26.07.2013 Views

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Dublin fått ein ny konge som heitte Olav Kvaran. Han var ein både maktsjuk og krigsglad konge

som låg i stadig krig med grannane sine. Særleg hadde han kasta auga sine på Veigsfjord, og

prøvde stadig å legge dette riket under seg. Men Veigsfjord hadde dugande kongar som greidde å

halde stand mot presset frå Dublin.

- Heilt til den sommaren då eg var 25 vintrar og hadde vore i klosteret i 10 vintrar, heldt Koll fram.

Den sommaren fekk Olav Kvaran hjelp av ein norsk konge som heitte Gudrød Eiriksson. Han var

konge i Norge saman med brørne sine og son av ein Eirik som tidlegare hadde vore konge, først i

Norge og så i Jorvik. Denne Eirik var son av Harald Luva eller Hårfagre, han som la heile Norge

under seg.

Dette vart for mykje for Veigsfjord å stå imot. Restane etter hæren frå Veigsfjord rømte forbi

klostret, og munkane naudba abbeden om å få rømme. Men han berre mana til å tru og bøn. Eit

døgn samanhengande låg dei på kne og ba. Då kom hæren til kong Gudrød og kong Olav. Det

gjekk som det måtte gå. Dei braut sund klosterportane og storma inn.

Mange av oss vart drepne der dei låg og ba, mellom dei var abbeden. Resten vart tatt som trælar.

- Det var Fåne som tok meg til fange. Han er slik, Fåne, fortalt han ein gong han var drukken, at

han likar ikkje å drepe uvæpna menn. Den boka eg viste dykk i går, den låg eg og heldt på då Fåne

tok meg. Han tok den med. Eg veit ikkje korfor. Vikingar plar ikkje ta med seg bøker frå

røvarferdene sine.

Koll drakk djupt av hornet og geispa høgt.

- No tar det til å bli seint. Det er tid for ein gammal træl å sove. Og det er vel tid for dykk unge og

til å gå i koven, om det ikkje nettopp er for å sove.

Dei var trøytte, Ullfrid og Bjørnulv og. Men kroppane deira kravde sitt før dei sovna.

Bjørnulv vakna brått. Syntes han kjente ei hand på aksla som hadde rista han vaken. Orda til

Asgaut sto for han med det same han vakna: "Men det hindrar vel ikkje at ein kan halde eit lite

auge på ein ven." Gaute! Gaute som skulle stå vakt og som hadde drukke så mykje. Han stiltra seg

ut av koven og fekk på seg kleda. Ullfrid greip etter han i søvnen, men vakna ikkje.

Ute var det mørkt. Men det var eit mørke som fortalde at dagen og lyset ikkje var så overlag lagt

unna. Han hasta opp til Borg.

Oppe på brinken tenkte han seg om så vidt det var, om han skulle ta til venstre langs galgetreet,

eller ta den vanlege vegen dit han visste Gaute skulle vere. Tanken på stien langs galgetreet fekk

han til å hutre. Det var ein veg folk helst ikkje gjekk, særleg ikkje når det var mørkt, og særleg

ikkje i slike vettetider som i jula.

Men han måtte. Tida var knapp. Tore kunne vere har kva tid som helst, no.

Han hasta av garde i mørket, og snåva stadig i steinar og røter som stakk opp frå stien. Eit par

gonger heldt han på å deise overende, men han sakna ikkje farta. Greip i staden om skinnposen han

hadde fått av Koll og klemte han hardt i handa.

Dess nærmare han kom galgetreet, dess meir auka han farta. Ville forbi så raskt råd var. Det vart

ein hard smell då han klaska i hop med det som hang frå treet. Det svinga bort og kom tilbake.

Ei kald hand med fire fingrar drog over ansiktet hans.

Han greidde ikkje heilt å køyve skriket som tvang seg frå strupen. Han tok eit par raske steg

bakover, hekta foten fast i ei rot og deisa overende med bakhovudet mot ein stein.

Han trudde ikkje han hadde vore lenge borte då han ansa om seg igjen. Mørket var det same.

To gonger prøvde han å kare seg på føtene, før han greidde det. Då var kvalmen over han så han ga

hals.

Og no kunne det vere det same. Tore hadde vore her og funne den fingerhogde vaktmannen

sovande. Han som no dingla frå galgetreet.

Hang her fleire kan hende?

Han tok seg på tak og gjekk rundt treet. Det var berre den eine. Så var det kanskje likevel ei von.

Der Gaute skulle vere, var det ingen. Så var det som han hadde tenkt. Tore hadde vore her. Ølet

hadde sete for tungt i kroppen til Gaute. Han hadde sove då Tore kom. Men av ein eller annan

grunn hadde Tore ikkje hengt Gaute med det same. Det var kanskje berre dei fingerhogde som vart

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!