26.07.2013 Views

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

glømt å tenke på å akte oss. Men kva står på ettersom du hovding kjem så mangmennt i tunet mitt?

- Det sneia ein underleg tale innom Borg no nyleg. Bonden på Li ville ikkje på skreifiske med

huskarane sine i vinter, vart det sagt. Dette undra meg så mykje at eg tenkte eg ville høyre med deg

sjøl, kva du hadde å seie.

I det same var Kalv Kvite ved sida av Skafte. Han hadde sverd ved lend og såg mykje klårare og

kvassare ut i blikket ein bonden sjøl.

- Eg veit ikkje om ein friboren odelsbonde treng svare på slike spørsmål, hovding. Eg trudde

odelsbøndene rådde seg sjøl i slike saker her på Hålogaland, flein han.

Tore heldt heile tida blikket festa på Skafte. Læst ikkje sjå Kalv Kvite.

- Eg ventar på svaret ditt, bonde, og minner om tingsemja frå gammalt av: Hovdingen på Borg

held huskarar nok til å verge Lofot mot vanleg ufred. Bøndene svarar sin høvesvise part av løn og

kost. Men om det er slik at du, Skafte, har tenkt å svare din part med godt sølv i år, skal ikkje eg

tvinge deg vekk frå ølhornet og ut på havet. Men eg vil ha svar innan tre døgn, så eg veit kva eg har

å halde meg til før eg sender mine folk på fiske. Svaret ventar eg å høyre heime på Borg.

Med det sagt, snudde Tore hesten og rei ut frå tunet på Li med følget sitt.

Dagane gjekk, men noko svar frå Li kom det ikkje. Fjerde dagen tok dei første huskarane og

trælane til å dra til sine vær. Då ga Tore igjen ordre til å sale opp. På ny gjekk turen til Li.

Men denne gongen kom ikkje mennene frå Borg uventa til Li. I tunet vart dei møtte av ein

mannehop på rundt tretti menn. Fremst sto ein flirande Kalv Kvite og nokre andre menn med sverd.

Ei halv tylft menn hadde bogar med piler kvilande mot strengen. Andre bar spyd, både hoggspyd

og kastespyd. Attrast sto ein hop med trælar væpna med alt frå høygaflar til tunge stokkar.

Tore stoppa framfor Kalv Kvite.

- Kor er Skafte?

- Han ligg klein inne i koven. Og ettersom han, liksom du, ikkje har soner, så ba han meg tale for

seg. Det han har å seie deg, Tore, er at han frå og med i dag seier seg fri frå tingsemja, og aktar å

verge garden sin sjøl etter denne dag. Bøndene meiner du har brote tingsemja med å legge alt for

harde skattar på dei. Alle veit at så mykje som dei ber til garden din, et ikkje huskarane dine. Og

det vart ikkje sagt noko i tingsemja om at bøndene skulle auke rikdomen din med det dei ber til

Borg. Anna svar får du ikkje. Ri heim no, du er ikkje velkomen her i tunet.

Tore løfta sakte høgre handa over hovudet, og før nokre visste ordet av det sto det ei pil og dirra i

høgre aksla hans Kalv. Nokre av bogemennene datt til marka med ei pil gjennom brystet. Dei

andre bogeskyttarane greidde å sleppe av garde kvar si pil, men berre ein i følget til Tore vart skada.

Så drog Tore sverdet og storma fram mot hopen i tunet. Kalv forsøkte seg med nokre keivelege

hogg med venstrehanda, men fekk både sverdet og to fingrar slått av handa si. Asgaut og Kjartan

felte kvar sin sverdmann før resten av hopen tok til beins og rømde. Kalv Kvite sto frådande av

smerte og raseri med blodet strøymande frå dei to såra sine.

- Hent Skafte, Kalv! Han er vel ikkje verre faren enn at han greier å stavre seg ut på tunet.

Tore var iskald og hard i røysta. På ustøe bein forsvann Kalv inn i huset. Ei lita stund seinare viste

Skafte seg i døropninga. Seint og stivt bøygde han seg og steig ut på tunet.

- Du helsar meg med lite gjestevenskap i dag, Skafte. Korleis er det, er det du eller Kalv Kvite som

styrar her på garden. Du skulle vite, om ikkje han veit det, at ein bonde ikkje kan seie opp ei

tingsemje, og slett ikkje utanom tinget. Dette sviket skal du få svare bøter for på neste ting. Ver

glad om du ikkje blir lyst fredlaus. Bryt du tingsemja fleire gonger lar eg garden din brenne.

Tore tagde ei tid. Skafte hadde heller ikkje noko han ville ha sagt, høyrtes det som.

- Men om eg må drepe deg, Skafte, så vil eg ikkje rydde ut ætta di. Ætta di er gamal her på Lofot.

Like gammal som mi, på lag. Ei viss sams ættetog skal det visstnok og finnast. Derfor tar eg dotter

di med til Borg i dag. Hent ho, og få ein hest sala til ho.

Skafte vart ståande og sjå på Tore, som om han ikkje forsto kva som hadde blitt sagt. Auga hans

var dimme, og siklet rann frå kjeftvikene. Han såg i det heile ut som om det ikkje var mykje som

nådde inn til heilen på han.

Tore gjorde eit utålmodig teikn til Asgaut. Asgaut steig av hesten og skuva Skafte heller ublidt til

sides slik at han kunne stige inn i stova.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!