26.07.2013 Views

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Bjørnulv fekk på seg kleda og småsprang oppover nabbane. Utan lov frå Asgaut kunne han ikkje gå

frå garden, endå om det var i sovetida hans. Tore var striks på det.

Asgaut sto så dørgande still og halla seg på spydet, at Bjørnulv nok hadde tatt han for ein seljekall

og sprunge forbi, om ikkje Asgaut hadde kalla lågt til han.

- Er det noko på ferde, Bjørnulv, ettersom du kjem springane hit no når du skulle sove?

- Det er ikkje anna på ferde enn at eg må opp til Ranveig og sjå etter at alt er som det skal med ho,

no når ikkje Gyda er der lenger og kan sjå om ho.

- Eg trur knappast du treng ottast for Ranveig. Var det ikkje så du sa at ho brukar kalle på deg når

ho treng deg?

- Jau, men enn om det no var derfor eg kom så brått i hug ho no.

Asgaut såg fortenkt ut.

- Du seier noko. Det var kan hende det. Jaja, gå berre du. Men ver snar. Du treng den kvila du

kan få.

Bjørnulv gjorde ikkje vegen lang ned til garden. Han fann seg eit par ski og hogg staven i snøen

for å gje seg fart. Då heldt han med det same på å renne overende ei gammal kjerring, inntulla i

klespjank av ymse slag. Han hekste arg til stakkaren.

- Du får sjå deg for kor du fer, menneske.

- Åja, eg får vel det, let det frå klestullen.

- Men korleis kunne no eg vite at sjølvaste Bjørnulv Steinbjørnsson hadde slike bråærend kring

husnova i dag.

Bjørnulv hadde ikkje meir tid å ofre på fattigkjerringa. Han hogg på ny staven i snøen og ga seg på

laup. Då var det eitt som om skia hans låste seg i snøen og ikkje ville vidare. Den røysta... Han

heiv seg rundt og for tilbake til ei kjent latterhikring inni klestullen.

- Om du var på veg til ein gamme oppi utmarka på Li, så trur eg du kan spare deg turen. Gå no og

få deg den søvnen du treng. Eg kjem til deg på vaktstaden din seinare. Då kan vi snakkast. Du

treng ikkje vere redd. Eg skal ikkje hindre deg i vakta di, og ingen vil få vite at eg er der.

- Det var vakkert av deg å tenke på meg, etter aka den plaga du har hatt med meg natterstider. Eg

var ikkje heilt klar over korleis det var fatt, var vel for veik etter det som hadde hendt i jula. Då eg

fekk bod, var det likevel eitkvart som dimma synet for meg, så eg ikkje kunne finne ut av det. Det

var som ei makt sto i vegen for meg. No trur eg at eg veit kva for ei makt det var.

- Har du snakka med Koll?

- Jada, eg har snakka med Koll. Han trudde det var best om eg fekk vite alt slik det var. Og han

meinte du ikkje hadde tatt nokon lovnad frå han om å teie. Du har nok forstått at Koll vil ha deg

over til denne Krist-guden sin. Der kan eg ikkje stø han. Ein meingud er han, denne Krist. Aldri

før har vel noko menneske høyrt gjete at det berre skulle finnest ein gud til i verda. Men eitt er eg

einig med Koll i: Det skal krefter til for å bli Odin si fulltrue. Du har krefter, Bjørnulv, eg ottast

ikkje for det, men vil du bruke kreftene dine til Odin sine gjerningar? Det spør eg meg sjøl om. Og

det spør eg deg om.

- Hadde eg berre visst, Ranveig. Eg veit så lite. Eg forstår ikkje korleis Odin kan vere høgste gud i

Åsgard, og likevel møte så mykje otte og vanvørdnad frå folket som tilbed han, når det røyner på.

Dei kallar han for svikargud og tviskapnad og hånar han for seidskapen hans. Ja, dei veit endå til å

fortelle at han i skapnad av kvinne har sett born til verda. Nei, Ranveig, eg trur ikkje eg kan gje trua

mi fullt og heilt til ein slik gud. Eg spør meg sjøl, etter det vesle eg har høyrt, kva skilnad er det på

Odin og Loke? Og ingen ville finne på å gje si fulltrue til Loke. Korfor då til Odin? Kva trur du

det er han vil med meg?

- Gudane i Åsgard er ikkje mine gudar, Bjørnulv, endå om eg held mykje av disene. Så, nei, eg veit

ikkje kva Odin vil deg. Kanhende samlar han folk til ein slags endestrid mot Kvitekrist. Og eg vil

tru at Odin har sett styrken i deg. Og på eit vis har han måtta gje tapt for styrken din.

- Kva meiner du med det?

- Har han vore i draumane dine etter at den andre mara kvarv?

- Nei, det...

Bjørnulv høyrtes forundra ut.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!