravde menneskeoffer.

Han håpa at Gaute tok feil.

Hovdingen sjøl, Tore Hjort, sto framme ved gudepallen saman med den byrge husfrua si, Asta

Toresdotter frå Bjarkøy. Bringesølvet hennar lynte i lyset frå faklane.

Der framme ved gudepallen skulle også Skafte på Li ha stått. Men i år hadde han skikka

bod om at han ville blote heime på sin eigen gard, til sine eigne ættediser. Dette var mest å sjå på

som eit bod om at frå no av ville han tevle med hovdingen på Borg om hovdingemakta i Lofot.

Tore vart svart i åsynet då han fekk bodet, men at han sa lite.

Mellom mennene vart det snakka om at det nok var Kalv Kvite som sto attom dette påfunnet.

Andre meinte at det nok kom av at Skafte på Li heldt på å skjemme seg ut for heile folket ved førre

midtvintersblot, for si manglande krafts skyld. Han var sikkert ikkje meir mannleg i år, og våga seg

derfor ikkje til Borg. Det ville vere for stort eit nederlag å måtte be Tore peike ut ein annan til å

vere medgode.

Bjørnulv høyrde undrande på snakket, og forsto at det kravdest ei særskilt kraft for å stå mellom

gudane og menneska. Etter det Ranveig hadde fortalt han, var det greitt å forstå at Skafte på Li

ikkje hadde denne krafta. Men det var leit at Skafte ikkje hadde denne krafta, for så fekk han ikkje

sjå Gyda under blotet.

No sto hovdingeparet der framme, mellom dei kokande blotgrytene og gudane på pallen. Tore løfta

så vidt på høgre handa si, og Asgaut steig fram. Det gjekk eit sjo av overraska godkjenning

gjennom folkemugen.

Alle hadde venta at ein av dei største bøndene ville ta Skafte sin plass som medgode. At det vart

Asgaut, hadde ingen venta. Men Asgaut var ein omtykt og høgt vørd mann, ikkje berre mellom

gardsfolka på Borg, men i heile Lofot. Enno ein gong hadde Tore makta gjere det overraskande

som likevel var det rette.

Større og meir blanda vart folkesjoet då Tore enno ein gong løfta handa og Bodvar Bjarmlending

steig fram mot gudepallen.

- Dette er visseleg eit omframt blot. To medgoder har aldri spurtest her på Borg før.

Gaute var oppkava i stemmen.

Frå gudehuset på langveggen steig no den gamle gydja Siv Ragnvaldsdotter fram. Ho bar ein bylt

pakka i kvite linklede som ho heldt fram mot Tore. Han greip blotteinen, dyppa den i blotbollen og

skvetta blod over bylten og over gydja, mens han song galdrar. Då Tore tagde, snudde Siv seg mot

Asta og rakte ho bylten.

Siv seig ned mot golvet, greip ei tromme som låg der, og ga seg til å tromme. Tromminga hadde

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!