26.07.2013 Views

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Same rekkefølgja vart det i alle dei andre øvingane. Men når det gjaldt kven som kunne skyte

lengst, så var det berre siste pila til Bjørnulv som avgjorde. Ho hadde nådd mykje kortare enn dei

fire andre. Asgaut trudde det kunne vere noko galt med pila, og kravde omskyting, slik at Tore fekk

siste pila til Bjørnulv og omvendt. Dei to pilene nådde akkurat like langt, så Asgaut vart nøydd til å

døme Bjørnulv sist også denne gongen.

Men Bjørnulv høyrde ikkje at nokon kalla han Bjore etter den dagen.

Gyda! Namnet var som eit vårsøg i hugen hans. Gyda Skaftadotter på Li.

Han visste at ho aldri kunne bli anna enn eit søtt sår i hugen hans. På Li hadde det sete fribårne

odelsbønder i alle ættleder i manns minne. Så dotra på Li var esla til noko betre enn ein løysing frå

ein fjern fjord. At ætta til Bjørnulv ein gong hadde vore hovdingar, gjorde ikkje saka betre. Ei ætt

som hadde tedd seg slik at dei hadde fått gudane sin vilje imot seg, måtte det vere noko

grunnleggjande galt med.

Men det smilet ho hadde sendt han sist ho og foreldra gjesta på Borg, det vart nok ikkje lett å

glømme. Og ho hadde snakka til han.

- Eg høyrer det er du som tevlar i bogeskyting, hadde ho kviskra til han då ho strauk forbi saman

med dei to døtrene hans Tore.

Ingen kunne han snakke med om dette. Ikkje Gaute. Ikkje Asgaut. Og slett ikkje Bodvar. Dei

ville berre meine han trudde han var blitt noko stort etter at han tevla med Bodvar og Hjorten.

Så snart han hadde høve til det, strauk han opp i bakkane for å vere aleine og kjenne på desse nye,

rare kjenslene.

Ein dag hadde han lagt vegen oppover mot Bjørntuva. Det var ein av desse klåre og

gjennomsiktige haustdagane, omlag ei veke før vintertid. Frosten hadde enno ikkje vore på

gjesting, men han kjente det gufsa litt kaldvore ned frå Gullringhamran.

Bjørka hadde kledd seg i gult, men bar for det meste enno lauvet sitt. Dirringa i ospelauvet var det

slutt med for denne gongen. Som vanleg var ho den første til å kle av seg lauvprakten. Dei raude

rogneblada var blitt brunare dei siste dagane, og hadde og tatt til å falle. Berre ei og anna selje sto

enno trassig og grøn innimellom aka den gule og raude fargeprakten. Han fall i tankar om korfor

ikkje alt dette raude i naturen kunne brukast til farging av ty. Harmeleg at både raudt og blått

fargestoff som vara måtte kjøpast for så dyre pengar frå framande land at berre dei rikaste

stormennene hadde råd til slikt.

Då merka han at han ei tid hadde sete og sett på nettopp ei av dei fargene som berre storfolk kunne

ha. Det innslaget av blått som han hadde festa auga på, høyrde til i eit belte kring ein stakk. Inni

stakken var det ei kvinne eller ei jente som gjekk der å bøygde seg over tuvene. Stakken gjekk elles

så i eitt med fargene i naturen at det hadde vore vanskeleg å få auge på ho.

Nyfiken rusla han nedetter mot kvinnemennesket som gjekk der krumbøygd over tuvene.

Tyttebæra skulle vel alle ha fått i hus no.

Han såg på det lyse håret som flomma laust over akslene at det var ei ugift jente. Ho høyrde visst

stega hans i lyngen, og retta seg kvasst opp for å sjå kva det var som kom. Fortumla stoppa han.

- Gyda!

- Nei, er det du som fer slik og skremmer jenter i marka, lo ho.

- Ja, nei, det var no ikkje nettopp det... Eg meiner...

Han stotra og stamma og kjente at han vart raud. Forargeleg at han skulle bli så raud og ikkje finne

på noko å seie til den vakre jenta.

- Du undrar vel på kva eg fer her og grev etter i marka på denne tida?

Ho hadde såvisst ikkje vanskar med å finne orda.

- Ho mormor fann ut at ho hadde for lite tranebær til eit av dei mange remedia sine. Og så ba ho

meg om å gå opp i marka for å sjå om eg kunne finne nokre. Men det er visst blitt for seint. Du ser

eg har ikkje mykje å bere heim til ho.

Ho synte fram neverkoppen sin, og han såg at dei små, raude bæra så vidt dekte botnen.

- Tranebæra er ikkje lette å finne tidlegare på året heller, fekk han seg til å seie, og angra med det

same. Der røpa han trælen i seg igjen. Frie karar for ikkje i marka og leita bær. Trælgutar, derimot,

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!