26.07.2013 Views

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

enno kven. Kanhende var det lagnaden. Og Odin får vere nøgd med det offeret han har fått i natt.

Men akt deg du, så du ikkje går i vegen for gudane altfor ofte. Det kan bli ulykka di.

Bjørnulv såg det glimta i eit auge under den neddregne hatten. Så glei mannen til sides og var

borte.

Inne i Fåne-stua glødde det på åren. Koll hadde tydelegvis vore vaken og lagt meir torv på.

Bjørnulv flådde av seg kleda og klatra inn i koven, smaug seg innåt den gode, varme kroppen til

Ullfrid. Ho snudde seg og med eine handa om lemmet hans. Det reiste seg lydig.

- Så kald du er, mumla ho.

- Så kald den er, den vesle fugleungen din og dei to egga dine.

Ho la seg over på rygg og fekk han oppå seg. Han prøvde å finne ein rytme, men ho greip han

hardt om hoftene og heldt han i ro.

- Ligg still, kviskra ho.

Ho heldt han hardt nedåt seg og rørte seg varleg, mest utan å røre seg, kring han. Like før han

gjekk under høyrde han ho kviskre:

- Du må vere var om deg sjøl så du ikkje forfrys deg og blir gagnlaus for Gyda.

- Gyda, pusta han inn mot halsen hennar etterpå.

- Jada, guten min, pusta ho tilbake, - du skal nok få Gyda når tida er der.

Morgonen etter fekk dei vite at ein av dei tre vaktmennene som var blitt fingerhogd hadde blota seg

sjøl til Odin om natta. Han hadde såra seg med eggodd og hadde hengt seg i det treet der han skulle

halde vakt.

Då Bjørnulv fortalde Ullfrid og Koll om mannen han hadde treft om natta, såg Ullfrid stort på han.

- Sa du at du såg at det glimta i eit auge under hattebremmen?

- Ja, det andre kunne eg ikkje sjå.

- Då trur eg nok at det var sjølvaste Odin du trefte der i natt, komen for å hente blotofra sine.

Dei drakk jul og folk samtala mykje seg imellom om at det hadde vore eit midtvintersblot av dei

uvanlege. Kva dette betydde, vart dei aldri einige om. Nokre trudde at det som hadde hendt, tyda

bra. Ville ikkje gudane la seg nøye med dette blotet, så nytta det visst lite kva ein så ofra dei.

Andre meinte at noko var i ulage, og at mykje vanskeleg sto for døra, no når denne Luva-ættlingen

sto i landet med ei ny tru.

Nokre svalla om at i retteleg gammal tid, då hendte det at hovdingen blota seg sjøl, når overlag

store trugsmål sto for døra. Til dette svara andre at hovdingen jo hadde vigd seg sjøl til Odin under

blotet. Så fekk vel Odin sjøl hente han når han meinte at tida var mogen. Og om hovdingen skulle

blote seg sjøl på rett, då vart heile Lofot og Vågar liggande der hovdinglaus, og det ville ingen vere

tente med, unntatt denne kongen sør i Trøndelag.

Dagen før folk etter gammal sed og skikk skulle drikke ut jula og fare heim, rauk han opp med eit

overhendig uver. Nordvesten flerra om hushjørna og heile verda var berre eit kvitt kov så det mest

ikkje var gåande husimellom på Borg. Å komme seg lengre vegar i slikt eit ver var ikkje til å tenke

på. Men det var aldri rekna snautt verken på mat eller drikke på Borg, og dei fleste hadde hatt raust

med seg då dei kom, så det sto ikkje på.

Tre fulle døgn rasa stormen. Så vart det med eitt dørgande stilt. Ein sa at det var som om einkvan

hadde slege stormen i hel med ein øksehammar.

Bjørnulv og Ullfrid sat nede i Fånestova saman med Koll då stormen kom på dei, mens Fåne sjøl

var på Borg. Både Bjørnulv og Ullfrid syntes dei hadde det bra nok der dei var, og såg ingen grunn

til å prøve å trasse seg mot veret opp til Borg. Dei trøytte tida godt med å høyre Koll fortelle om

denne Kristus og alle undergjerningane hans. Då han fortalde om korleis Kristus vart opphengt på

korset og hang der, vart Ullfrid fortenkt.

- Det er jo nesten som Odin då han hengte seg sjøl i treet og hang der i ni døgn for å kunne sjå det

som elles er skjult.

Men då vart Koll arg.

- Du må ikkje samanlikne Kristus med denne heidenguden Odin, som ikkje er noko anna enn ein

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!