26.07.2013 Views

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Den gamle lo ein kneggande latter

- Åja, ho der, ho har tala om for meg korleis du ser ut. Dessutan så liknar du såpass på far din at eg

nok skulle ha kjent deg igjen utan at nokon hadde prata om deg på førehand.

- Du kjenner far min?

- Skulle ikkje eg kjenne far din? Men kom no inn, før ølet blir kaldt. Eg likar ikkje å gjere noko til

fånyttes.

- Men korleis kunne du vite at vi kom, undra Bjørnulv då dei sat over ølbollen.

- Har ikkje Gyda fortalt deg at eg er ei trollkjerring, humra den gamle.

- Nei, er du det?

- Mange vil nok meine det. Og eg ser ingen grunn til at dei ikkje skal få halde fram med å meine

det. Men til deg kan eg vel fortelle at det var fuglane som fortalde at de var på veg.

- Fuglane?

- Ja, høyrde du dei ikkje? Rypa som skratta oppe i lia, kråka som skreik at her kjem det folk?

- Nei, eg...

- Nei, du var venteleg for opptatt av den vene jenta som gjekk ved sida av deg. Du har vel ikkje

vore i soveskinna hos ho enno?

Begge dei unge raudna og såg ned.

- Nei, det har du ikkje. Eg ser det på auga dine. Gutane ser på ei jente på ulikt vis før og etter

første gongen i soveskinna. Du har før-blikket i auga dine.

- Ser ikkje jenta på guten på anna vis før og etter?

Gyda var nesten arg i stemmen.

- Å jauda, det gjer dei visst. Men det er lettare å sjå det på gutane. Jentene lærer seg meir til å

skjule blikket sitt. Men eg kan sjå at de begge har lyst på kvarandre. Likevel trur eg det er best å

vente eit bel. No må du gå, Gyda, dei tar til å vente på deg heime. Og eg skal prate litt aleine med

unge Bjørnulv.

Etter at Gyda var gått, slo Ranveig meir øl i bollen og baud han drikke. Så stulla ho lenge med

eitkvart borte ved elden. Ho læst ikkje sjå på Bjørnulv. Likevel syntes han at han kjende auga

hennar på seg heile tida.

- Du går inn i den sekstande vinteren din. Jamgammal med Gyda, murra den gamle omsider.

- Ja.

- Du trong ikkje svare. Eg spurte ikkje.

- Nei, dåså.

- Eg skulle like å vite om det er like bra to i deg som det var i farfar din, den gamle Bjørnulv.

- Det veit eg ikkje. Eg har aldri kjent han.

Ho læst ikkje høyre. Heldt berre fram med å prate.

- Eg kjenner meg nokså trygg på at det er du som skal ha Gyda. Og så var det best om Skafte på Li

ga ja-ordet sitt til det. Det blir så vanskeleg om du må ta ho mot ætta sin vilje. Men han gjev nok

ja-ordet sitt, han Skafte, om han lever så lenge, og om det er Tore som spør for deg. Du skal ikkje

søke ho i soveskinna før du får ho. Ho er ei stormannsdotter, veit du.

- Ja, eg veit det. Og eg har aldri...

Blir det hardt for deg, og det blir det nok, så finst det vel både lausfriller og trælkvinner på Borg.

Mannfolka har det lett, slik. Dei kan berre ta seg til rette blant småkårskvinnfolka. Ikkje det at trur

du vil trenge ta deg så mykje til rette. Dei vil nok vere villige nok, tausene. Ikkje er du uven å sjå

på. Brei om bringa kjem du til å bli, høgvaksen og smal om lend. Dei liker slike karar, småtausene.

Det gjer forresten vaksnare kvinnfolk og. I alle fall dei som ikkje har lært seg til å sjå kva som

gjømmer seg bak yttersida på karfolka. Og om du ætter på farfaren din, og det trur eg du gjer, så er

du slett ikkje blant dei verste, på innsida heller.

Bjørnulv sat der og visste med seg sjøl at det for aka tid ville vere uråd for han, løysingen, å få

dotter til bonden på Li. Sat der å visste at det berre var tullprat at sjølvaste Hjorten på Borg nokon

gong skulle be om dotter til bonden på Li til ein løysing i hirden sin, uakta kor bra ein bogeskyttar

han skulle komme til å bli.

Likevel var det noko ved den gamle, noko ved orda hennar som gjorde at han ikkje kom seg til å

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!