29.04.2014 Views

RAPPOR T Evaluering av NVE sitt snøstasjonsnettverk

RAPPOR T Evaluering av NVE sitt snøstasjonsnettverk

RAPPOR T Evaluering av NVE sitt snøstasjonsnettverk

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Sekundærkontroll

I sekundærkontrollen vert data overført frå transaksjonstabellen HYDAGT til HYDAG. Data som ligg

på HYDAGT er døgngenererte HYKVAL data. Døgnmidlinga vert gjort frå kl 00- kl 00.

Under datakontrollen av døgndata skal eventuelle feil i primærkontrollen fangast opp. Alle data skal

vera korrigert for manglande nullstilling og drift gjennom vinteren. Det er ikkje alltid ein klarar å

fanga opp dette i primærkontrollen og per i dag er det ikkje råd å henta opp ferdig primærkontrollerte

data på nytt for å gjennomføra ny kontroll.

Sommarverdien skal vera null i den perioden av året då ein veit at det ikkje har vore snø på puta. Her

er det viktig med informasjon frå observatørar og felthydrologar. Alle data på HYDAG skal vera

korrigert for manglande nullstilling og drift i sommarverdiar pga temperaturvariasjonar.

Korrigering av snøbruer:

Døgndata skal vera representative for eit større område enn sjølve puta, og skal gje eit korrekt mål på

kor mykje snø som ligg på puta. Ved mykje is/skarelag vil trykket på puta ikkje verta rett i forhold til

kor mykje snø som faktisk finst. Dette betyr at det er behov for å gjera ei vurdering av om data er

sterkt påverka av lagdelinga i snøpakka. Snøputedata er berre korrigert for is- og skarelag dersom me

er sikre på at dette har førekome ut frå direkte observasjonar i felt (observatør som melder om mange

skarelag i snøpakka eller oppgraving av puta). Me antek at problemet med på/avlastning pga lagdeling

i snøpakka vil minske når snøputestorleiken er auka frå 3,14 m 2 for NVE1997-pute til 6,25 m 2 for

snøpute av NVE2010-modell.

Data som ein antek er veldig forstyrra av lagdelinga i snøpakka med snø og isbruer, skal ikkje

overførast til hydag.

For å identifisera hendingar med trykkav-/ pålasting på snøputa er det nødvendig med gode

kontrollmålingar i kombinasjon med klimadata. Dette er nærare diskutert i kapittel 4 Vurdering av

klimatiske faktorar. Enkelte snøputer har vorte grave fram for å vurdera kva som skjer i snøpakka

(Appendiks J Snøputerapport - oppgraving vinter2009, Appendiks K Stasjonsbefaring Bakko 2010,

Appendiks L Stasjonsbefaring Grytå 2009 ). Dette har vore eit veldig nyttig arbeid som vil hjelpa oss

med å identifisera slike spesielle hendingar i ettertid også.

7.1.3 Vidare arbeid med datakontroll

I 2009 fekk NVE ny programvare for datakontroll av timesdata, HYKON. Dette har gjort det mykje

lettare å utføra kvalitetskontroll på snøputedata. Tidlegare har feil i sommarverdiar og drift i data kun

vorte korrigert på databasen HYDAG. Dette er årsaka til at data der primærkontrollen er gjennomført

etter 2009 er korrigert for t.d manglande nullstilling i sommarhalvåret på databasen HYKVAL. På data

der primærkontrollen er utført tidlegare, finn ein mange døme på at data ikkje er justert for dette. Når

det vert tilgjengeleg kontrollprogramvare med moglegheit for å rekontrollera findata bør heile

HYKVAL for snødata gjennomgåast på nytt.

Data som ligg på HYDAG i dag er ikkje komplette. Dette er for mange brukarar ikkje spesielt gunstig.

Når ein får etablert betre modellar for snødata, er det ynskjeleg å komplimentera desse dataene slik at

dei vert fullstendige. Det fins per i dag berre modellerte data for enkelte år for enkelte snøputer og

kvaliteten på modellane varierar. Det er eit sterkt ønskje å få modellerte data for snøens

vannekvivalent i sanntid og for år der det manglar data frå snøputa i hydag.

95

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!