26.07.2013 Views

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

Grågud og kvitekrist av Jahn-Arill Skogholt - Eit stykkje av verda

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

hamrar på døra og vil inn? Eg skal, ved alle gudar, skjære stasen din av deg og bruke den til agn på

juksa om du ikkje opnar døra og slepp meg inn. Og nåde deg, ditt misfoster av ein seljekall, om det

ikkje er eld på åren og varmt når eg kjem inn.

Ullfrid sette i ein skrallande latter.

- Berre lat opp døra du, Fåne. Det er ingen grunn til å tru at ho ikkje er open.

Dei høyrde fingrar som krafsa oppetter døra. Fingrane fann til slutt det dei leita etter og døra opna

seg. Inn kom ein skapning i ei diger skinnkufte. Han stengte døra etter seg og glåmte på dei to på

pallen.

- Velkomen til gards, frende, skratta Ullfrid.

- Kva er det som har jaga deg frå blotgildet så brått? Kom no, så skal du få deg ein sup øl. Det er

eit gildt øl du har. Kven er det du har stole korn frå i år?

Gubben myste mot dei to på pallen.

- Nå-h, er det deg, Ullfrid? Kven er kvitreven som sit attmed deg? Det kan no vel aldri vere Koll?

Så lågt har du vel ikkje sokke enno?

- Nei, let ein stemme frå dørgløtten.

Skapningen som åtte stemmen smatt inn og drog døra i etter seg.

- Du og eg, herre, vi får visst vente før vi får ungmøyer i berre serken attmed oss på pallen.

Han i skinnkufta snurra rundt og langa ut ein neve etter den som nyss var komen inn. Han på si

side smatt unna som ein oter.

- Ro deg no, herre. Korfor er du så arg? Er her ikkje eld på åren og øl på bordet. Kva betre kunne

du vente når du kjem heim på ei så ukristeleg tid?

- Du og dette kristpreiket ditt, murra den første.

- Ølet som står på bordet er visst ikkje tenkt for meg. Gjestane våre får ha ølet sitt i fred. Hent ein

dugeleg bolle, så blir noko åt andre og. Om du ikkje har drukke opp det som er, mens eg har vore

borte.

Han ved døra smatt ut og vart borte.

Den skinnkledde kom bort til bordet der Ullfrid og Bjørnulv sat. Han såg på dei med blå og

vassne, men kvasse auga.

- Jaså, så du fann deg ein du lika denne gongen og? Men denne ser knapt ut til å vere vaksen nok

til å gjere teneste i koven.

Han bøygde seg nærare Bjørnulv, såg granskande på han og brast i latter.

- Åja, no ser eg kven det er. Jaja, var han kar nok til å felle Geirmund Kåte, så var han vel kar nok

til å felle deg og, vil eg tru. Men kor blir det av denne jotunsonen som skulle hente øl til oss?

- Eg er her, herre, let det frå bortmed døra.

- Eg skal berre sette frå meg ølbollen, så skal eg hjelpe deg av med skinnkufta.

Fåne venta til den andre kom og drog av han den tunge skinnkufta. Så sette han seg på benken og

greip etter bollen. Så kom han i andre tankar og såg mot Koll.

- Denne bollen er for stor til å drikke av, din saupskolt. Har du ikkje med eit horn til meg så skal eg

teve ryggstykka dine til du skrik til denne kristusen din.

Koll svara ikkje, rakte berre eit drikkehorn fram til herren sin.

Fåne fylte hornet, drakk djupt og rapa. Så såg han bortpå Koll som framleis sto der.

- Kva står du der og kopar etter, din gudesvikar? Har du ikkje eit horn til?

Koll viste fram det hornet han sto og heldt på.

- Ja, kva står du der for, din tulling? Du er vel like øltørst som eg, kjenner eg deg rett. Sett deg på

pallen, fyll hornet ditt og drikk.

Koll let seg ikkje be to gonger. Han hiva seg ned på pallen, demla hornet sitt i ølbollen og drakk.

Fåne sat der og smatta litt. Løfta på hornet. Såg på det. Sette det frå seg. Løfta det igjen.

- Jaja, grynta han, - la oss no drikke for eitkvart. La oss drikke for godt år og disene sin miskunn

over hovdingen oppå haugen. Han kan trenge det, der han sit med berre to døtre og ei ilsk kjerring.

Han løfta hornet og drakk. Dei andre følgde han.

- Jaja, Ullfrid, hikra Fåne etter ei tid.

- Her sit du i berre serken saman med tre karar, den eine i berre skjorta. Er du ikkje redd for at vi

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!