26.07.2013 Views

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

- Ja, han ville vel ikkje ha våga anna, bonden på Li, om eg hadde villa. Men det skal du vite, at

han er ein innful fyr, Skafte på Li. Han greidde snart å vende Tyra, dotter mi, imot meg. Ho torde

vel ikkje anna. Ho vart ikkje mindre dengt, ho enn eg hadde vorte. Og kvar gong eg trassa Skafte,

gjekk det ut over ho. Men ho ville ikkje at eg skulle sende gann mot han. Så etter ei tid kjente han

seg rimeleg trygg. Ein dag kom han til meg og sa at om eg flytta hit opp i marka, så skulle han

denge Tyra mindre. Eg trur han har halde den lovnaden. Og etter kvart har eg kome til å trivast her.

Her kan eg uforstyrra ta imot småfolk som treng råd for einkvan sjukdomen eller andre plager. Det

hender at det kjem folk av høgare byrd og. Dei hadde neppe likt å oppsøke meg i tunet til Skafte.

- Jamen, korleis..?

- Nei, no må du gå. Det er mørkt, men det kjem ikkje til å hende deg noko. Kom tilbake når du

har høve og kjenner at det er rett. Då kan det vel hende du møter Gyda, eller i alle fall får sjå ho.

Året sleit seg fram mot midtvintersblot. Det var som om vinteren ikkje greidde å feste grepet om

landet. Det hende at det snødde såpass at lendet vart kvitt, men straks snudde veret seg og hølja

snøen vekk med sterke stormnevar frå sørvest. Mørket låg som ein våt skinnfell over landet. Folk

sturte og vart ilskne.

Likare vart det ikkje etter at Tore Hjort sjøl sigla aust i Vågar til garden sin der, for å sjå etter at alt

gjekk som det skulle med førebuinga til midtvintersblotet. Til sist måtte Asgaut lyse ut at den som

først greip til våpen ville bli hengt på galgebakken, og den som først tok til knyttnevane ville bli

slengt bunden i ei utløe i to døgn. Ingen var i tvil om at Asgaut ville stå ved det han sa, så det roa

seg etter det.

Det vart betre etter at Kalv Kvite ba seg fri frå tenesta hos Tore Hjort og flytta over i garden til

Skafte på Li.

Blant mennene vart det snakka ein del om denne flyttinga til Kalv, og om korfor Tore hadde vore så

villig til å la han gå. Ein slik sverdkjempar var det underleg at Tore ikkje gjorde meir for å halde på,

var det nokre som meinte. Andre sa seg glade for at Kalv var flytta til Li, og dei trudde nok at Tore

i grunnen og var glad for det.

- Rett nok er han god med sverdet, Kalv, var det ein som sa.

- Men Tore har kan hende sett korleis Kalv såg på døtrene hans. Og berre nornene må vite kva ein

mann som Kalv er villig til å gjere for å få det han trår etter.

- Ja, flein ein annan, - Kalv skrytte av at Skafte hadde lova han at han kunne bruke kjerringa til

Skafte det han ville, om han berre flytta til Li. Men det trur eg nok at etter ei tid så blir nok ikkje

mora til gagns. Då er det nok dottera på garden, den lyse og fagre Gyda som må til pers.

Då greidde ikkje Bjørnulv sitte der lenger. Han var ute av døra før han visste av seg, og hadde gått

eit godt stykke før han merka at han var på veg til Ranveig. Han stoppa litt opp og kjente etter. Var

det rett av han å gå til Ranveig i dag? Han kjente seg ikkje sikker på at han var bodsendt. Han

kjente det heller ikkje som om han ikkje var ønska. Men han visste at han måtte snakke med

Ranveig. Ho som kunne så mykje måtte då kunne gjere noko slik at Gyda ikkje fall i Kalv Kvite

sine klør.

Då han kom fram til den vesle stova til Ranveig drøyde han litt. Det var noko som butta imot,

kjente han. Han skaut seg attom ei diger rogn, og skotta bort mot døra. Dei nakne greinene på

rogna tok ikkje mykje av for regnet som sila og draup, draup og sila. Einskilde bær hang enno på

nokre av greinene. Dei var svarte mot det svinnande lyset.

Døra i Ranveigstova gjekk opp. Ein svær mannsskapning krøkte seg ut. Bjørnulv klemte seg

nærare inntil rogna. Dette var noko han ikkje skulle ha sett. Men han kunne likevel ikkje la vere.

Den høge og breie mannen såg seg fort ikring før han skynda seg bortetter stigen. Bjørnulv såg

ikkje beint på han. Visste at det fanst folk som kunne merke det om nokon såg beint på dei.

Likevel var det uråd å ikkje kjenne igjen mannen då han for framom rogna. Bjørnulv kjente ein

sting i bringa med det same. Bodvar! Kva kunne vel han ha for ærend hos Ranveig?

Enno ei god tid sto Bjørnulv kurande still. Det var nok best han ga Bodvar eit godt forsprang, før

han sjøl tok til å vandre heimvegen mot Borg.

Då gjekk døra opp igjen, og Ranveig sto der i det bleike lyset frå stueelden.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!