Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

COOP OG UKM

Coop er UKM sin hovudsamarbeidspartnar og den einaste på

nasjonalt plan.

Kvart år deler Coop ut tre ulike stipend på dei 19 fylkesmønstringane

og landsmønstringa i kategoriane "Ferskt og frodig",

"Rått og godt" og "Sprekt og spicy". Målet er at stipenda skal

hjelpa UKM’arar til å satsa vidare.

Les meir på www.coop.no/omtanke

Under landsmønstringa i Trondheim 2007 hausta Erlend Bratland ståande

applaus under kyrkjekonserten i Ila kirke. Seinare vann han TV2s "Norske

Talenter" og er i dag ein etablert ung songar.

The Blacksheeps: – Hadde

det ikkje vore for UKM, så

er det ikkje sikkert vi hadde

meldt oss på MGP junior.

Ephemera er nokre fleire av dei mange kjente namna, som har

nytta godt av erfaringane som UKM-scena har gitt.

COOP OG UKM

UKM er delt inn i tre nivå; kommunemønstring, fylkesmønstring

og landsmønstring. Alle som melder seg på til kommunemønstringa

mellom 10 og 13 år får vera med. Herifrå blir

det plukka ut nokre deltakarar som representerer kommunen

i fylkesmønstringa, her er den nedre aldersgrensa 13 år. Frå

fylkesmønstringa blir det sendt cirka 25 deltakarar til landsmønstringa

som finn stad i Trondheim. Det seier seg sjølv at

UKM er eit omfattande og kostbart tiltak.

– UKM er jo eit offentleg støtta kulturtiltak. Vi ønskjer heller

ikkje at mønstringane skal bli farga av næringsinteresser eller

at ungdomen skal føla seg pressa til å bruka spesielle produkt.

Samstundes så vil me jo at deltakarane skal få så gode arrangement

som muleg og tilgang på bra utstyr. Dette kan næringslivssponsorar

hjelpa oss med, seier Siegel og forklarer kvifor Coop

er ein så godt eigna samarbeidspartnar for UKM.

– Coop tek samfunnsansvaret på alvor. Dei trur på mangfald og

satsar på framtida. Vi har svært samanfallande verdiar, seier han.

Vegard Hansen, sponsorsjef i Coop, supplerer:

– Breidde, mangfald og omtanke er sentralt for Coops sponsorverksemd,

og UKM representerer dette på ein fantastisk

måte. Vi ønskjer å støtta lokalmiljøa og vera ein samfunnsbyggjar.

Kunst og kultur kan vera både samlande og samfunnsbyggjande,

og Coop ønskjer å støtta lokalmiljøa ved å dyrka fram

unge, kreative talent, seier han. ■

HVA ER UNGDOMMENS

KULTURMØNSTRING

• Eit kulturtiltak der born og unge i heile Noreg kan visa fram

det dei driv med og treffa likesinna. I fjor deltok meir enn

25 000 ungdomar mellom 10 og 19 år.

• Alle er velkomne, anten dei samplar på beats & loops, dansar

halling, skjærer store treskulpturar med motorsag, spelar

klassisk piano eller lagar 3-D animasjonar på PC.

• UKM er delt inn i tre nivå; kommunemønstring, fylkesmønstring

og landsmønstring. Alle som melder seg på til

kommunemønstringa får vera med. Herifrå blir det plukka

ut deltakarar som representerer kommunen i fylkesmønstringa.

Frå fylkesmønstringa blir det sendt cirka 25

deltakarar til landsmønstringa.

• UKM er ingen konkurranse. Juryane si utveljing skjer på

grunnlag av originalitet, kreativitet, publikumskontakt og

kvalitet. Premien for dei som går vidare er å få stå på ein endå

større scene, og treffa andre ungdommar frå andre stadar.

• Landsmønstringa 2009 er i Trondheim 20. til 22. juni!

• For meir info: www.ukm.no

44 COOP